Her fortel dei om møkkakjøring, slakting, matmål, fisking og fritid, originalar og andre skåbyggingar, det gamle seterlivet på Kvamsfjellet, Kviknekyrkja, veving i gamle dagar, overtru i Skåbu, pølsearbeid før i tida, ysting, bjørnejakt, veiding, feiing, måsåtak og det gamle jordbruket i Skåbu, kafédrift i Fron fyrst på 1900-talet, vinterkøyringa i Sødorp, om livet i Sikkilsdalen, om eit jordras i 1927, om gammalt i Sødorp, om Jo Gjende på jakt etter tjuvar, om måsåkøyring og slikt i Kvam, om fornfunn i Skåbu m.m. Du er berre eit klikk unna.
Monthly Archives: september 2013
Alt du kan høyre!
Filed under Folketru, Informasjon, Jakt og fiske, Jordbruk, Kunst og handverk, Setring
Ordtak i Fron
RASMUS STAURI: Ordtak er samla livvisdom i konsentrert form. Fleire av desse ordtaka lever i dag, men mange er sjølvsagt ikkje lenger i levande bruk. Fleire av dei motseier kvarandre, men det er vel berre eit uttrykk for kor mangfaldig opplevinga av livet er? Lær dei og ta dei i bruk! Desse ordtaka er i si tid samla av Even Sveipe (1866-1943) frå Sør-Fron.
Filed under Kunst og handverk, Litteratur, Språk
Meir om: «Hjelp meg å finne ein gard!»
REDAKSJONEN: No har amerikanaren Allan Jothen fått bilde og dei opplysningane ein finn i Norske Gardsbruk og Gardar og slekter i Fron. Dessutan har han fått spørsmål om foreldra, besteforeldra og kven som emigrerte til USA osv. Vi jobbar vidare med saka og håpar lesarane også vil kome med innspel.
ALLAN JOTHEN: The Joten farm in 1865 consisted of my gg grandfather Peder Andersen age 52, his 2 daughters Kari and Ronnog, son in-law and grandchildren… it says farm is Joten in the Ruste census district, local parish is Sothorp, Parish area is Nordre Fron.
Peder Andersen 53 emigration date is April 7 1866 to America. his son Ander Pedersen residence shows Joten u.Hougen – migrated to Trondheim March 24 1863 and later after marriage to Sigrid Rasmusdatter Hoem migrated to America.
Your foto may not be accurate! Thanks for all your efforts.
Filed under Informasjon
Snart er boka her – Fronsbygdin 2013!
Det nærmar seg! Fronsbygdin 2013 kjem rundt 1. november. Med eksklusivt stoff frå utgravingane i forkant av E6-utbygginga, leia av Ingar Gundersen frå Universitetet i Oslo. Oppsiktsvekkjande funn er gjort! Her på ein ny film kan du sjå dei. 16 millionar har desse undersøkingane kosta. I ein velskriven artikkel legg Gundersen fram resultata så langt. En ting er sikkert: Dei var meir garva, dei frøningane som budde her før! Mykje å glede seg til i boka.
Filed under Informasjon
Du har noko du vil fortelje?
RASMUS STAURI: Har du forslag til stoff i Fronsbygdin 2014 eller for seinare år? Vi arbeider med neste års bok for tida. Til inspirasjon legg vi ved foto av påsketuristar som blir rodd heim. Ta kontakt! Årets bok kjem rundt 1. november. Helsing redaksjonen.
Filed under Informasjon
Hjelp meg å finne ein gard!
ALAN D JOTHEN: How do I find an old family farm in the Vinstra area? Is there an e-mail address I can write to?
ANSWER: We have your email-adress. We’ll contact you. The name of the farm?
ALAN D JOTHEN: The farm name that I am trying to locate is the Joten farm in the Vinstra area.
REDAKSJONEN: Er det nokon som kan hjelpe han med informasjon og bilde? Redaksjonen har epost-adressa hans.
REDAKSJONEN: No har vi sendt han bilde og opplysningar frå Norske Gardsbruk og Gardar og slekter i Fron. Dessutan har han fått ein del spørsmål som vi må ha svar på for å kome vidare.
Filed under Informasjon