Før i tida var jordbruk, jakt og fiske det viktigaste næringsgrunnlaget i fjellbygda Skåbu. I dag står dette att berre som attåtnæring og hobby. Sjølv om det var lange arbeidsdagar og mykje slit, hadde dei faktisk litt fri også. Her fortel Paul Brenden og Torger T. Risdal om både arbeid og fritid i det gamle Skåbu.