Toramjølk

separator

Separator – på museum

ODD MIDTLIN: Eg har lyst til å dvele litt ved ordet toramjølk, som har gått av bruk, og dei unge i dag veit neppe kva det tyder. Det er knytt til separatoren, ein forholdsvis enkel maskin som skilde ut fløyten frå kumjølk. Separatoren heime hadde eit rundt stålkar på toppen, som mjølka vart fylt opp i. Under dette karet var det to røyr, og enda litt lenger nede ei sveiv. Når ein tok til å sveive, kom det etter litt fløyte ut av eine røyret og toramjølk ut frå det andre. Som gutunge hugsar eg at eg var med mor og drog separatoren på setra. Ho var nøye på at eg sveivde i passe fart, slik at fløyten vart passe tjukk. Heldigvis var det ei bjølle som varsla om det. Separatoren utnytta ei enkel naturlov – sentrifugalkrafta. Så var det forklaringa på ordet toramjølk. Der eg voks opp, i baksida på Harpefoss, forkorta vi ordet separator til toré/torinn – altså siste lekken av ordet. Såleis oppsto naturlegvis ordet toramjølk. det vi i dag kallar skummamjølk.

Eg hugsar med glede den jamne duringa frå «tora». Det følgde slik ro og fred med denne lyden og mykje god mat.

Eg veit ikkje kor utbreidd ordet toramjølk var, men eg skulle tru at det var vanleg i Midt-Gudbrandsdalen, men kanskje også i store delar av dalføret. Separatoren var i vanleg bruk iallfall så seint som i 1950-åra, særleg på setra før mjølkebilen kom og henta mjølka. Av fløyten kunne det bli både rømme, graut og vaflar, smør og raudost. Toramjølk vart blant anna brukt til å laga pultost eller kno-ost av. Eg minnest med glede pultosten mor mi laga – mild, god og smørevillig. På heimbaka lefse eller hardbrød var det festmat.

Frå Fronsbygdin 2012

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s