Meir enn stor verdi for framtida

årbokgudbrKIRSTI KREKLING: Med avbrot tre år under krigen har Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag gjeve ut 81 årbøker.  Det er ei uvurderleg kunnskapsmengde dei frivillege forfattarane har delt med lesarane. Minnestoffet har meir enn stor verdi for framtida. Like over siste årsskiftet var det ikkje lenger muleg å driva det innhaldsrike  bokutsalet på Lillehammer. Det vart merkbar positiv utvikling då laget fekk eit direktesal og personleg kontakt med kundane. Grunnane var mange til at utsalet måtta stengja. Mellom anna den at det ikkje lenger er eit frivilleg distribusjonssystem. Dei trufaste i kvar bygd som kvart år gjekk dør til dør med Årbok for Gudbrandsdalen, fínnest  ikkje  lenger.

Det er god grunn til å takka dei og takka Anne Hosar, som har vori til eineståande hjelp i alt arbeidet med boka i 20 år.

Truleg har nokon tenkt seg ei temabok i høve 100-årsjubileet for røysteretten for kvinner i Noreg. Om ideen var der, svann aktualiteten då bidrag til 2013-boka kom til redaksjonen lenge før jul i fjor. I skrivande stund har  kvinner gjeve bod om bidrag til neste bok.

Her er innhaldet:

årbokgbinn1

årbokgbonn2

 

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s