
Her orienterer Guri Skurdal Tofte (til venstre), Arve Skurdal (med stokk) og Øystein Losnegard (raud og svart jakke) utanfor den gamle smia til Jarleif Haugen. Guri hadde i det heile ei grundig orientering og det vart såleis reklamert skikkeleg for prosjektet.
Det blei ein triveleg og lærerik tur langs Skodalsåa i dag. Primus motor for prosjektet Skodalsåa kulturstig, Guri Skurdal Tofte og medspelar Øystein Losnegard, orienterte først om prosjektet ved Harpefoss Oppvekstsenter. Etterpå gjekk turen vidare oppover til ei smie frå 1800-talet og ei tørrstugu frå 1700-talet. Les meir