Sverre Brenden og kodenamn ”Achilles”

Stirling, eit firemotors britisk bombefly nytta til flyslepp av utstyr.

PER ÅSMUNDSTAD:  Det var ein stor dag for Sverre Brenden da han kom heim til Vinstra den 17. mai 1945, smålåten som han var, fekk dei ikkje mykje ut av han om alle strabasane han var igjennom. Han gjorde sitt som ei plikt mot landet og folket. Enkja hans, Gerd Ingrid, kunne fortelja at han hadde vonde draumar av og til. Dette var seinskadar mange av fridomsheltane leid under. Det er vanskeleg for oss i dag å forstå det blodslitet og spenninga han utsette seg for.

Sverre Brenden levde frå 1913 til 1997. Han voks opp i ein stor barneflokk som den yngste i heimen Stor-Brenna, tidlegare husmannsplass under Nordgard Tokse øvst i Sødorp. 19 år gamal tok han seg arbeid på snikkerverkstad, men i fritida fekk idretten større og større plass, og det vart mange premiar etterkvart. Underskrivne fekk sjå premiesamlinga som er att etter han. Ein av dei over femti pokalane var Fefor-Pokalen oppsett så tidleg som i 1926. Her fann eg desse namna: Peder Dalseng, Paul Brandstad, Arild Bakstad, Johan Bakken, Chr. F. Walter og Sverre Brenden. Detter må helst ha vore eit langrenn som vart avvikla i februar-mars kvar vinter. Ein annen stor pokal er ”Fædrelandsvennen´s Gavepremie”, truleg frå eit Norges-mesterskap like før krigen, der Sverre fekk andre premie. Det var svært lite snø i Kristiansand-området den vinteren, så dei hadde fått køyrt på snø berre i sjølve bakken. På flåa hadde dei lagt eit tjukt lag med halm. Etter fullført andrehopp rota Sverre seg så hardt borti halmlaget at han braut av eine foten og måtte på sjukehuset. Det synte seg at foten var avbroten på to steller. Sverre fekk med seg røntgenfoto av leggen heim. Da han synte dette for idrettsvener  på Vinstra, vart det for mykje for ein av dei. Han fall i uvit! Ein annan pokal har denne inskripsjonen: Sollefteå SockensHederspris Norska krigsmästerskapens på skidor 1944. Elles synte Gerd Ingrid Brenden med ei skåpskuffe fylt med sølvtøy av forskjellig slag frå teskeier til store sleiver. Alt saman ein del av premiehausten til Sverre.

Einar og Sverre Brenden var i sine beste år da landet vart okkupert våren 1940. Båe kom snøgt med i motstandskampen.Det låg att mykje våpen etter Møre-bataljonen ovafor Vinstra. Før lensmannen fekk samla alt, hadde Sverre Brenden og nokre til frakta våpen innpå hemsetra Løvingen. Seinare fann Sverre betre steller å gøyme dei, etter han hadde pussa og smurd dei. Ein gong han kom gåande med to rifler under regnkappa, dukka brått to tyske soldatar fram frå skodda, men enste han ikkje.

Sverre hadde mange idrettskameratar rundt i landet. Ei tid fekk han arbeid på Lillehammer, der han fekk små oppdrag frå Halvor Kampen. Når han hvar heime på Vinstra, fekk han spreidd illegale aviser. Dette vart for farleg etterkvart avdi somme var litt lauskjefta. Han var i Oslo litt au, men da tyskarane kom på sporet etter han, måtte han gå i dekning. Dette var i mars 1943. Han hadde avtale med tannlege Øye om at Øye skulle ringe og be om betaling fort, dersom det tok til å brenne under føtene. Ein jernbanekurér fekk varsla tannlegen om at nå var det fare på ferde, og Brenden vart oppringt av tannlegen. Da Brenden var på veg for å høyre kva som var på ferde, møtte han ein kar som var på lensmannskontoret, og som spurde kvar Brenden budde. Sverre svara kjapt:” Jau, han drog åt Lillehammer i dag tidleg, han”. Dermed var det berre ein ting å gjera: å koma seg snarast mogleg i dekning etter tannlegebesøket.

 Fast base i Grøtådalen

Sverre Brenden skaffa seg falske papir tidleg. På eitt av desse grenseboerbevisa går han under namnet Arvid Sørli, født i Sel, med yrke skogsarbeider og fast bopel i Ytre Rendal. Dette var datert 27.januar 1943 med understrift og stempel av lensmannen i Rendal. Dermed hadde han rett til å ferdast i ”Grenzzone Ost” som var Elverum og Kongsvinger politidistrikt. Dette beviset fekk han bruk for. Meir enn 20 gonger kryssa han svenskegrensa, særleg over frå Femundsmarka med Grøtådalen som fast base. Her samarbeidde han mykje med ein annan kjent skiløpar Kristian Lillegjelten (1914-2000) frå Hodalen i Tolga, seinare bonde i Os i Østerdalen. Desse to kjendest nok frå føre krigen, da dei båe var med i fleire mesterskap, Kristian i langrenn og Sverre i kombinert. Kristian var m.a. med i VM i Zakopane i 1939.

 

Motstandsarbeidet blir organisert

Motsetningane kvesste seg til etterkvart med strammare grep frå nazi-styresmaktene og tilsvarande betre organisering av motstandsarbeidet. Av og til førde dette til arrestasjonar og fengselsopphald eller forvisningar. Milorgdistrikt 23 som Midt-Gudbrandsdalsavsnittet høyrde til under, fekk Wilhelm Moberg Nilssen som sjef frå sommaren 1943. Han gjekk i permanent dekning frå juni 1944, fyrst i Gropmarka i Nordre Ål saman med Finn Bjørn Johansen – ”Snekkeren” og Einar Thorsrud – ”Møller”. Deretter til kåken ”Reiret” i ei bergskorte i Uldalen innafor Selsverket frå august fram til Olav Bismo vart skoten i heimen sin på Otta 21.oktober. Etter å ha vore på rømmen sørover dalen fekk dei hjelp frå hans Skribakken i Sør-Fron med å byggje opp pappkåken ”Hiet” i Ulbergskårra, der distriktsstaben vart verande til ved påskeleite 1945, da dei flytte til ”Øverlikåken” i Øyer. Der vart dei fram til fyrst i mai.

Heile tida heldt dei radiokontakt med Forsvarets Overkommando i London (FO) og Sentralsleiinga for Milorg (SL). Finn Bjørn Johnsen hadde kome over frå Shetland i mars 1942 for å byggje opp sambandstenesta og lære opp andre i bruk av morse. I tida 24. januar 1943 til 20 april 1945 vart arbeidet med mottak av flyslepp viktig. Det fyrste var Goppoll-sleppet. I alt tok D 23 i mot 11 vellykka slepp der det meste var våpen, ammunisjon og anna utstyr som vart gøymt bort til Milorg fekk bruk for det. Fronstraktene  fekk flylastene sine på sør-vestsida av dalen, men ved sida av denne tenesta vart det oppretta ei spesiell forsyningsteneste over grensa frå Sverige. Det var desse forsynningsgruppene som gjekk under kodenamnet ”Achilles” som Sverre Brenden var leiar for. Populært vart gruppene kalla ”kamelane”. Dette fortel sitt om korleis mykje vart frakta på ryggen til dei depota som vart etablert. Dei tre lagringplassane i D 23 vart for områda kring Lillehammer, Tretten og Otta. Desse lastene inneheldt alt som trongst for å utstyre Milorg med klede, sko, kartmapper, knivar, lommelykter, sanitetsvesker, økser, spadar, hakker, utstyr for matlaging og mykje meir. Vinterstid dog dei ofte lasta på skikjelkar.

”Tostaurbua” i Sødorpfjellet

I desember 1944 kom det spørsmål frå FO i London om å få organisert ein meldeplass på nordaustsida av dalen i Fron. Telegramvekslinga har Molberg Nilssen teki vare på, og den er slik:

”DUM 49/RE nr. 73 av 21.mottatt fulstendig 2.12.44

”VENNLIGST OPPGI MØTESTED FOR TO INSTRUKTØRER HERFRA STOP DISTRIKTETS VANLIGE STIKKORD VIL BLI BRUKT STOP MØTEPLASSEN BØR VÆRE VED EN SETER PÅ ØSTSIDEN AV DALEN STOP BBC SIGNAL  RPT ARRET PÅ ØYELOKKET BETYR AT AGENTENE KAN VENTES Å VÆRE PÅ MØTEPLASSEN OM TRE DAGER STOP BEKREFT STOP (-)xxx”

DUM 97 Re. Nr 65 av 2/ sendt 3.12.33

” AD DERES SYV TRE AV TO EN STOP AGENTENE MOTTAS  I  DET NORDLIGSTE HUSET SOM LIGGER I NÆRHETEN STORVANNETS ELVEOS STOP SEKS EN FIRE TRE EN TRE STOP NULL NULL FEM EN FEM TO STOP EN MANN VENTER PÅ AGENTENE FRA SÆRMELDINGEN ER MOTTATT OG SYV DAGER UTOVER STOP VANLIG STIKKORD FOR F0 MELDEPLASSER STOP ER MANNEN TILFELDIGVIS UTE STÅR SOM KJENnETEGN TO STAURER OPPREIST VED DØREN STOP AGENTENE VENTER I HYTTEN STOP (-) xxx

Det var den tre år eldre bror til Sverre Brenden, Einar, som fekk ansvaret for meldeplassen ”Tostaurbua” ved Storvatnet. Han hadde dirkete kontakt med D-staben i ”Hiet”. Både ”Achilles”- gruppa og mange som dala ned i fallskjerm, fekk gleda av å nytte denne bua. Litt nordaust for Storvatnet, i Røyskattlia, bygde Brenden-karane ein solid lafta kåk med køyer til to og ein felomn for matlaging. Her var det Sverre og kameraten under dekknamnet ”Halvor” heldt seg gøymt stundomtil. Fjellendet kåken låg i var vanskeleg tilgjengeleg. Likevel var det snushanar ute og leitte av og til. ”Halvor” kom borti ein slik ein par gonger, men da fekk denne snushanen grei beskjed om kva som ville hende med han dersom han trefte på han tredje gongen. Da var dei ikkje plaga av han meir. Sverre gav seg til kjenne. Kassa der meldingane var lagt nedi, var nedgraven godt og tildekka med torv. Denne kassa vart aldri funne av uvedkomande.

I påska 1945 vart den nybygde hytta til Odmund Øyen beslagtlagt av tyskarane. Denne ligg ved Avstjønna, og vart nyttta som base da tyske avdelingar nok trudde dei var på sporet etter dei som gøymde seg ved Storvatnet. Truleg var det språkvanskar som gjorde at dei aldri fann Storvatnet og kåken dei var ute etter. Dei for innover og rundt Krøkla nokre gonger, er det sagt, og hadde for seg noko dei kalla ”der grosse Meer”, men fann vel ut at det vart for langt å gå kav inn til Storsjøen i Rendalen. ”Halvor” og Sverre hadde fått melding om denne razziaen føreåt, og la avstad og kom seg til Sverige før tyskarane tok til å leite.

”Olabu” ved Furusjøen

I ei originalmelding til eit sprengningsparti heiter det slik:

”Syd for Furusjøen ligger et lite tjern, navnet begynner på Ø.- En bekk fører fra tjernet ut i Furusjøen, men bekken kan ikke sees nu vinterstider. Hytte nr. 2 vest for bekkens utløp i sjøen heter Olabu, navnet står skrevet med bokstaver av kroket tvist til høyre for inngangsdøren.

1 1/2  m. rett ut fra den døren som går inn i skjulet ligger en pakke, kasse nedgravd i sneen. Kassen inneholder sprengstoff, visstnok omkr 15 kg. og tilbehør så som lunter av forskjellig type, tidsblyanter, tåkesignaler og lignende Dessuten 50 skudd 15 pistolamunisjon. Denne am. Må dere ikke bruke eller ”okkupere”, men sende den ved leilighet il D.S. Resten derimot, sprengstoff m. tilbehør disponerer dere helt og holdent. Det er nok til mange operasjoner.

 Furusjøen

 NB!: Vet ikke hvem som eier hytten.  Bruk den derfor ikke!

”Olabu” vart mykje nytta av Sverre Brenden og ”Achilles”. Ein gong i slutten av oktober 1944 kom ”kamelane” med store bører sunnantil Frydalen og hadde tenkt seg til bua ved Furusjøen, men dei vart så slitne at dei overnatta på Fryvollen.  I kveldinga neste dag kom dei fram til bua, medan ”Halvor” rigga opp antenna for å høyre nytt, banke det på døra. Sverre Breden smatt inn i det inste rommet. Det var konduktør Iversen frå Lillehammer, som hadde hytta like ved. Han spurde om dei hadde sett noko innbrot. Han kunne da fortelja at den natta dei låg på Fryvollen, hadde Gestapo og tyske soldatar vore på razzia i området. I neste sending med nytt fekk dei høyre: ”Til Achilles. Det er usunt i vest. Unngå smitte”. Etter denne nærpåulykka vart det avtala særmeldingar som

”Månen er nesten rund = kom tilbake for konferanse

Månen er rund = kom tilbake straks

Månen faller = det er razzia

Måneformørkelse = arrestasjoner

Det er vakkert måneskinn = alt i orden”

For nokre år sidan vart det sett opp ei minneplåte ved ”Olabu”. Det er planar om å få opp ei liknande plåte ved kåken i Røyskattlia sommaren 2004. Kåken er ikkje meir. Han vart øydelagt sommaren 1945. Materialane vart nytta til ved og alt det andre vart fjerna av uvedkomande. Det var fare for at krøtter kunne gå seg ned der, vart det hevda.

Gudbrandsdal Forsvarsforening har fått framlegg til tekst på minneplåta til minne om innsatsen som fyrst og fremst Sverre Brenden gjorde under krigen.  Wilhelm Molberg Nilssen har foreslått denne teksta på minneplåta ved kåken i Røyskattlia:

På dette sted lå det i okkupasjonstida 1940-194 en KÅK som ble brukt av transportgruppa  ”ACHILLES”. Gruppa frakta materiell til den hemmelige militære motstandsbevegelsen i D 23 Gudbrandsdal fra SVERIGE til NORGE. Leder for ”ACHILLES” var SVERRE BRENDEN, Vinstra. Vern om minnesmerket.  Gudbrandsdal forsvarsforening

Rikt idrettsmiljø på Vinstra

Brenden-namnet kling godt i øyro på alle som er interesserte i skisport. Slik var det berre for få år sidan da barnebarnet til Sverre og Ingrid, Kristian Brenden, utmerkte seg både nasjonalt og internasjonalt i hoppbakken. I 1930-åra var kombinertløparen Sverre ein av våre heltar. På Vinstra var det Brakjebakken som var hoppbakken den gongen. Slik var det i fleire år etter krigen au. No er det Lobakken vi høyrer mest om.

 Flink treskjærar

Sverre fekk fast arbeid for Vinstra Kraftselskap etter krigen. Her var han lagerformann til han vart pensjonert i 63-årsalderen. Attåt arbeidet vart han med i ”Tormod” – laget i Sødorp og hjelpte til med Lobakken. Han heldt seg i form med lange skiturar vinterstid. Han kunne radt ta seg ein tur heilt innpå Rondablikk etter endt arbedidsdag, fortel Gerd Ingrid. Treskjæring og lafting dreiv han med heilt til eit slag sette han ut av alt arbeid. I heimen like ved Sødorp-kapellet kan vi framleis gle oss over utskorne skåp og anna som er att etter han. Ei stor bjørkerot laga han til fot på det runde bordet som står i stugua til Gerd Ingrid. Men i snikkerbua han lafta opp er det ingen aktivitet lenger.

 

 

Kjelder

Jon Vegard Lunde: ”Det var ei rar tid”, 1982

Wilhelm Molberg Nilssen: I Milorgs tjeneste, 1995

Samtale med  Gerd Ingrid Brenden, Tor Sæthersmoen, Wilhelm Molberg Nilssen, Odmund Øyen,

Jon Holm Lillegjelten, og fleire.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s