Aldri ser du fagrar´ stelle

DalenEin dag gøymd i fortids skodde
våre ættefedrar nådde
denne vakre grend og dal

Det er skrive mange bygdesongar i kjærleik til bygder og grender i Nord- og Sør-Fron. Somme av dei er velkjende og blir brukte ein heil del, medan andre lever mellom bokpermane eller i folks minnne – meir eller mindre levande. Pål Kluften (1888-1942) skreiv fleire songar til Fron. Redaksjonen i Fronsbygdin og historiebloggen synest det vil vera ei oppgåve å få denne lokale poesien fram frå gløymsla, og ber lesarane finne fram slike songar/dikt som priser lokalsamfunna våre. Vi tek til med eit dikt som truleg er mindre kjent.  Gunnar Jenshus voks opp på Harpefoss, men han levde det vaksne livet sitt utanfor bygda.

Gunnar Jenshus

Gunnar Jenshus: 

Aldri ser du fagrar´ stelle
enn frå høge Sør-Fronsfjellet,
allvisst da ein sommarkveld
for da logar Allheims eld
lågt i vest og bygda gyller,
fagre syn fram for deg tryller.

Skurdalsgrenda mot deg lyser,
Ryssland, Skuteillshjarta hyser,
Kyrkjebygda lenger sør
knapt mot Liom glåme tør,
for der svartnar mellom gardom
borti op frå høgfjellsskardom.

Som eit sølvband lyser Laugen,
krøkjer seg om Ulbergshaugen,
nører ungdoms draum og trå.
Laugen dreg dei til og frå –
gardar, grender, skog og lier
smiler blidt frå båe sider.

Ein dag gøymd i fortids skodde
våre ættefedrar nådde
denne vakre grend og dal,
såg seg om og tok sitt val:
fjell og skog med vilt og vyrke
dertil grorsam jord å dyrke.

Her har ætter stridd og streva,
greidd å vekse, greidd å leva,
bygd seg tradisjon og norm,
skapt si eiga kulturform,
odla fram i gode grender
meisla ut med ord og hender.

Levekåra var ´kje like,
her var fattige og rike
ulik byrd gav ulik bør,
det var strid imellom brør.
No er slike skilje sletta
skilde greiner samanfletta.

Det gjev von for nye tider,
rett og skil til alle tider,
felles lagnad, felles dag,
felles ansvar, felles sak.
Samarbeid til felles lykke
i vår ætt eit arvestykke.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s