Monthly Archives: februar 2014

Folk har vorte dømd for utukt i Vågå før òg

Ragnvald Skrede

I 1936 vart Ragnvald Skrede dømd til tre års fengsel for utukt mot tre mindreårige jenter i Vågå. Han var lærar. Biografane til Skrede, Otto Hageberg og Egil Ulateig, meiner at dette var justismord. I boka Korsfestelsen. Historien om Ragnvald Skrede og Vågå (2003) fortel Egil Ulateig ein krønike om ein tragisk familie. Ragnvald Skrede vart seinare ein av våre fremste lyrikarar og kritikarar. Egil Ulateig har dramatisert rettssaka mot han. Denne dramatiseringa ligg nå her på heimesida. Det er sterk kost.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Litteratur, Menn

Gratulerer, Kjetil!

telegram1

Liv Skurdal: «Har to innbundne bøker med slike i anledning bryllup for over femti år siden.» Ja, ikkje sant? Kanskje meir stas å vise fram innbudne bøker med slike til etterslekta enn ein mobiltelefon full av sms etter bronse i utfor i OL? (Bilde: Magnhild Ringstad/Vegar Skar)

Kommenter innlegget

Filed under Idrett, Kommunikasjon, Kunst og handverk

Gratulerer!

 

Nr. 164 TelegramTil Bjørgen og Bjørndalen. Litt meir stil over SMS’ane den gongen…

Kommenter innlegget

Filed under Idrett, Kunst og handverk

-Sjeldent høy temperatur om klufta

GD1«Temperaturen på Fron Historielags hjemmeside har vært sjeldent høy den siste tida. Årsaken er bruk av ønskekvist, også kalt kluft», skriver journalist Inger Stokland i GD 25. januar. Journalister har som kjent nese for konflikt. Vi la ut en artikkel av Eivind Holen fra Fronsbygdin 2005 om klufta. Jan Hovden kommenterte at klufta er humbug. En meningsutveksling fulgte. Den er her. Så gikk diskusjonen videre i spaltene i GD, som og har lagt ut en video: Les meir

2 kommentarar

Filed under Folketru

Han hjelpte Peer finne frøningen i seg

GunnarjenshusRASMUS STAURI: Gunnar Jenshus hjelpte Peer Gynt til å finne att frøningen i seg. Utan dette nybrottsarbeidet er det nok meir tvilsamt om vårt nasjonaldrama fekk kle seg i bygdemålet under Peer Gynt-stemnet. Fronsmålet og folkeleg språkbruk fekk prestisje. Gunnar Jenshus gav det form og viste veg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Språk

Språk-dugnad

målføredugnad

Keinn vera både luggumt og tyle` å ha det løle. Sårpeskålv.  Du fe itte hælle på så’u oheppe é på hålkun! Nå er det målføredugnad på Facebook-sida til Fron Mållag. Abrakkslè! Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Språk

Aldri ser du fagrar´ stelle

DalenEin dag gøymd i fortids skodde
våre ættefedrar nådde
denne vakre grend og dal

Det er skrive mange bygdesongar i kjærleik til bygder og grender i Nord- og Sør-Fron. Somme av dei er velkjende og blir brukte ein heil del, medan andre lever mellom bokpermane eller i folks minnne – meir eller mindre levande. Pål Kluften (1888-1942) skreiv fleire songar til Fron. Redaksjonen i Fronsbygdin og historiebloggen synest det vil vera ei oppgåve å få denne lokale poesien fram frå gløymsla, og ber lesarane finne fram slike songar/dikt som priser lokalsamfunna våre. Vi tek til med eit dikt som truleg er mindre kjent.  Gunnar Jenshus voks opp på Harpefoss, men han levde det vaksne livet sitt utanfor bygda. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Skåbu bygdahus 60 år!

salen

Skåbu bygdahus blir brukt i mange samanhengar. Her frå eit møte med Oppland fylkeskommune og Statens vegvesen i 2013 vedrørande utbetringa av Skåbuvegen. På veggane kan ein sjå måleri av alle gardane i Skåbu, ei fantastisk gåve til bygdahuset frå Sigmund Hernæs. Foto: Oppland fylkeskommune.

OLE CHR. RISDAL: I år er det 60 år sidan Skåbu fekk nytt bygdahus. Under bretten kan du vera med på opningsfesten. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Vendalen

Vendalen

Først i august var det slåttetid på setrane. Folk reiste til kvea, og da kunne det bli mykje liv og røre før dei fekk høyet i hus. I låvane vart høyet liggjande for å bli køyrt heim på vinterføre. Høyet frå setra gjorde at dei kunne nytta meir av jordvegen heime til korndyrking.

BJARNE JETLUND: Vendalen er ei setergrend ca. 15 km frå Hundorp langs vegen mot Fagerhøi. Desse spreidde tankane frå Vendalen viser ein seterstul full av kulturminne. Desse er det viktig å ta vare på i den omforminga som nå breier seg innover fjellviddene. Les meir

Éin kommentar

Filed under Jordbruk, Setring