Daily Archives: 10. januar 2014

-Mange kompetente svar så fort

Her er eit framifrå døme på at Facebook fungerer betre enn mykje anna til innsamling av lokalhistoriske data. Nils Christian Steig legg ut dette bildet på FB-sida Du væt du e frå Sør-Fron når .. og spør: «Det er sikkert noen som kan hjelpe med å forklare hvor dette er?»  I løpet av nokre dagar kjem namn og stader og den siste heksa i Fron. Her er kommentarane: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Frå blomster i silke til striper i ull

17. mai-treet på Aamodt på Sjoa. Dette praktfulle lønnetreet har vokse opp frå ein kvist Paul Harildstad tok med frå Eidsvoll i 1814. Foto: Torveig Dahl/Gudbrandsdalsmusea.

2014 er eit nasjonalt jubileumsår, og Gudbrandsdalseminaret 2014 opnar det heile på Maihaugen onsdag 29. januar. Bindande påmelding innan 12. januar. Korleis fungerte det eineveldet som vi la bak oss? Kva var dei europeiske føresetnadane for det demokratiske omskiftet? Korleis greidde dei første generasjonane å forme ei ny framtid i ein krevjande situasjon? Utløyste dei politiske hendingane i 1814 ei kjensle av fridom i dei breie lag i folket? Kva med gudbrandsdølane? Korleis vart det nye motteke her i Gudbrandsdalen? Vart livet annleis – eller snarare – korleis vart livet annleis? Om den moderne staten Norge berre er 200 år gamal, så er nasjonen mykje eldre. Med utgangspunkt i tusenårsstaden Hundorp søkjer vi mot arkeologiske funn, mytar og segner på leit etter byggjesteinar under ein nasjonal identitet. Meir info og påmelding her.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon