Daily Archives: 8. november 2013

Historielaget på fjesboka

facebooksidaFron historielag har fått seg Facebook-side att. Eit supplement til denne heimesida. Facebook er verkeleg eit sosialt medium. Lettare å få til dialog. Bli med og lik.

Frå FB-sida: Anders Bakken: Bra at historielaget er attende på FB. Sammen med den flotte hjemmesida burde det ligge til rette for større engasjement for historielagets arbeid også blant oss litt yngre. Hilsen 32-åring som tenker å melde seg inn etter å ha sett den gode jobben som har blitt gjort med hjemmesida!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Frøningar på Eidsvoll?

Korleis oppfatta og deltok folk i Christians amt, noverande Oppland fylke, i hendingane i 1814 med Riksforsamlinga på Eidsvoll som eit høgdepunkt? Det fortel Tore Pryser om i boka 1814 i Oppland: Bønder, øvrighet og soldater. Boka legg vekt på å sjå 1814-prosessen nedanfrå. Det dreier seg ikkje berre om leiarane, men også om vanlege folk sin mentalitet, og om korleis dei oppfatta det som skjedde.  Bokprosjektet er knytt til Opplandsarkivet og Høgskolen i Lillehammer. Det er også etablert eit omfattande samarbeid med mange lokalhistorikarar og interesserte i dokumentasjons- og formidlingsarbeid.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur