Daily Archives: 4. januar 2014

Ros til historielaget og bloggen

dølenlogoBjørn Sletten skriv i Dølen 3. januar:

Også i 2013 har vi fått høre at Midtdalen hamnar nederst på alle statistikkar. Men hadde statistikkane målt engasjement i og for lokalsamfunnet blant innbyggjarane, trur eg resultata hadde vorte ganske annleis.

Han finn «engasjerte midtdøler som brenn for staden dei bur, og for folka dei bur saman med.» Blant mykje anna nemner han Fron historielag. Laget har

i fleire år gjort ein særs viktig innsats for å bevare historie og skrive nye kapittel i vår felles historie – både den fjerne og den nære. Redaktørane Stauri og Ottesen har vore avgjerande i dette arbeidet, og i løpet av året har også NRK-profilen Carl Henrik Grøndahl gjort sitt til at mye av dette materialet er tilgjengeleggjort for eit større publikum via ein av dei beste historiebloggane eg har sett. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon