Han har gjort eit uhorveleg stort arbeid for lokalhistoria i Fron dei siste 4-5 åra. Det er ingen annan måte å seie det på. –Eg vart spurt av Fron historielag om eg ville, seier Vegar Skar, – og sjølvsagt ville eg det. Så kosta laget på han skikkeleg utstyr, og nå har han «skænna» bortimot 37 000 foto frå ulike familiealbum. Trettisjutusen! Det tar om lag tre minutt å «skænne» eit bilde. Så da er det berre å rekne ut. Det skulle bli 111 000 minutt, dvs 1850 timar, eller omlag eit heilt årsverk. Les meir