EINAR HOVDHAUGEN: Kvikne – Skåbu er den del av bygda som hadde den absolutt største utvandring. Her hadde utvandringa eit omfang som ein nesten kunne tru ville føre til avfolking. Men fornyingskrafta i folket var stor. Kvam ser helst ut til å ha hatt den minste utvandring i Fron, om det da ikkje er svikt i materiellet. Det er i 1851 vi hører om dei første utvandrarane frå Sødorp. I 1853 kjem Kvikne-Skåbu sterkt med, og Kvam omtrent på same tid. Les meir
Monthly Archives: februar 2014
50-årskonfirmantar i 2014
Desse ungdomane er 50-årskonfirmasjonsjubilantar i 2014. Bildet er frå Sør-Fron ungdomsskule våren 1963.
Filed under Biografiar
Nokre reiste frå vonløysa og skamma

Alt var litt større i det eventyrlege landet på hi side av havet. (Bilde frå Anne Lise Jørstad Røsand/Vegar Skar)
EINAR HOVDHAUGEN: Utvandring til Amerika letta folkepresset i bygdasamfunnet. Ein del sveltihelplassar blir nedlagde. Det blir ledige husmannsplassar for dei mange som før hadde hatt vanskeleg for å skaffe seg ein plass. Inderstklassa blir etter hvert sterkt redusert. Utvandrarstrømmen er sterkt dominert av småkårsfolket i bygda. Les meir
Filed under Jordbruk, Kommunikasjon
Draumar for Norge
Ein sein kveld i året 2214 sit ei ung jente med undrande store auge og ser og høyrer på deg gjennom århundra. Brått skjønar ho at livet er ei gåte – og at vi alle har sunge og sørga, dansa og drøymt ein gong. Nå kan du gjere noko for tipp-tipp-oldebarna dine og historikarar som ennå ikkje er fødde. Les meir
Filed under Informasjon
Bjørnstjerne hilser Kjetils OL-gull
Filed under Biografiar, Idrett
Hvor er papirene fra Harildstad?
Filed under Informasjon
5000 kr for den beste!
Fron historielag innbyr til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 min, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på innhald, originalitet og teknisk kvalitet. Les meir
Filed under Informasjon, Kommunikasjon
Minstepensjonist
Da Toline Hovemoen var 89 år i 1947, hadde ho kr 0 i formue og kr 516 i inntekt. Det tilsvarar kr 9 495 i dag. Ho hadde i alle fall trygd. Minstepensjonistane har litt meir i dag. Velstandsauka har vore ikkje så reint liten. (Skattsedel frå Magnhild Ringstad/Vegar Skar)
Filed under Biografiar, Kvinner
Ligger katta i stolen?

Holen i 1940
EIVIND HOLEN: Fra gammel tid ser det ut til at de unngikk å plassere husene der det gikk vannårer i grunnen. Jeg er blitt fortalt at i eldre tider plasserte de husene der dyra hvilte. Dyr er mere følsomme for slik stråling enn mennesker, og kyr legger seg ikke på steder der det går vannårer, mens katter oppsøker slike steder. Les meir