Monthly Archives: januar 2014

Israel Krupp selger til Jern og Metall

krupplandslag

Israel Krupp spilte på det norske landslaget i fotball som slo Sveits 3-0 på Ullevaal 19. juni 1930. Bak fra venstre: Jacob Berner, Knut Andersen, Sverre Berg-Johannesen, Arne Børresen, Alexander Olsen, Israel Krupp, Jørgen Juve, Olav Gundersen. Foran: Egil Brenna-Lund, Henry Johansen, Thaulow Goberg. Det hevdes at han ble advart mot å være med til Berlin under OL i 1936, laget som tok bronse, fordi han så meget jødisk ut.

ARNE HERNÆS:  Israel Krupp etablerte konfeksjonsfabrikken Hera på Hundorp først på 1950 tallet og drev godt de første årene. Krupp hadde både egenkapital og en god forretning i Oslo, som gjorde at etableringen med både støvsuger- og konfeksjonsfabrikk fikk en god start. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Ei gammal segn frå Skåbu

Illustrasjon

Illustrasjon

OLE CHR. RISDAL: I likheit med andre bygder i Noreg verserer det også i Skåbu ein del segner. For nokre veker sidan vart eg mint på ei av dei takka vere Sjur Sande som la den ut på Facebook. Der bureisingsbruket Nymo ligg var det i gamle dagar ei lita slette som dei kalla for «Hyttsletta». Her skulle det også vere ei framifrå god vasskjelde. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

-Pigen vil klænge sig ind paa mig, det er Saken

paascheblaser

Professor Fredrik Paasche på Gudbrandsdal folkehøgskule i 1935

RASMUS STAURI: Der folk møtest, blir det også historier. Året er 1931. Eit lite notat frå Knut Hamsun ligg i brevsamlinga på Gudbrandsdal folkehøgskule. Det fortel mykje om diktaren Knut Hamsun – ikkje lite nevrotisk i karakteren. Bakgrunnen er denne. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Litteratur, Menn

Kanskje kommer kongen

img110

(Bilder fra Martha Motrøen/Per Oden/Vegar Skar)

16. juni 1958 reiste Kong Olav fra Skaugum i bilkortesje til Trondheim for å signes i Nidarosdomen.17. juni gikk turen gjennom Fron. Kongen var kledd i generalsuniform,  satt i åpen bil og var ledsaget av prinsesse Astrid. 52 år tidligere gjorde han samme reise med tog – som treåring. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

-Sjølvsagt er klufta humbug

klufta-Klufta, eller ønskekvisten, har vore mykje omdiskutert. Mange oppfattar vel klufta som rein humbug. Sikkert er det at mye vatn har vorte funne i bygdene våre med dette hjelpemidlet, skriv Eivind Holen i ein artikkel her på heimesida. På Facebook-sida til historielaget er det mange som støttar han i trua på ønskekvisten. Det gjer ikke professor emeritus ved NTNU, Jan Hovden. Sjølvsagt er klufta humbug, skriv han: Les meir

3 kommentarar

Filed under Folketru

Skjemtevise frå Kvikne

Illustrasjon

Illustrasjon

OLE CHR. RISDAL: Skjemtevisene er ein viktig del av folkediktinga vår. I desse visene blir ting sett på hovudet og det blir gjort narr av mangt og mykje. I dei fleste bygder verserer det slike viser, og her presenterer vi ei frå Kvikne, som går under namnet «Hardengvisa». Visa er laga av ein Peder Hansen Hardenget (f. 1803) ein gong mellom 1830 og 1840. Hardenget var tidlegare eit eige bruk. Allereie i 1801 finn ein bruket i folketeljinga, og ein Paul Olsen er brukar. Bruket har også ein husmannsplass og det er mest sannsynleg Hessenga. Hessenga vart fråskilt Hardenget i 1859, og er det einaste som er att av eigedomen. Aksel Olsen Hågå kjøpte Hardenget i 1821. Dotter hans vart gift med denne Peder Hardenget og dei fekk såleis bruket. Han gjorde seg skuld i eit lovbrot og vart ruinert økonomisk. Han forlét bygda og Hardenget vart selt til Norgard Sylte. Men han rakk altså å skrive denne visa. Her kan du høyre at Torger T. Risdal både fortel om bakgrunnen for visa og syng ho.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jordbruk, Musikk

Å gå med klufta

holenklufta

Emil Holen – og slik held han klufta.

 EIVIND HOLEN: Klufta, eller ønskekvisten, har vore mykje omdiskutert. Mange oppfattar vel klufta som rein humbug. Sikkert er det at mye vatn har vorte funne i bygdene våre med dette hjelpemidlet. Det eg såg og opplevde heime i Holen, er på mange måtar så merkeleg at eg har valt å sikre det for ettertida. Det var bestefar min, Emil Holen, som gjekk med klufta. Han var fødd i 1889. På den tida eg opplevde han som føderådsmann, var dette med klufta ein slags hobby. Før i tida var det vassmangel kvar vinter heime. Han fortalte at han begynte å gå med klufta for å finne vatn og såleis betre vassforsyninga på garden. Det lykkast han med etter ei tid.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Rønnaug Sagboden

Bakkestugu i Skåbu var den siste husmannsplassen i Nord-Fron. Her levde Rønnaug Sagboden aleine halve livet sitt. Per Ottesen skreiv ein artikkel om ho i Fronsbygdin 2011. I 1992 var ho å sjå på Norge Rundt.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner

-Mange kompetente svar så fort

Her er eit framifrå døme på at Facebook fungerer betre enn mykje anna til innsamling av lokalhistoriske data. Nils Christian Steig legg ut dette bildet på FB-sida Du væt du e frå Sør-Fron når .. og spør: «Det er sikkert noen som kan hjelpe med å forklare hvor dette er?»  I løpet av nokre dagar kjem namn og stader og den siste heksa i Fron. Her er kommentarane: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Frå blomster i silke til striper i ull

17. mai-treet på Aamodt på Sjoa. Dette praktfulle lønnetreet har vokse opp frå ein kvist Paul Harildstad tok med frå Eidsvoll i 1814. Foto: Torveig Dahl/Gudbrandsdalsmusea.

2014 er eit nasjonalt jubileumsår, og Gudbrandsdalseminaret 2014 opnar det heile på Maihaugen onsdag 29. januar. Bindande påmelding innan 12. januar. Korleis fungerte det eineveldet som vi la bak oss? Kva var dei europeiske føresetnadane for det demokratiske omskiftet? Korleis greidde dei første generasjonane å forme ei ny framtid i ein krevjande situasjon? Utløyste dei politiske hendingane i 1814 ei kjensle av fridom i dei breie lag i folket? Kva med gudbrandsdølane? Korleis vart det nye motteke her i Gudbrandsdalen? Vart livet annleis – eller snarare – korleis vart livet annleis? Om den moderne staten Norge berre er 200 år gamal, så er nasjonen mykje eldre. Med utgangspunkt i tusenårsstaden Hundorp søkjer vi mot arkeologiske funn, mytar og segner på leit etter byggjesteinar under ein nasjonal identitet. Meir info og påmelding her.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon