Vinstra Ysteri 100 år!

Vinstra Ysteri på 1950-talet. Her går russetoget forbi.

Vinstra Ysteri på 1950-talet. Her går russetoget forbi. Foto: Vinstra Auto.

OLE CHR. RISDAL: I år er det 100 år sidan Vinstra Ysteri vart grunnlagt og 23 år sidan det vart lagt ned. I samband med dette er det på sin plass å leggje ut ein gammal film frå 1937/38. Det er frå same filmrullen som vart lagt ut i førre veke, «Seterreise frå Isum». Anne Marie Tron les kommentarane denne gongen også. Ho jobba ikkje der, men ho kjenner att fleire som er med. Dessutan har ho mykje å fortelje vedrørande ystinga. Vil du vete meir om denne bedrifta, kan du lese jubileumsboka til Jens Sundt, Vinstra Ysteri 1913-1983. Jens Sundt var styrar frå 1943-1983. For å gjere det lettare for folk å identifisere fleire personar, tek vi med namna på dei som jobba i kokeriet i 1932 og heile beteninga i 1943. 1932: Gunvor Hvattum, Anna Skåden, Gunhild Hovde, Ida Varpestuen, Åsta Tungen, Astrid Joten, Anne Engum, Signe Øium og Borghild Espe. 1943: Kari Stakston, Hans Engum, Pål Hvattum, Erik Trøen, Ole J. Glosli, Jens Sundt, John Storodden, Ragnhild Hvattum, Astrid Kopperud, Ingeborg Busterud, Ingrid Pettersen, Rønnaug Bakken, Anna Bakken, Karen Wahlquist, Margit Øium, Petra Grauphaugen og Lars Madshus.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s