Monthly Archives: desember 2013

Godt nytt år!

Fron historielag ønskjer alle eit godt nytt år! Vi takkar for innsats, engasjement og interesse i 2013! Sidan denne heimesida vart sett opp i april 2013, har det vore meir enn 50 000 treff frå alle verdsdelar. På Facebook-sida, som vart oppretta 8. november, er det nå meir enn 1200 som følgjer oss, og mange gjer ein framifrå jobb med å identifisere bilde vi legg ut. Vårt nyttårsønskje er uttrykt av Mukampen spelmannslag og Høgtid av Helge Hysjulien frå ein konsert i Sødorp kyrkje før jul.

Éin kommentar

Filed under Informasjon

Heidningane i Skåbu

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

OLE CHR. RISDAL I samband med innføringa av konfirmasjonen i 1736, vart det sett fart i leseopplæringa og folkeopplysninga i Noreg. Men det skulle gå lang tid før ein fekk  omvendt alle heidningar. Det var som regel prestane som hadde denne utakksame oppgåva. Her i Fron fekk sokneprest David Schiøth erfare kor vanskeleg denne jobben kunne vere.  Her kan du høyre Torger T. Risdal fortelje om ein gong han skulle omvende nokre  skåbyggingar:

Meir å høyre her.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Tida er inne. Fram frå glømmeboka!

Vegar Skar

Ta kontakt med Vegar Skar!

Har du gamle foto frå Fron av historisk interesse? Fron historielag skannar dei for deg. Gamle negativ eller glassplåter? Inga hindring. Laget digitaliserer òg gamle filmar med allmenn interesse. Ta kontakt med Vegar Skar, tlf 61296783 eller 90735767. Du får dei att digitalisert på ein CD, historielaget får retten til å bruke dei i publikasjonar og på nettet. Foto i eit album blir skanna utan at ein treng ta dei ut. Og gamle foto som er skadde, kan ofte reparerast med Photoshop. Lesarane på Facebook-sida gir ofte god hjelp til å kjenne att folk og stader på gamle bilde som blir lagt ut der. Historielaget har etter kvart bygd opp ei stor fotosamling, som kjem til å få stor verdi i framtida. Vegar Skar har halde på i meir enn fem år med dette arbeidet. No ventar han berre på deg.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Husmannen – einaste mulege løysing på folkepresset

Bøndene hadde ein sunn motvilje mot oppdeling av gardane

husmannstue copy

Husmannstue. Foto: Pål Kluften

EINAR HOVDHAUGEN: Domen over husmannsskipnaden har vore heller streng. Sterkt engasjerte kjensler, sosiale motsetningar og politiske synsmåtar har her farga synet. Den objektive historiske vurdering av husmannsskipnaden har vi enda ikkje fått. Her er både lys- og skyggesider. Historisk sett kan ein truleg sjå husmannsskipnaden som den einast mulege løysing på det folkepress Fron opplevde. Som rydningsbolk hører rydningsbolken til husmennene til dei store landnåmstider i bygdahistoria. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Fron historielag ønskjer god jul!

Med denne songen ønskjer Fron historielag alle i Fron og alle i Norge og i verda som les denne heimesida, ei riktig god, fredeleg og historisk  jul! 13. desember inviterte Vinstra Musikklag til førjulskonsert i Sødorp kyrkje. Dei hadde fått med seg Mukampen spelmannslag, og  da fekk ein høyre både gammaldans og fengjande jazzmusikk i den ærverdige kyrkja frå 1752. I Mukampen finn ein fleire medlemmar frå musikklina på Vinstra vidaregåande, blant andre Mari Midtli. Her er ho solist på  «Det hev ei rose sprunge».

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Musikk

Pilegrimsherberge

Grytting

Bilde frå Stig Skurdal Grytting/Vegar Skar

Pilegrimsherberget på Sygard Grytting i Sør-Fron er den einaste profane bygninga frå katolsk tid, i bruk for vandrarar langs pilegrimsleia mellom Oslo og Nidaros. Eit 700 år gamalt verna kulturminne som tek imot vandrarar frå både inn- og utland. Kva er motiva for å vandre til slike herberge i dag? Se video.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kommunikasjon

Fronsbygdin får mykje ros i GD

-Frøningane held oppe framifrå årbok-kvalitet. Det er imponerande kva årbokredaktørane får fram av stoff, skriv Asbjørn Ringen i GD 18. desember. 30 artiklar på over 170 sider og noko for einkvar smak. Spennvidda kan illustrerast ved ytterpunkta: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur

Vegar Skar og 37 000 foto

Vegar Skar

Vegar Skar – klar til å skænne fleire bilde.

Han har gjort eit uhorveleg stort arbeid for lokalhistoria i Fron dei siste 4-5 åra. Det er ingen annan måte å seie det på. –Eg vart spurt av Fron historielag om eg ville, seier Vegar Skar, – og sjølvsagt ville eg det.  Så kosta laget på han skikkeleg utstyr, og nå har han «skænna» bortimot 37 000 foto  frå ulike familiealbum. Trettisjutusen! Det tar om lag tre minutt å «skænne» eit bilde. Så da er det berre å rekne ut. Det skulle  bli 111 000 minutt, dvs 1850 timar, eller omlag eit heilt årsverk. Les meir

2 kommentarar

Filed under Kunst og handverk

Mykje fyll og elendigheit?

Kvar vart det av totalafholdsforeningen Mjølner?

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Informasjon

Dei fann gode emne, dei gamle

Julekonsert i Sør-Fron kyrkje

Julekonsert i Sør-Fron kyrkje

BJARNE JETLUND:  Hausten 2003 starta Knut Tvete og eg opp med restaureringsarbeid på ytterglasa i Sør-Fron kjørkje. Det vart eit spennande og interessant arbeid. Særleg glasa mot sør og aust måtte det stellast mykje på. Dei var målingsslitne, og ikkje så reint lite av kittet var borte. Ein del av rutene var sprukne. Vi veit ikkje for visst kva som kan vera grunnen. Men glasveden var god.  Rettnok versliten, men utan råteskadar. Dei hadde funne gode emne, dei gamle. Glasgrindene er laga av ekte, god feitved, truleg seinvaksen fjellfuru. Når vi brukte varmelampe for å bløyte opp gamal kitt, kom det framleis tjære ut av treet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk