Monthly Archives: desember 2013

Vegar Skar og 37 000 foto

Vegar Skar

Vegar Skar – klar til å skænne fleire bilde.

Han har gjort eit uhorveleg stort arbeid for lokalhistoria i Fron dei siste 4-5 åra. Det er ingen annan måte å seie det på. –Eg vart spurt av Fron historielag om eg ville, seier Vegar Skar, – og sjølvsagt ville eg det.  Så kosta laget på han skikkeleg utstyr, og nå har han «skænna» bortimot 37 000 foto  frå ulike familiealbum. Trettisjutusen! Det tar om lag tre minutt å «skænne» eit bilde. Så da er det berre å rekne ut. Det skulle  bli 111 000 minutt, dvs 1850 timar, eller omlag eit heilt årsverk. Les meir

2 kommentarar

Filed under Kunst og handverk

Mykje fyll og elendigheit?

Kvar vart det av totalafholdsforeningen Mjølner?

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Informasjon

Dei fann gode emne, dei gamle

Julekonsert i Sør-Fron kyrkje

Julekonsert i Sør-Fron kyrkje

BJARNE JETLUND:  Hausten 2003 starta Knut Tvete og eg opp med restaureringsarbeid på ytterglasa i Sør-Fron kjørkje. Det vart eit spennande og interessant arbeid. Særleg glasa mot sør og aust måtte det stellast mykje på. Dei var målingsslitne, og ikkje så reint lite av kittet var borte. Ein del av rutene var sprukne. Vi veit ikkje for visst kva som kan vera grunnen. Men glasveden var god.  Rettnok versliten, men utan råteskadar. Dei hadde funne gode emne, dei gamle. Glasgrindene er laga av ekte, god feitved, truleg seinvaksen fjellfuru. Når vi brukte varmelampe for å bløyte opp gamal kitt, kom det framleis tjære ut av treet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Historisk sus på historisk grunn

Rundt 30 historieinteresserte møtte opp på Hundorp for å høyre på Tore Pryser.

Rundt 30 historieinteresserte møtte opp på Hundorp for å høyre på Tore Pryser. Det var Fron historielag, Ringebu historielag og Gudbrandsdalsmusea som arrangerte kvelden.

Ole Christian Risdal: Hundorp var eit naturleg val da professor Tore Pryser skulle halde foredrag om 1814. Her er det mange som har markert seg på ulike vis opp gjennom historia. Måndag kveld fekk vi høyre om gudbrandsdølar som på kvar sin måte markerte seg i samband med tilskipinga av Grunnloven på Eidsvoll. At Einbusalen eignar seg spesielt til slike historiekveldar kom til uttrykk da Pryser prata om stortingsmannen Ole Haagenstad frå Vågå. For på veggen bak professoren trona storbonden på tunet, eit av dei fine bilda til Ragnvald Einbu som prydar salen. Haagenstad var eigentleg frå Nigard Harildstad i Kvikne, og for oss var det spesielt interessant å høyre om frøningane som var med i 1814. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar

1180 kavringer og 40 liter konjakk

untitled

Men de røkte bare 78 cigarer…

ASBJØRN RINGEN: Det var en stor begivenhet da sør-frøningene innviet sitt Bank- og Herredshus i 1903. Bygget var stort og flott, det fortjente en skikkelig fest. Lista over de fleste deltakerne finnes fortsatt og teller 240. Bygdafolk og ordførere og «bankautoriteter» fra nabokommunene fylte salen. Festregnskapet forteller at det ikke ble spart på noe. Festkomitéen hadde kjøpt inn 40 liter konjakk, 22 flasker sherry og 2 flasker rom. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Musikk, Verksemder

Glytt frå ein barndom i Nedre Skar

aNr. 104 Kristian Hesteskobakken og Ole O. Hage på sauesanking i Nedre Skar

Kristian Hesteskobakken og Ole O. Hage på sauesanking i Nedre Skar. Bilde frå Mabel Hage/Vegar Skar

aNr. 105 Nedre Skar ca. 1933

Nedre Skar ca. 1933. Bilde frå Vegar Skar

aNr. 109 Erland og Mathea Skar i hagen i Nedre Skar

Erland og Mathea Skar i hagen i Nedre Skar. Bilde frå Vegar Skar

Les meir

7 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn

Kva skjedde i Fron i 1814?

Måndag førstkommande, 9. desember kl 18.30, får du vite mykje om det på Dale-Gudbrands gard. Tore Pryser fortel om Oppland og 1814 med særskild vekt på hendingar i Midtdalen. Han har skrive boka 1814 i Oppland: Bønder, øvrighet og soldater,  der han legg vekt på å sjå 1814-prosessen nedanfrå. Møtet på Dale-Gudbrands gard vert arrangert av Fron historielag, Ringebu historielag og Gudbrandsdalsmusea. Gratis adgang.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar