Han hjelpte Peer finne frøningen i seg

GunnarjenshusRASMUS STAURI: Gunnar Jenshus hjelpte Peer Gynt til å finne att frøningen i seg. Utan dette nybrottsarbeidet er det nok meir tvilsamt om vårt nasjonaldrama fekk kle seg i bygdemålet under Peer Gynt-stemnet. Fronsmålet og folkeleg språkbruk fekk prestisje. Gunnar Jenshus gav det form og viste veg.

Språkinteresserte frøningar og dølar kjenner bygdsmålsboka Fronsmålet (1985) – som gjer greie for målføret i Fronsbygdene, slik den eldre generasjonen i dag bruker det. Gunnar Jenshus skreiv denne framifrå boka.  Oppdraget kom frå Fron historielag i 1979. Gunnar Jenshus skriv karakteristisk i forordet:

Eg hadde vore borte frå Fron i over 50 år, og jamvel om eg hadde besøkt bygda mest kvart år, og alltid tala heimemål med bygdefolk, hadde eg nok gløymt mye. Dessutan hadde bygdemålet forandra seg monaleg på så lang tid. (…) Eg vonar at ei bok som dette vil styrkje kjærleiken og vørdnaden for bygdemålet.

Kven var han? Gunnar Jenshus vart fødd 27. februar 1905 på Harpefoss og var frøning og døl meir enn dei fleste, sjølv om han ikkje kom til å slå seg ned i Gudbrandsdalen, men på Eiksmarka i Bærum. Han skreiv ein kjærleikssong til Fron. Frå tidlege barneår synte han gode evner, og tronge materielle opppvekstår fekk ikkje stengje for kunnskaps- og utferdslyst. Interessene til Gunnar Jenshus gjekk mot språk, skule og folkeleg opplysningsarbeid. Han likte å lære og gi kunnskap til andre. Derfor vart han lærar, redaktør, skribent.

Med beste karakter frå underoffisersskulen gjekk undanningsvegen hans til latinartium som privatist og vidare til lærarskulen. Han dreiv lærargjerning i Skjåk frå 1929 og utetter dei fyrste åra, men fekk så lærarposter rundt om og kom sist til Oslo, der han vart overlærar ved Grünerløkka skole fram til 1960. Frå 1948 kombinerte han skulearbeid med redaktørstillinga i Norsk Skoleblad. I åra 1960-1972 var har redaktør på heiltid.

Den opne, folkepedagogiske haldninga var eit særmerke ved han. Mange gudbrandsdølar fekk au innsyn, språkkunnskap og vett av å lesa språkspaltene hans i G/LT på 1980-talet. Han var ein open og fordomsfri mann med ei ekte glede og vørnad for kunnskap, – rotfest i eit folkeleg kunnskapssyn. Filologen i han fekk ein ekstra glød kvar gong han fann samanhengen mellom eit lite brukt bygdemålsord og norrønt. Derfor la han så stor vekt på ordlista i Fronsmålet, fordi ho ville bli ivrigast studert og lagt merke til av bygdefolk, sa han. Ei fyldig ordliste vil opne resten av boka for folk, hevda han fleire gonger. Det er lite kjent at han etterpå sende Målførearkivet på Universitetet i Oslo rundt fem tusen ordsetlar med tilfang frå Fron.

Gunnar Jenshus var også medlem av Norsk Språknemnd, og han bar fram synspunkta sine med fagleg tyngde. Ein uredd debattant var han. Han skrev også lærebøker for grunnskulen.

Under krigen kom det klårt fram kva som budde i Gunnar Jenshus. For han var krigen meir enn noko anna eit spørsmål om dei åndelege verdiane vår kultur byggjer på. I motstandskampen norske lærarar førde i krigsåra – ein kamp som fekk så stor symbolkraft til resten av samfunnet, sto Gunnar Jenshus i fremste rekkje.  Nazifiseringa av norsk skule låg langt unna verdiane hans, og saman med 600 andre lærarar vart han i 1942 internert på Jørstadmoen og seinare tvangssendt til Kirkenes på straff.

50 år etter, under markeringa for frigjeringa i 1995, heldt han talen for dagen på Jørstadmoen. Kong Harald var blant dei innbedne. Typisk nok talte Jenshus ikkje minst om framtida, han minna dagens unge om dei sentrale verdivala i livet.

Kunnskapstrongen i han slokna aldri. Heilt fram i sin høge alder følgde han vaken med i samtida og fekk store kunnskapar på fleire område. Det gav han aldri utvendig til kjenne, for snobberi og åndshovmot var ikkje hans stil. Han hadde eit livssyn der ånd- og kulturverdiar som respekt, vidsyn og toleranse var dei berande søylene. Slik sett vart livsverket hans i slekt med dei beste åndstradisjonar i Gudbrandsdalen – forma i skrift og tale. Han var levande frisk i all si formidling. Og ikkje minst ein venesæl og svært triveleg kar. Ein logn og god humor låg ved vesenet hans.

Gunnar Jenshus fekk velfortent Mållagsprisen 1985 for Nord-Fron og Kulturprisen for Sør-Fron i 1986. Han døydde i 1996.

(Dette er ein redigert versjon av minneordet i Årbok for Gudbrandsdalen 1996)

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s