Triveleg møte på Borg i Kvikne

borg

Roger Slåstuen spelte på hardingfela etter Olav Aasmundstad medan Henning Persen trakterte trekkspelet. Foto: Ragnhild Rolstad Aasmundstad.

Søndag var det kulturkveld på bygdemuseet Borg i Kvikne. Borg er eit hus etter folkehøgskolelæraren, lokalhistorikaren og nynorskmannen Olav T. Aasmundstad 1850-1925. Han testamenterte huset til det frilyndte ungdomslaget i bygda. I seinare tid vart det flytta frå heimplassen hans og sett opp att som museum like ved Kvikne kyrkje. 15-20 personar var samla på Borg denne kvelden. Roger Slåstuen og Henning Persen sørgde for at stova vart fylt med flotte toner. Roger har fått låne hardingfela etter Olav Aasmundstad mot at han kjem og spelar på Borg. Marit Håkenstad las frå Vinsterdølen, ei avis som ungdomslaget i si tid gav ut. Magnar Wistad presenterte ein del gamle bøker som hadde kome attende til Borg, medan programleiar Tor Aasmundstad batt det heile saman. Elles vart det avspelt eit opptak med Torger T. Risdal, der han fortel om den fyrste turen sin til Vinstra. I mellomtida var det ein triveleg og sosial kaffipause med artige historier og gode kommentarar. Les meir om Olav Aasmundstad her.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s