RASMUS STAURI: Tidlegare sokneprest Knut Kvidaland i Sør-Fron døydde brått på ei tenestereise til Bangladesh nyleg. Les minneord. Han vart berre 52 år. Familien reiste frå Sør-Fron i 2009, men kom ofte attende til bygda på besøk. Knut og kona Berit og dei tre gutane fekk mange og gode vener her. Prestefamilien tok imot folket og folket tok imot dei. Som eit uttrykk for nettopp dette fekk Berit og Knut Kvidaland Kulturprisen for Sør-Fron i 2006. Knut var prest i beste folkeopplysnings-tradisjon, og han spreidde glede og kunnskap, hadde humor og humør og kom nært innpå folk. Han blir hugsa og takka.
I Fronsbygdin 2004 skreiv han denne artikkelen om fondveggen – veggen med inngangsportalen – til Sør-Fron kyrkje. Les meir