
«Kanskje vart Pål Kluften såra av motbøren han fekk, frå folk som ikkje tok tankane hans om den historiske Per Gynt alvorleg. Vi kan også tenkje oss at Pål Kluften følte han måtte dra heile lasset åleine.
RAGNAR ØVRELID: Dei første Per Gynt-stemna i 1928 og 1932 var svært personavhengige. Dei kvilte for ein stor del på entusiasme, initiativ, kontaktnett og organiseringsevner hos Pål Kluften. Kanskje gikk han trøtt, kanskje hadde han ikkje tid og råd til å ofre seg for ei slik krevande oppgåver. Kanskje vart han såra av motbøren han fekk, frå folk som ikkje tok tankane hans om den historiske Per Gynt alvorleg. Det kan vi indirekte lese ut av dei arrige svara han leverte mot kritikarane. Etter som vi ikkje høyrer meir om det, kan vi også tenkje oss at Per Gynt-laget ikkje vart meir enn med tanken, og at Pål Kluften følte han måtte dra heile lasset åleine. Les meir →