Historisk sus på historisk grunn

Rundt 30 historieinteresserte møtte opp på Hundorp for å høyre på Tore Pryser.

Rundt 30 historieinteresserte møtte opp på Hundorp for å høyre på Tore Pryser. Det var Fron historielag, Ringebu historielag og Gudbrandsdalsmusea som arrangerte kvelden.

Ole Christian Risdal: Hundorp var eit naturleg val da professor Tore Pryser skulle halde foredrag om 1814. Her er det mange som har markert seg på ulike vis opp gjennom historia. Måndag kveld fekk vi høyre om gudbrandsdølar som på kvar sin måte markerte seg i samband med tilskipinga av Grunnloven på Eidsvoll. At Einbusalen eignar seg spesielt til slike historiekveldar kom til uttrykk da Pryser prata om stortingsmannen Ole Haagenstad frå Vågå. For på veggen bak professoren trona storbonden på tunet, eit av dei fine bilda til Ragnvald Einbu som prydar salen. Haagenstad var eigentleg frå Nigard Harildstad i Kvikne, og for oss var det spesielt interessant å høyre om frøningane som var med i 1814. Det var 16 såkalla underskrivarar frå Fron. Ein skulle vedta såkalla adresser til den danske prinsen Christian Fredrik for å støtte hans reising mot Kieltraktaten, der kong Fredrik avstod Noreg til Sverige. Desse var: Sokneprest Didrik H. Schnitler, kapellan Peder M. Otzen, kaptein Just Chr. Grønvold (Budde på Graffer), juristane Hans Hartmann (budde på Rolstad og seinare på Grov), Hans Møller og Knut E. Qvigstad, gardbrukarane Nils O. Steig, Iver I. Sygard Grytting, Østen P. Skaaden (Bø), Johannes P. Bøe, Knut N. Forr, Thor P. Brandrud, Tjøstel P. Harildstad, Peder H. Brende (Kvam) og Anders I. Bue (Sør-Fron). Desse valde to valmenn frå Fron som skulle vere med på å velje representantane frå Oppland (Christians Amt) til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Valmennene frå Fron blei Johannes P. Bøe og lensmann J. P. Jarmann. Han eigde garden Øya i Sødorp på den tida. Blant dei 112 representantane som skulle lage Grunnloven, var det berre ein frøning. Det var  kommandersersjant Paul T. Harildstad (fødd på Harildstad i Heidal). I 1794 kjøpte han garden Åmodt (søre) på Sjoa, som den gong høyrde til Fron. Han representerte det  «Qvambske Compagnie» og blei valt av Oplandske infanteriregiment. Du kan lese meir om  dette i boka 1814 i Oppland av Tore Pryser.

Éin kommentar

Filed under Biografiar

One response to “Historisk sus på historisk grunn

  1. Ola Håkenstad

    Eg vil koma med ei korrigering. Ole P. Haagenstad frå Vågå var ikkje Eidsvollsmann. Han møtte fyrst på det overordentlige Storting om hausten i 1814.

Legg att svar til Ola Håkenstad Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s