Fron spelemannslag på NRK

fron-spm-lag

Gamle Fron spelemannslag i 1972. Frå venstre: Harald Haug (Vågå), Arne Vangen (Harpefoss), Ragnar Fosse (Skåbu), Paul Brenna (Ruste), Paul Brenden (Skåbu), Terje Bronken (Vågå), Ola Morken (Ruste), Arne Risdal (Skåbu), Iver Fosse (Skåbu) og i midten fremst, Hans Petter Kleiven (Vinstra). Bildet er teke utanfor Vinstra vidaregåande, truleg i samband Peer Gynt-stemnet. Dette året var det ingen aktivitet i Vågå spelemannslag, og det var derfor Harald Haug og Terje Bronken var med.

I 1974/75 var det faste radioinnslag frå den legendariske Heide-butikken i Skåbu. Det var NRK-mannen Arvid Møller som laga desse programma. Han hadde hytte i fjellbygda og kjende såleis bygdefolket godt. På butikken intervjua han forskjellige personar som var innom. Som regel var det bestemte tema og diskusjonar om ymse ting. I samband med dette vart det spelt musikk frå bygda. Fron spelemannslag hadde ofte øving på Samvirkelagskaféen og det var naturleg å hente musikk frå der. Her spelar dei ein tradisjonell reinlendar frå Fron, Liv i fillom.  Opptaket av NRK-sendinga vart gjort med ein gammal bandspelar, og er derfor ikkje av beste kvalitet.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s