Den store dugnaden

Dette er...?

Kva i all verda gjer han her over parkeringsplassen?

Og dette er...?
Og dette er…? (Foto: Torbjørn Mathisen/Vegar Skar)

CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein kan seie mykje rart og sikkert mykje kritisk om Facebook. Men vi kan vel gå ut frå at noko Mark Zuckerberg ikkje tenkte på da han lanserte Facebook 20 år gammal i 2004, var at han gav lokalhistorisk faktainnsamling ei storarta gåve. Fjesboka er eit svært så velegna medium til å samle inn opplysningar om gamle foto. Fron historielag sit på meir enn 37 000 foto, som Vegar Skar har skanna inn. Dei fleste er ikkje identifiserte. Det er snart 1300 som følgjer Facebook-sida til historielaget, og blant dykk er det mykje lokal- og personkunnskap samla. Zuckerberg og hans folk har gjort det utruleg enkelt å setje namn på andlet og kommentere. Dei fleste av dei snart 1000 bilda som er lagt ut på sida så langt, har vorte identifiserte. Det kunne ikkje vore gjort så snøgt og så enkelt på noko anna vis. Takk for det. Og denne store dugnaden held fram med fynd og klem i 2014. (I tillegg til arbeidet på FB-sida til historielaget går det føre seg mykje på FB –sidene «Du væt du e frå..» som du finn nede til venstre på denne heimesida.)

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Informasjon, Kommunikasjon, Menn

One response to “Den store dugnaden

  1. Ståle Giverhaug

    Nr 2 fra venstre er Åse Wangen. Nr 3 er Sigrunn Wangen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s