Monthly Archives: november 2013

Frøningar på Eidsvoll?

Korleis oppfatta og deltok folk i Christians amt, noverande Oppland fylke, i hendingane i 1814 med Riksforsamlinga på Eidsvoll som eit høgdepunkt? Det fortel Tore Pryser om i boka 1814 i Oppland: Bønder, øvrighet og soldater. Boka legg vekt på å sjå 1814-prosessen nedanfrå. Det dreier seg ikkje berre om leiarane, men også om vanlege folk sin mentalitet, og om korleis dei oppfatta det som skjedde.  Bokprosjektet er knytt til Opplandsarkivet og Høgskolen i Lillehammer. Det er også etablert eit omfattande samarbeid med mange lokalhistorikarar og interesserte i dokumentasjons- og formidlingsarbeid.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur

Skoleelevar sel Fronsbygdin

DSC_0126I morgon vil 6. klasse ved Kvam skole hjelpe oss med å selge Fronsbygdin. Kjempeflott å få yngre generasjonar med på laget! Det er viktig at komande slekter blir involvert i lokalhistorie på denne måten. Kanskje kan dette bidra til å få dei yngre til å interessere seg for denne delen av kulturarven vår. Elles kan du etter kvart kjøpe boka på Libris Vinstra, Coop Mega Vinstra, Rema 1000 Vinstra, Gålå Handel og Coop Skåbu.

Wenche Bredeveien: Og vi som er medlemmar i Fron Historielag, får vi boka tilsendt, eller må vi kjøpe boka på  eige inititiativ?

Red: Du kan abonnere på Fronsbygdin og få boka tilsend før lanseringa. Abonnement kan du teikne hos sole68@hotmail.no. Her kan du og kjøpe boka og få ho i posten. Da kjem 75 kr porto i tillegg. Elles er det mange salsstader. Sjå over. I Kvam var altså 6-klassingar ute og selde. I Sør-Fron kan du ôg få vennlege bokseljarar på døra.

Éin kommentar

Filed under Informasjon

Noen som kan hjelpe? forts.

pefredri@bbnett.no: Hei! Jeg har ikke fått noen venneforespørsel fra deg. Ser litt på denne Marit Iversdatter nå. Hvordan er du i slekt med henne? Mvh Per Fredriksen

KJELL RABBEN: Hei, og takk til alle dere som engasjerer dere i etterlysninga som jeg la inn om Marit og far Iver Tofte. Jeg er imponert. Dette kalles etterforskere på høyt plan, og nå begynner det jo å bli morsomt og spennende. Mvh Kjell Rabben

Fra FB-sida Du væt du e frå Sør-Fron når…: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Gausdalsminner

Gausdal Historielag har lansert Gausdalsminner nr. 15 «Dette året er eit jubelår både i bygden og i landet. Det er språkår i Norge for å hedre ’n Ivar Aasen. Da må vi kunja skrive forordet på dialekt, vårt eige språk», skriv redaktør Ivar B. Blekastad. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur

Noen som kan hjelpe?

KJELL RABBEN: Dette er kanskje siste utvei etter en omstendig leting av en kvinne som heter Marit Iversdatter f. 1826 i Fron. Hennes far heter Iver Olsen Tofte (Toftehagen) under Tofte. Han var gift med Anne Olsdatter. Noen av fadderene het Iver Brandval(voll), og kanskje Anne Sandsbakken. Er litt usikker på resten. Jeg har landet på en plass oppe i N. Liavei, og endte opp ved Tofthaugen-Tofte skole. Der oppe ligger det en liten boplass som heter Tøftehaugen (plassen). Er takknemlig for bekreftelse eller avkreftelse. Mvh Kjell Rabben tlf. 90898748

Svar frå FB-sida Du væt du e frå Sør-Fron når… Les meir

3 kommentarar

Filed under Informasjon

Da var det at det small

ANTON LILLESETER (frå heimesida til Heidal historielag): Det fannst – og finnst – menneskje som ein berre må beundre for eit ukueleg pågangsmot og evne til alltid å sjå det ljose i alle situasjonar. Eit slikt var Anders Lysgård. Han vil verta hugsa som ein av desse som spreidde solskin omkring seg der han ferdast. Les meir.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Grøndahl blei heidra

Det er NRK-mannen Carl Henrik Grøndahl som har bygd opp heimesida til Fron historielag. Han er også ein av redaktørane. Dette har han gjort heilt vederlagsfritt og for å vise kor stor pris vi set på dette, blei han heidra av historielaget under boklanseringa på Hundorp. Leiaren,  Anders Hage, overrekte eit bilde av feriestaden til Grøndahl, Veidarvon i Fronsfjellet. Bildet er laga av Vinstra-kunstnaren Vigdis Kleiven Sveen.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Høyr og sjå presentasjonen av Fronsbygdin

Her kan du både sjå og høyre at redaksjonssekretær i Fronsbygdin, Gard Espeland, fortel om innhaldet i boka. Starten vart dessverre ikkje med, men han innleier med artikkelen om gravminne i Fron av Arnfinn Engen.  Her er artiklane han fortel om: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk, Litteratur

Sjå målerisamlinga på Hundorp

Skade er det å brenneDen eineståande målerisamlinga av Ragnvald Einbu på Hundorp ligg nå her, på heimesida til Fron historielag. Måleria har fått nyskrivne forklarande tekster. Bakgrunnen for at desse måleria kom hit våren, sommaren og hausten 1924 var sentrale tankar i den tidlege folkehøgskulen. Dei unge skulle ha  næring til tankelivet sitt med uttrykk frå faga historie og litteratur.  Alle måleria fortel ei historie med bakgrunn i desse sentrale skulefaga.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

«Ei imponerende jubileumsbok»

fbbokakafe

Fra Per Ottesens artikkel «Kringle på Pettersens kafé.

-Ei bok med stor spennvidde og mange gode artikler. Her finner vi alt fra resultat av arkeologiske utgravinger til gamle gravminner og billøp på isen. Fronsbygdin 2013 er godt redigert i et lettlest språk. Også det er ei jubileumsbok verdig, skriver Tor Larsen i Dølen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk, Litteratur