Draumar for Norge

drommerEin sein kveld i året 2214 sit ei ung jente med undrande store auge og ser og høyrer på deg gjennom århundra. Brått skjønar ho at livet er ei gåte – og at vi alle har  sunge og sørga, dansa og drøymt ein gong.  Nå kan du gjere noko for tipp-tipp-oldebarna dine og historikarar som ennå ikkje er fødde. Stikk innom biblioteket og fortel inn i eit kamera kva du trur om framtida, kva du drøymer om, korleis du trur verda kjem til å sjå ut. I prosjektet Draumar for Norge inviterer NRK heile folket til å dele framtidstankane sine. Dei blir samla i ein tidskapsel dei neste tusen åra i Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana.  Prosjektet treng òg vaksne folk, som har levd og sett og veit noko om livet og verda. Ikkje sant – det hadde vore stas å sjå og høyre tipp-tipp-oldeforeldra dine fortelje om kva dei trudde om framtida i Fron og resten av verda.

Draumar for Norge er ein del av NRK- satsinga på grunnlovsjubileet. Frå 17. februar kan du få god hjelp på biblioteka i Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu  – eller andre av dei 11 folkebiblioteka i Oppland – til å fortelje din draumar og tankar inn på mobil eller nettbrett – eller i webkamera på ein pc i biblioteket. Så går dei til NRK og vidare til Nasjonalbiblioteket.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s