Daily Archives: 2. oktober 2013

Ord for dagen

PAUL HENRIK HAGE (frå FB-sida til Fron mållag): Å lage = å prate (mest laust og utan innhald). Å lage ved nokon. Å lagest ved. – Ordet har truleg samanheng med det jyske lave = ymte, meine, tru. Å lage er brukt i Gudbrandsdalen, Folldalen og på Hedmarken.
Hemte bær – eigenleg heimta. Kan og brukast slik: å hemte seg inn att etter sjukdom.  Blå for = viss på (i negativ meining). De ska n vera blå for = Det får han ikkje. Blå = grådig, gjerug, sparsameleg, «passaug» Blå – forsterkande førestaving i ord som blånekke (-nekte), blåheille (-halde).
Blåtak = godt tak eller grep. Blåsur = halvsur (om mjølk). Helesna/elesna = elles. Du lyt tå n dram i kår fot, helesna kjem du te halte.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Språk