Daily Archives: 12. november 2013

Historielaget alt nå messom…

Klikk på bildet, så ser du at dei har det triveleg.

CARL HENRIK GRØNDAHL: «Men du føle de itte litt gåmmål når du bli avbilda tå Fron historielag?» Kommentar til eit bilde på Facebook-sida til historielaget.  «Væt itte om det føles hælt greit å vera i aldersgruppa som ha kome på bilder i historielaget», skriv ein annan. «Oi, i historielaget….nå følte jeg meg gammel….», ein tredje. «Historielaget alt nå messom…» ein fjerde. «Men å bli tagget av historie-laget da gitt. Dere er vel ikke riktig klar for museum enda?». Samla i få ord: Å vera med på bilde presentert av historielaget er så godt som å bli kysst av døden. Javel.  Her kan det vel vera mange tankar å kose seg med?

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Meir enn stor verdi for framtida

årbokgudbrKIRSTI KREKLING: Med avbrot tre år under krigen har Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag gjeve ut 81 årbøker.  Det er ei uvurderleg kunnskapsmengde dei frivillege forfattarane har delt med lesarane. Minnestoffet har meir enn stor verdi for framtida. Like over siste årsskiftet var det ikkje lenger muleg å driva det innhaldsrike  bokutsalet på Lillehammer. Det vart merkbar positiv utvikling då laget fekk eit direktesal og personleg kontakt med kundane. Grunnane var mange til at utsalet måtta stengja. Mellom anna den at det ikkje lenger er eit frivilleg distribusjonssystem. Dei trufaste i kvar bygd som kvart år gjekk dør til dør med Årbok for Gudbrandsdalen, fínnest  ikkje  lenger. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur