Ein dag gøymd i fortids skodde
våre ættefedrar nådde
denne vakre grend og dal
Det er skrive mange bygdesongar i kjærleik til bygder og grender i Nord- og Sør-Fron. Somme av dei er velkjende og blir brukte ein heil del, medan andre lever mellom bokpermane eller i folks minnne – meir eller mindre levande. Pål Kluften (1888-1942) skreiv fleire songar til Fron. Redaksjonen i Fronsbygdin og historiebloggen synest det vil vera ei oppgåve å få denne lokale poesien fram frå gløymsla, og ber lesarane finne fram slike songar/dikt som priser lokalsamfunna våre. Vi tek til med eit dikt som truleg er mindre kjent. Gunnar Jenshus voks opp på Harpefoss, men han levde det vaksne livet sitt utanfor bygda. Les meir