
Skåbu bygdahus blir brukt i mange samanhengar. Her frå eit møte med Oppland fylkeskommune og Statens vegvesen i 2013 vedrørande utbetringa av Skåbuvegen. På veggane kan ein sjå måleri av alle gardane i Skåbu, ei fantastisk gåve til bygdahuset frå Sigmund Hernæs. Foto: Oppland fylkeskommune.
OLE CHR. RISDAL: I år er det 60 år sidan Skåbu fekk nytt bygdahus. Under bretten kan du vera med på opningsfesten. Det gamle forsamlingshuset i bygda stod på grunnen til Søre Risdal, nærare bestemt ovanfor bruket Bjørkheim (Raudhuset). Det offisielle namnet på det var «Jotunheimen», men i daglegtala no går det under nemninga «Gammelhuset». Det vart innvigd i romjula i 1910, og det var Jotunheimen ungdomslag og fråhaldslaget «Vårsol» som dreiv det. Johannes Risdal (Søre) 1865-1955 rydda seg bureisingsbruk i 1928 (Bjørkheim) like ved det gamle forsamlingshuset. Til slutt i dette opptaket får vi høyre han fortel om gamalt frå Skåbu. Han blir intervjua av Gunnar Heide og Torger T. Risdal. Etter kvart vart det behov for eit større forsamlingslokale, og ein fekk kjøpt 1,8 mål tomt av Astrid og Jon Løvli. Når det galdt finansieringa, vart det danna lottlag der kvar lott (innskot) var på kroner 200. Det var også muleg å arbeide for lottane. Elles gjekk ungdomslaget inn med 10 000 kroner, tomta og oppgjeret for det gamle huset. Det vart selt til A/L Samhold Tverrbygda for 6000 kroner pluss 25 tylter tømmer. Huset vart teke i bruk våren 1954, men vart ikkje offisielt opna før året etter. Laurdag den 19. februar 1955 vart det nye bygdahuset, som fekk namnet «Høgtun», høgtidleg innvigd. Omlag 300 menneske møtte opp og fekk med seg underhaldning og fest. Ragnvald Krogenæs var konferansier og opptredd (song) sjølv saman med andre kulturkrefter i Skåbu. Blant andre høyrer vi Anne Kvalen som les prolog av Halvor Veslum, Else Krogenæs (piano), Gunnar Heide (trekkspel), Arne Risdal (fele), Sigmund Hernæs (song) og blandakoret i Skåbu. Her kan du høyre heile opningsfesten: