Monthly Archives: mars 2014

NM på ski

Nr. 17NM på ski på Gålå er nettopp avslutta. Deltakarane og arrangøren pustar ut. (Bilde: Pål Kristiansen/Vegar Skar)

Nr. 53Marit Bjørgen og Therese Johaug fekk ikkje noko gratis i dag. (Foto: Odd Tarud/Vegar Skar) Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Idrett

Har du idear? 10 000 kr i premiar.

videohoppFron historielag innbyr til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 min, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på innhald, originalitet og teknisk kvalitet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

NSB har skulda

Tankelaust av NSB

CARL HENRIK GRØNDAHL: I drøftinga om ny trasé for E6 er det tenkt konsekvensar. Ein kan lure på kva dei tenkte da jernbanen kom til Fron i 1896. Det vart vekst. Ja. Men i ettertid kan ein nok seie at NSB ikkje handla klokt. Dei gjorde det vanskeleg å utvikle tettstadane Hundorp og Vinstra. No slit frøningane med vedtak fatta for meir enn 120 år sidan.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Kommunikasjon, Verksemder

Ruste e» gamledågå 3

OLE  CHR. RISDAL: Tredje og siste delen av Ruste e» gamledågå.  Her er første del  og andre del.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk, Verksemder

Meheinkjehågån og Smikop

Mange av dei i Meheinkjehågån

Mange av dei i Meheinkjehågån

PER ÅSMUNDSTAD: Namna Meheinkjehågån og Smikopp, ofte skrivi Smikop, finst truleg berre i Kvikne. Å smikke opp ei stugu skal vera opphavet til Smikop, og meheinkje er eit anna namn på mygg. Kva med den longe nedlagde plassen Bendas under Åsmundstad? Det blir sagt at det var ein norddøl som fekk rydda seg ein heim der. Det var mykje strev med steinbrot, så folk spurde norddølen korleis han kunne finne på å slå seg ned på eit såpass travaleg stelle. Det var da han svara: «Nogo må ein bendast med.» Uttrykket var såpass fremmendt at det feste seg som plassnamn.  (Henta frå Fronsbygdin 2004)

2 kommentarar

Filed under Kunst og handverk, Språk

Folkesymfonisk fest på Rudi gard

Kvartskork

Øystein Rudi med harpe og KORK

Historisk da folkemusikkgruppa Kvarts inviterte KORK til ein folkesymfonisk fest i konsertlåven på Rudi gard sommaren 2010. Konserten vart send på NRK2 laurdag  22. mars 2014. Du kan sjå og høyre han her. Solistar: Sondre Bratland, Linn Andrea Fuglseth, Birger Mistereggen Dirigent: Hans Ek.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Ruste é gamledågå 2

OLE CHR. RISDAL: Her er andre delen av filmen Ruste é gamledågå.  Første delen finn du her.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk, Verksemder

Calle Jularbo på Vinstra

Mange år seinare: Harald Rudi og bassen saman med Fron trekkspillklubb

HARALD RUDI: Dersom minnet er rett, var det i 1952 at den svenske gamaldanskongen Calle Jularbo turnerte i Gudbrandsdalen fyrste gongen. Som rimeleg var stoppa kvartetten for å underhalde på Vinstra. Dette var heller sjeldan kost den gongen, og det vart fortalt at det kom folk heilt frå Skjåk uvisst om dei fekk billett eller ikkje. Bakaren på Vinstra kommenterte dette med følgjande replikk: «Jau, frå Skjåk kom tu på sykkel, og tu på måfå.» Fortel noko om tida, det! Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Ruste é gamledågå 1

OLE CHR. RISDAL: I 1985 hadde elevane på Ruste skole eit spennande prosjekt. Dei var svært interessert i å få vete meir om gamle tradisjonar, og fekk tak i folk som kunne vise fram kultur, tradisjonar og handverk. Dei kalla prosjektet «Ruste é gamledågå» og sørga for at det vart filma. Det viste seg at Birgit og Reidar Haugen i Ruste hadde filmen, og eg fekk ein kopi av den. Historielaget sender hermed ein stor takk til desse! Her er det sikkert mange som kjenner att både seg sjølv og andre. På filmen er det berre sett namn på instruktørane. Filmen er på halvannan time og måtte delast opp i tre delar. Dette er del 1.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Verksemder

Gåmålt frå Qvam

gammaltÅrets første «Gåmålt» er komme frå trykkeriet, melder Kvam Historiske Forening. Mellom anna med ein artikkel om da Bjørnstjerne Bjørnson kom til folkehøgskulen. Får du ikkje bladet, stikk innom Abaris, så skal det bli ei råd, seier Facebook-sida til foreninga.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon