Daily Archives: 18. januar 2014

Skjemtevise frå Kvikne

Illustrasjon

Illustrasjon

OLE CHR. RISDAL: Skjemtevisene er ein viktig del av folkediktinga vår. I desse visene blir ting sett på hovudet og det blir gjort narr av mangt og mykje. I dei fleste bygder verserer det slike viser, og her presenterer vi ei frå Kvikne, som går under namnet «Hardengvisa». Visa er laga av ein Peder Hansen Hardenget (f. 1803) ein gong mellom 1830 og 1840. Hardenget var tidlegare eit eige bruk. Allereie i 1801 finn ein bruket i folketeljinga, og ein Paul Olsen er brukar. Bruket har også ein husmannsplass og det er mest sannsynleg Hessenga. Hessenga vart fråskilt Hardenget i 1859, og er det einaste som er att av eigedomen. Aksel Olsen Hågå kjøpte Hardenget i 1821. Dotter hans vart gift med denne Peder Hardenget og dei fekk såleis bruket. Han gjorde seg skuld i eit lovbrot og vart ruinert økonomisk. Han forlét bygda og Hardenget vart selt til Norgard Sylte. Men han rakk altså å skrive denne visa. Her kan du høyre at Torger T. Risdal både fortel om bakgrunnen for visa og syng ho.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jordbruk, Musikk