
Rundt 30 historieinteresserte møtte opp på Hundorp for å høyre på Tore Pryser. Det var Fron historielag, Ringebu historielag og Gudbrandsdalsmusea som arrangerte kvelden.
Ole Christian Risdal: Hundorp var eit naturleg val da professor Tore Pryser skulle halde foredrag om 1814. Her er det mange som har markert seg på ulike vis opp gjennom historia. Måndag kveld fekk vi høyre om gudbrandsdølar som på kvar sin måte markerte seg i samband med tilskipinga av Grunnloven på Eidsvoll. At Einbusalen eignar seg spesielt til slike historiekveldar kom til uttrykk da Pryser prata om stortingsmannen Ole Haagenstad frå Vågå. For på veggen bak professoren trona storbonden på tunet, eit av dei fine bilda til Ragnvald Einbu som prydar salen. Haagenstad var eigentleg frå Nigard Harildstad i Kvikne, og for oss var det spesielt interessant å høyre om frøningane som var med i 1814. Les meir