Efter døden en sømmelig begravelse

Utanfor det gamle bedehuset i Kvam. Bilde frå Kvam Historiske Forening

Utanfor det gamle bedehuset i Kvam i mellomkrigstida. Foto: Kvam Historiske Forening

(Lagt ut først gang 1.5.2013) ARILD TEIGEN:  Gamlefolka Tor og Mari Slåen sto på tur til å gje garden til sonen Thorvald, og det vart sett opp ei avtale som skulle regulere tilhøvet mellom dei to generasjonane i åra framover. I tillegg til husrom for dei to gamle, for til to kyr og to sauer, 450 kg godt byggkorn, 20 kg godt flesk,  ½ mål potetland og opphugget ved måtte Thorvald sjå til at dei gamle fekk ei skikkeleg gravferd når den tida kom.

Utsagnet over er henta frå ei føderådskontrakt datert 30.oktober 1919 frå Øvre Slåen på Sjoa. Går vi attende til året 1797 finn vi likeeins ei føderådskontrakt frå Veikle i Kvam der gamlefolka Iver og Ane og blir lova ei “sømmelig gravferd”. Vi kan gå gjennom kontrakt etter kontrakt av denne typa, og vi vil alltid finne eit punkt om ein “sømmelig begravelse“, “begravelse på christensømmelig måde”, “begravelse som anstendig er brukelig i bygden” eller  “en efter sin stand anstående begravelse“. At dette punktet nesten alltid er med i føderådskontraktene viser kor viktig det var for folk at tilhøva rundt deira bortgang skulle vera prega av høgtid og verdigheit. Ikkje minst fordi gravferda var noko folk hugsa og prata om i lang tid. Om seremonien ikkje var godt planlagt og gjekk etter eit forventa mønster ville det sjølsagt vera ei stor skam for dei etterlatte. I tilegg ville og minnet til den avdøde bli sverta.

Førkristen tid

Sjølv om denne artikkelen tek for seg tida etter år 1000, kan det vera verdt å kaste eit blikk på noko av det vi fortsatt har av førkristne graver i lokalsamfunna våre.

Her står Gravfeltet på Hundorp i ei særstilling ikkje berre lokalt, men og nasjonalt. Som sete for Hovding og Storbondeætt samt omtala som staden fekk i Snorres kongesagaer har garden fått ein unik posisjon i soga vår.

I og med at det var dei øverste sosiale laga i dalen som heldt til og vart gravlagde her, er det usikkert kva gravene kan fortelja oss om skikkane til folk flest i førkristeleg tid.

Det har vore gravlagd folk i haugene i ulike tidsbolkar då ulike tradisjoner har vore rådande. I tillegg har det gjennom historia sikkert vore gravplyndring her. Vi veit og at det har vore amatørarkeologar i sving på 1700 tallet. Desse kan nok i enkelte tilfelle ha tildekka meir enn dei har avdekka av haugenes historie. Til tider kan og haugene ha fungert som reine avfallsdynger. Desse faktorane gjer det vanskelig å påvise kva som var det opprinnelige innhaldet.

Gravrøyser er ei mindre ruvande form for førkristne graver. I Bræbygda finn vi fleire slike. Til tider har kremering også vore ein vanleg skikk og døme på ei slik branngrav finn vi ved Spranget i Rondane. Denne vart utgraven i 1970, og er datert til den eldre jernalderen.

Kristen Tid

Når vi kjem inn i den kristne tida blir det etter kvart slutt på både gravhaugar og likbrenning. Dei døde vart i førkristeleg tid som regel gravlagde i nærleiken av garden eller heimen. Nå kom det lovpålegg om at dei fleste skulle gravleggjast på eit inngjerda område som var vigsla. Kyrkjegardane vart etablert og mange mista nærheita til  dei døde familiemedlemmenes graver. Det finnes likevel graver utanfor kyrkjegardane også i kristen tid. Blant anna er det i Espedalen gravlagd folk ved Stangsgruba. Det er nevnt at dette kan være arbeidarar som har omkome ved ulykker i gruva. Eit anna døme finn vi på Krøkla. Her kom det inn ei melding til oldsakssamlinga i 1979 om ei mogleg gravrøys like ved Per Gynt seterveg. Funna som vart gjort i utgravinga der vart datert til høgmiddelalderen (1050-1300 e.kr).

Seinare er det sett fram teorier om at dette kan være ei Sørsamisk grav. Om det er tilfelle må ein del av lokalhistoria vår endras.

Den store manne dauden og Reformasjonen

I 1349 kom svartedauden til Noreg. Eit fleirtall av prestane døde av pesta, og dette førte til ein akutt mangel på geistlege. Mange kyrkjer stod til nedfalls, eller vart nedlagte på grunn av prestemangelen. Det kan tenkjast at den ekstremt høge dødsrata under sjølve svartedauden og seinare pestbølgjer førte til forvitring eller endring i begravelsesskikkane.

Massegraver vart brukt, og det var nok ikkje støtt så nøye med å følgje gamle ritual og tradisjonar. Redsla for smitta gjorde at det i mange tilfelle var viktigast å få dei døde i jorda fortast mogleg.

Dødstala lokalt veit vi ikkje sikkert, men det har vore gjort undersøkingar for å finne ut kor mange garder som vart lagt øyde etter pesta i dalen. Anslaga gjev følgjande liste:

Kvikne/Skåbu:  80%

Sødorp/Ruste:  75%

Kvam:              70%

Sør Fron:          50%

Vi ser at alle bygdene kjem dårleg ut og til dels er det katastrofale tal.

I ettertida er det all grunn til å tru at det ikkje berre var økonomiske og  politiske strukturer som gjekk i oppløysning, også tradisjonar gjekk i grava saman med pestofra. Kva som forsvant av skikkar knytta til gravferd er vanskeleg å seie, men det er grunn til å tru at dette ritualet var eit av dei  som vart mest påverka og endra under krisa.

Knapt to hundre år seinare kom eit nytt tidskille då den Lutheranske kristendommen vart innført i Noreg. Seremoniane som skulle forandres var dåp, skriftemål, nattverd, ekteskap, ordinasjon, bannlysing og begravelse.

I “norsk kirkehistorie” blir det første århundret etter reformasjonen betegna som “innøving av protestantisk kristendom”. Med andre ord vart ikkje dei katolske tradisjonene forandra over natta.

Nå er  dølene kjend for å være trege, så det drog nok ut før dei nye skikkene beit seg fast. Mange av prestene var også tydleg lunkne i forhald til den nye religionspraksisen, men på sikt hadde dei ikkje noko val om dei ville fortsette i embetet.

Meir interesse for å følgje den nye retninga vart det truleg når bibelen etterkvart kom ut på dansk og vart allemannseige.

Innanfor muren

Ikkje lenge etter at skikken med kyrkjegardar kom , begynte dei sosiale skilla å syne seg rundt kyrkja.

Det var ikkje likesælt kvar den døde skulle plasserast. Gjevaste plassen var inne i sjølve kyrkjebygget. I tidleg kristen tid var det helst kongar eller biskopar som vart gravlagde inne i kyrkja.

Hovdhaugen peikar på at denne tradisjonen forsvann ei stund rundt reformasjonen for så å kome tilbake på 1600-1700 tallet, men nå var det embetsfolka som ordna seg med gravplassar under tak. Frå Sødorp kyrkja kjenner vi til fleire slike graver inne i kyrkja.

I 1910 kom ei innmurt grav for dagen da dei skulle ta ned kyrkja. Prost Hiorthøy hadde på 1770 tallet skildra grava: “Under trappen til det ene kors er en muret begravelse tilhørende den forrige Foged Christen Pram og Sorenskriver Hauritz”

Her ser vi korleis embetsstanden kunne ta seg til rette og gje seg sjølv og sine ein siste kvilestad som ikkje andre i bygda var forunt. Heilt sikkert hadde dei betalt for plassane og fått lovnad på dei frå kyrkja mens dei enda levde.

Det eine liket i Sødorp hadde og helde seg uvanleg godt, noko som tyder på at det var balsamert. Vi har fleire døme i dalen der storfolk vart balsamert før dei vart gravlagde.

Embetsfolka utgjorde berre ein ørliten del av befolkninga i Noreg, men i mangel av ein sterk norsk adelsstand tok dei rolla som elita i samfunna våre i dalen.

Dei var prestar, fogder, skrivarar og høgare offiserar. Dei var boklærde og sjølbevisste folk som hadde skaffa seg mange privilegier og ofte hadde dei utanlandsk familiebakgrunn. Tankegangen deira var at når dei var dei fremste i samfunnet i dette livet skulle dei og ha ein framtredende plass i det neste livet. Plassreservasjonane øverst ved bordet skulle altså  gjelde så vel på jorda som i himmelen.

Ute på sjølve kyrkjegarden var det og ei klar rangordning. Dette var til og med lovfesta i Eidsivatingslova. Her var det om å gjera å få plass under

takdryppet på sørsida av kyrkja. Regnet og smeltevatnet som hadde berørt kyrkjetaket var heilagt og ville derfor velsigne grava som det fall på.

Her var det det bondeættene frå dei største gardane som rådde. Lenger ute på kyrkjegarden kom så leilendingene, småbøndene og husmennene. Kloss intil kyrkjegardsgjerdet, ofte i det nordvestre hjørnet vart dei lutfattige og dei jordlause plassert. Hovdhaugen seier at “vel var det vigsla jord og heilag jord, men det var ei jord det ville vore ei grov fornærming for dei fleste å kvile i”. Trua på at det nordvestre hjørnet var simplare  enn andre stader heldt seg heilt inn på 1900 tallet.

Utanfor muren

Om det var stusslege plassar inne på kyrkjegarden var det likevel ein lagnad som var regna som verre enn å ligge i det nordvestre hjørnet.

Utafor kyrkjegarden havna dei som ikkje var verdige til å kome i vigsla jord; mordarar, sjølmordarar, dei udøypte barna, dei som dreiv vranglære og dei bannlyste.

For desse var det evig fortaping eller eit tilvære som onde åndar som venta.

Barnedødlegheita var høg så dei udøypte vart ei stor gruppe utafor gjerdet..

Dette synet på dei udøpte gjorde at foreldra vart svært påpasselege med å få døypt ungar som var spesielt svakelege så fort som råd etter fødselen. Ironisk nok var det ikkje sjeldan at det var ei lang, strevsam og iskald ferd vinterstid som tok livet av dei små, i tillegg var det ikkje mykje varme å få når ein endeleg kom fram til kyrkja.I fronsbygdene var det ikkje fyring i kyrkjene før på 1870-80 tallet.

Ein av dei mest navngjetne som har havna utafor kyrkjegarden i Fronsbygdene er oberst George Sinclair som angiveleg fell i Kringen i i august 1612. Liket av Sinclair skal ha vore med fangetransporten som stoppa på Kvam.

Når det vart snakk om å få mannen i jorda vart det ikkje aktuelt å gravlegge han inne på kyrkjegarden ved Vik. Ein slektning av Sinclair skulle seinere ha kome til Kvam for å oppdage at bøndene hadde gravd han ned utafor kyrkjegardsgjerdet og reist ein enkel trestolpe over grava

Det stusslege gravminnet og det faktum at obersten ikkje hadde komme i vigsla jord var sjølsagt vanærande både for han sjølv og for slekta hans. Nå vart Sinclair sett på som ein av leiarane og det gjorde at han i alle fall fekk eit synleg gravminne. Eller kanskje det skulle fungere som ei skrytetavle for bøndene.

Dei andre soldatene som følgde med til Kvam fekk ein enda mindre ærefull slutt. Etter at dei hadde vorte henretta oppe ved skottelåven på Klomstad vart dei i følge soga velta i ei massegrav lenger nede. Staden gjekk i alle år etterpå under navnet skottehaugen og vart ikkje heilt fjerna før jernbana brøyta seg veg gjennom bygda på 1890 tallet.

Sekstenhundretallet ser ut til å ha vore ei tid da vald og udåder florerte i Fronsbygdene. Det var ikkje berre mordarar, røverbander og framande hærstyrker som stod for overgrepa, dei lokale bøndene og embetsfolka ser ikkje ut til å ha vore mindre råe i så måte. Omtrent Samstundes med at Sinclair utånda ved Kringen nådde hekseprosessane bygdene våre for fullt . Det vil seie allereie i 1575 hadde det versert ei sak mot ei Karin Sjursdotter ein stad i Gudbrandsdalen.

Magnhild Bruheim har studert “trolldomssaker” frå Gudbrandsdalen og funne 27 saker i dalen mellom 1575 og 1730. Av desse skal det vera 11 dødsdommer.  Fire av dei dødsdømte skulle vera frå Fron; Barbara Amundli, Karen Berge og Ingrid Olufsdotter vart alle dømt i 1619 og året etter gjekk Sigrid Herdal same vegen. Om desse verkeleg vart brent veit vi ikke, men vi kan seie at dei som vart dømde i trolldomssaker vart skulda for å stå i ledtog med styggen sjøl. I ettertid veit vi at det var ymse bakgrunn dei hadde. Nokon hadde lært seg naturmedisin og fungerte som bygdedoktorar, andre oppførte seg rart og var det vi i dag vil kalla mentalt ustabile mens enkelte var i opposisjon til kyrkja og forfekta ei anna lære. Vi veit og at bygdekranglar kunne ende med skuldingar om hekseri og trolldom slik at det vart personlege ting som kunne føre folk til bålet. I tillegg finn vi og dei som verkeleg hevder at dei står i leietog med mørke makter. Uansett kva grunnlag dei var dømde på, til kyrkjegarden kom dei ikkje. Bålet skulle sørgje for å gjera ende på ondskapen deira, både kroppen og sjela.

Meir tradisjonelle brotsmenn havna og i klypa på øvrigheita. I 1691 vart omstreifaren og mordaren Seggert Eivindsson avretta i Fron. Han hadde begått minst to mord, det eine i Kvikne og det andre på Sunnmøre. Seggert var ikkje lokal, han hadde rømt frå militærtjeneste på Akershus og streifa rundt mens han livberga seg på kriminalitet.

Han fekk ein særskild grotesk slutt på livet. Kroppen vart sunbroten med stegle og hjul. Ei bestialsk avrettingsmetode som inkluderte tortur. Hovud og hender vart skild frå kroppen og sett på stake til skrekk og advarsel. Seggert representerte personar som ikkje kom i jorda i det heile, levningane vart som regel etterlatt som føde for villdyra.

Det var altså eit variert persongalleri som havna utanfor kyrkjegjerdet og formelt vart det ikkje slutt på denne sorteringa før seint på 1800 tallet. Frå 1897 kom det ei lov som sier at “utenfor kirkegård må ikke begravelse finne sted uten kongens tillatelse“.

At det ved særskilde tilhøve skjedde etter dette veit vi, fleire døme finn vi våren 1940. Etter at kampane i dalen var over vart mange soldatar mellombels gravlagde nær der dei fall. I Bræbygda var det fleire graver ved fengselet, rundt om i Kvamsbygda var soldatar gravlagde både på jorder og i utmark. Jamvel i stasjonsparken på Vinstra var det ei soldatgrav. Det var både tyskarar og engelskmenn som vart gravlagde på denne måten.  Seinare på sommaren vart desse provisoriske gravene teke opp, og dei fleste engelskmennene havna hovudsakleg i fellesgraver på Kvam og Nord-Sel kyrkjegard. Tyskarane vart fløtt til Lillehammer og seinere til Oslo.

Kiste og Klede

Tradisjonen med å legge ned den døde i ei kiste vart vanleg i kristen tid. Folk ordna seg sjølv med vyrke som vart høvla og lagra på garden og av og til snikra dei seg ferdige kister som stod klare. Staslege kan ein knapt kalla dei, for den jamne bonde var det snakk om ei enkel rektangulær kasse av høvla materiale. For fattigfolk kunne den og være uhøvla . Fram til ca.1920 var sotsverta kister det vanlegaste i vårt distrikt. Etter dette kjem dei ljosmåla kistene i bruk. I 1718 kan vi skimte at det var deler av befolkninga som hadde tilgang på meire forseggjorte kister. Dette året vart det inført skatt på eikekister i Noreg. Presten Ottho Munte i Fron fekk eit purrebrev frå futen Brun det samme året. Saka er at presten ikkje har sendt inn oppgaver over denne skatten. Svaret er kort og greit:

“At egetræ ey finis udj Froens Sogn ey heller nogen Ligkiste av den sort udj lang  tid har været til brugt,

Test: Ottho Munthe

Froen d: 11: Jan: 1719”

Før den døde vart lagt i kista vart det sendt bod etter ei eller to kjerringer i grenda, som var vant med å stelle dei døde. Som regel var det godt vaksne kvinnfolk som hadde denne oppgava.  Når avdøde så var vaska, stelt og lagt i kista vart kista plassert på stabburet eller på kjøringa på låven for likskue.  Når seremonien skulle begynne vart kista bore inn i stuggu. To ljos vart som regel tende ved hovudenden.

Kledning til den avdøde har og variert noko opp gjennom tida, Somme var retteleg godt forberedt på den siste ferda. Ei stund etter reformasjonen vart folk begrave i finstasen hvis dei åtte det. Seinare kom likskjorta. For karane sin del kunne dette vera skjorta som dei hadde fått sydd seg til sitt eige bryllup. I lågere lag kunne det hende at det rett og slett ikkje var råd til likklede.  På ein stad i Bræbygda var armoda så stor at da eit mannleg familiemedlem gjekk burt tidleg på 1900 tallet vart han lagt ned i avispapir. Ikkje eingong i døden vart enkelte kvitt fattigstemplet.

Likvake

Som oftast var det yngre folk som vart satt til å vake over den døde. Problemet var at der det samlast fleire unge folk kunne det fort bli “kvekt”. Det er kjend at skikken utvikla seg etterkvart som samlingsstunder for ungdommer i grenda og det er sagt at det utarta seg med både drikking og dans. Så gale måtte det ha vore at øvrigheta tilslutt ville ha lovforbod mot skikken. I tillegg kan tradisjonen være ei overlevning frå hedensk tid som kyrkja ville bli kvitt, og i 1607 kom forbodet, men å prøva å kvele skikkar som har så djupe røter som denne blir sjelden vellukka. Så trass i forbod heldt skikken seg i over 300 år til. Når siste vaka i Fron har ikke vore rå å få greie på, men til midten av 1800 tallet var det i alle fall tilfeller av likvake her. I norddalen,  i  Garmo skal skikken ha vore praktisert så seint som i 1916.

Likferdfølge på Solbrå.   Foto: Hans H. Lie

Likferdfølge på Solbrå.
Foto: Hans H. Lie

Grenda og Grannelaget si rolle

I eldre tider hadde nærmiljøet ein mykje viktigare funksjon en den har i dag når det gjeld avviklinga av gravferda. På 1700-1800 talet var det blant anna vanleg at det var folk frå grannelaget som stod for mykje av førebuingane og gjennomføringa av gravferda. Bygda var delt inn i “bearlag” eller “belag”. Til dømes kunne Leinbakken i Kvam vera eit bearlag. Det var da gardene og plassane i den grenda som stod for alt det praktiske når ein granne var gått bort. Gravinga på kyrkjegarden er eit døme på kva naboane kunne gjera. Det var og vanleg at ein person frå grenda for rundt for å be inn til gravøl. I tidleg tid muntlig, og seinere vart det vanleg at han kom med skriftleg bod. Denne funksjonen har blant anna vore kjent som “Kjellarmann”, “bodsmann” eller ein “bjodar”. I Fron heldt den skikken seg fram til på 1940 tallet, då vart det avisannonsane som stod for mykje av informasjonen rundt dødsfallet. Det skulle og vera ein “føregangskar” og ei eller fleire “føregangskjerringer” som ynskte velkome på gravølsdagen. I tilegg hadde dei eit slags overordna ansvar for å sjå til at laget gikk for seg slik det skulle. I dag brukes ofte utrykket  “toastmaster” om ei rolle som har litt av dei same funksjonane i seg. I tilegg  vart det forventa at gjestane hadde med seg sending. I ei sending i Fronsbygdene kunne det til dømes vera avletto, stomp,  tunnbrød, rømmegraut, gryngraut (i seinere tid), ost, smør, rømme eller kjøttmat .

Systemet med bearlag gjev oss dermed eit bilete av gravferda som ein stor dugnad der dei pårørande var sikre på å ha mange og gode hjelparar både før og under gravferda. Det er også klart at dette var ei anledning for ætta og grannelaget til å samlas. Bearlaget ser ut til å ha vore ei fast sosial gruppe i samfunna våre. Det var nemlig dei same folka som og møttes til andre sosiale lag og høgtider.

Gravøl

Den dag i dag blir utrykket “gravøl” brukt sjølv om ølbruken er minimal ved moderne gravferder. Før var det imidlertid viktig å bryggja nok øl til tilstelninga. Ofte vart det knapp tid til å brygge hvis nokon døyde brått og uventa. I andre tilfelle viste ein kva veg det bar med ein som var sjuk eller gammal, dermed kunne ein starte brygginga sjølv om personen fortsatt var i live. Skikken med gravøl går langt bak i førkristen tid. Den tidlege kristne lovgivninga i Noreg stilte seg sterkt kritisk til denne heidningeskikken, men tradisjonen med gravøl var nok så rotfesta at det gjekk mange hundreår før den forsvant. I fronsbygdene var det gravøl fleire stader fram til på 1850 tallet. Særleg på 1800 tallet auka alkoholforbruket sterkt og brennevinet vart meir utbreidd. Det var derfor ikkje uvanlig at fylla tok overhånd og øydela det som skulle vera ei høgtidleg og alvorsfyllt stund. Samstundes vann Avholdsforeningene fram i denne perioda og skikken forsvant gradvis mot slutten av århundret.

Heimen som sentrum for gravferda

Det var alltid heimen som var utgangspunkt for gravferda. Dei fleste som døyde ein naturleg død var heime i dødsøyeblikket. Som døme kan vi ta føderådskona i Stanviken i Bræbygda. Ane Stanviken (f.1839 Forreløkken) som gjekk burt morgonen 12.mars 1926. Dottera Anne og svigersonen Iver var brukarar på Stanviken på dette tidspunktet. Det var derfor sjølsagt at det vart dei som måtte ordne med gravferda og det var ikkje eit lite arbeid som låg føre dei. Dottera deira, Magnhild Aarnes, fortel:

-Det måtte vaskas rundt, det måtte bakast brød og kake, det måtte gjeres i stand senger for gjestar som kom langvegsfra, det mått lånes møbler/bord i grenda, det måtte slaktes ei kvige eller ein okse, det måtte skaffes 2 kokker, det måtte skaffes ei føregangskjerring og dette var berre ein liten del av det som måtte gjerast.

I tilegg kom mange av gjestane med hest og dei måtte Iver Stanviken og gardskaren ta seg av. Folket som skulle til Stanviken desse marsdagane måtte og varslast. Det var greit med dei som budde i grenda, men det var fleire av slekta som budde lenger unna. Det vart derfor avertert 2 gonger i Gudbrandsdølen der det var presisert at “Utenbygds bes komme dagen forut”. Det kom folk frå følgende stader: Ny-Sandbu, Gammel-Sandbu, Øvre Slåen, Nedre Slåen, Vokterboligen, Nordre Koloen, Åmodtsrunningen, Stanviksranden, Nordre og Søndre Haugen, Storrusten, Ytre Varphaugen, Nyheim, Årnes i Fåvang, Midtmoen i Ringebu, Forreløkken på Sør Fron, Resset, Teigen i Kvam, Slette, Øyen, Nordre Vangen, Nordre og Søre Eide, Resløkken, Brekken, Lillerusten, Bragelien, Rustbakken, og Fra Suleng på Sør Fron og folk frå Dombås.

Eit anna døme er fra Kvam i 1930. Einar Teigen var berre fem år da bestemora Anne Teigen (f.1842 Tho) døde på Nedre Teigen i Kvam året 1930. Han kan hugse at det vart sendt bod etter to kjerringer frå bygda som skulle stelle den døde. Han meiner å hugse at dei to var Oline Nordlien og ei frå Tangen. Han hugsar at kista vart sett på låven, og seinare på ei kjerre som tok ho dei få metraene bort til Kvamskyrkja. Heile tida gjekk klokkaren fremst og sang. Olga Teigen (f.1920 Klevstad) var i det same gravølet og kan spesielt hugse maten som vart servert. Som det sømde seg var det bakst og rettar som var rekna for høgtidsmat som vart servert . I dette tilfellet kunne Olga hugse at det var steik med grønnsaker og det at det og var dessertbord med blant anna sviskekompott.

Ikkje rekna for høgtidsmat i våre dagar, men bra og uvanleg servering å få i mellomkrigsåra.

Å synge ut den døde

Paul Botten Hansen frå Sel beskreiv i 1853 fleire sider ved dølenes gravferdsskikker, blant anna skikken med å “synge ut liket” frå heimen:

“Efterat de forsamlede gjæster have indtaget mad og drikke, synger en nabo eller stedets skolemester en liigsalme, idet kisten bæres du af stuen, hvilket kaldes at synge liget ud”

I mange tilfelle var det klokkaren som stod for synginga, og  klokkar og lærar var ofte  ein og same person i bygda.  Det kunne vere andre i grenda som og hadde god sangstemme, på Nigard Bu i Bræbygda var gardbrukaren Amund Olsen Bu (1739-1802) særskild kjend for å ha ei sterk røyst. Det er fortalt at da han skulle synge ut Hans Bræe så høyrde dei han heilt til Formo på Sel. Sjølvsagt ein overdrivelse som har kome til i ettertid. Likevel var det nok eit faktum at Amund kunne synge. På Bu gardene “heldt dei seg til boka” og dei vart tidlig tilhengere av Hans Nilsen Hauge. Slike folk var godt vande med å synge.

Ein annan som og kom frå ein Haugianarfamilie var husmannen Per Buøien (1824-1899) frå Kvam. Han fløtte etter kvart til Heidal og der er det fortalt at han ein gong song ut tre syskjen som hadde døydd omtrent samtidig av difteri på eit bruk i Nedre Heidal. Smittefara gjorde at det ikkje vart organisert vanleg gravøl. Dei tre kistene vart plassert på tunet, og Per tok oppstilling på ei stor stein innafor stuggu der den kraftige røysta hans bar utover gardstunet og grenda.

Gravminna

Å sette opp eit handfast gravminne over den døde er noko som faktisk ikkje når dei breie lag av folket før på 1700 talet. Går vi frå 1700 tallet og bakover så finn vi at dei fleste som døde havna i ei umerka grav. Dette hadde med status og rang i samfunnet å gjera. Å få reist seg eit handfast minne i tre eller stein synte at dette hadde vore ein viktig borgar i lokalsamfunnet. Det var også ei økonomisk side ved det å få eit merke etter seg . Å få sett opp eit gravminne på 1600 tallet kunne vera eit tungt økonomisk løft. Ein måtte ut med ca. 10 daler (verdien av 3 kyr). Dette var det eit fåtal som hadde råd til. Det vi finn av gravminner frå før 1700 i Fron er ofte steinar forma som solhjul. Dei har som regel ikke inskripsjonar, men har vore reist over folk frå det øvre sosiale laget i bygda. Gravplater over embetsfolk finn vi også frå denne perioda. Treminna som måtte ha eksistert er naturleg nok forvitra. Dei kunne vera forma som trekors eller det kunne vera enkle plater som var meir eller mindre utskorè. Frå midten av 1700 talet ser vi at det blir reist fleir og fleir gravminner og nå er det og andre sosiale lag av folket som er representert .

Valen-Sendstad har studert gravminner i dalen og meiner ein viktig grunn er at fleir og fleir bønder vart sjøleigarar, og at dette styrka identiteten og sjølvkjensla til mange.

Brett av tre vart mykje brukt i denne periode, og studerer vi bilete frå kyrjegardane frå seint 1800 tall eller tidlig 1900 tall ser vi at dei dominerer rundt kyrkjene både i Sødorp og Kvam. Naturleg nok er det få av desse som er bevart, men på Sødorp kyrkjegard finnes det fleire av dei. Eit anna lokalt råmateriale som etter kvart vart brukt til gravminner var klebersteinen. Fronsbygdene vart i periode 1820-1850 kjerneområdet for gravminner av kleberstein, og nokre av dei har havna i samlinga på Maihaugen, men det står fortsatt ein del att på kyrkjegardane.

Frå Sør Fron vart Kristen Listad(1726-1802) kjent som ein av dei store bygdekunsterne på 1700 tallet. Det er først og fremst interiørarbeidene han gjorde i kyrkjene i Fronsbygdene og Ringebu som har gjeve han ein særskild status. I eldre år forma han og gravminner i kleber. Av dei som er at er alle i Ringebu. I Kvam var det og fleire dyktige steinhoggarar. I 1801 finn vi 2 som har oppgitt “klebberhugger” som yrke. Jakob Pedersen Stø og Torger Nicolaisen i Støsrusta.

Den mest kjende kvamværen som forma steiner i kleber var Peder Lien. Han var født i Skåbu rundt 1795, vart gift i Kvam og skal ha laga over 300 gravminner. Meir enn 200 av dei i kleber og resten i tre. Som mange andre av steinmakarane hadde han erfaring frå treskjæring og den teknikken lot seg lett overføre til kleberarbeidet. Redskapene han brukte var og dei same enten han skar i tre eller kleber.

Andre materialer kom til på 1800 tallet.

Mellom anna blir støpjernskorts teke i bruk som ei reint mellombels type gravminne på slutten av århundret for seinare å forsvinne heilt.

Sjølv om det utover på 1800 tallet vart produsert gravminner i lokalmiljøet var det så seint som i 1880 fortsatt fleire navnlause gravar i Fron. Eit vedtak som vart gjort i Sør Fron i 1888 fortel om dette. Da vart det bestemt at frå nå av må alle innan 6 måndader sette opp eit varig merke på gravene. Vart ikkje dette gjort hadde kyrkjetjenaren ordre om å sette opp eit gravminne på dei etterlattes rekning.

Prestens rolle og bruk av Kyrkja

Eigentleg spelte både presten og kyrkjebygningen lenge ei beskjeden rolle ved gravferda. Ved gravferd i Annekskyrkjene i Fron ser det ut til at prestane i liten grad deltok. Det vart til at han jordfesta den døde ved den fyrste Gudstjenesta etter gravferda og den som kunne betale for seg kunne og få ei likpreike av presten.

Innhaldet kunne vera så som så. Hovdhaugen beskriv dei som “..vidløftige teologiske spekulasjoner.. I ein svulmende språkbruk får vi ein kritikklaus lovprising av kor dygdfull og from den avdøde har vore”.

Gratis var preika som sagt ikkje, den var tvert i mot ei viktig inntektskilde for presten. På 1600-1700 tallet var den verdsatt til ei ku. Ein slik pris ekskluderte sjølsagt store delar av befolkninga frå å få nokre godord med på den siste ferda.

Fråværet av prest førte og til at menigheita ved annekskyrkjene vart noko likesæle med å melde fra om dødsfall. Soknepresten i Nord Fron klaga i 1883 over at det kunne gå eit halvt år før folk varsla han om gravferder. Dermed er det og grunn til å stille spørsmålstegn ved datoene som er oppført i kyrkjebøkene. Svært mange kan der være registrert med feil dødsdato. Langt inn på 1900 tallet begynner gravferdsseremonien så smått å flytte inn i Kyrkja og det er framtredene avdøde som slepp til fyrst. Frå norddalen kjenner vi et tilfelle av at ei kjerring vart sett inn i kyrkja i 1927 fordi ho hadde gjett grunn til kyrkjebygningen. I Fron følgde dei nok same skikken. I 1936 diskuterte herredsstyret i Nord Fron om det skulle byggjast gravkapell i Kvam. Representanten P.M. Sandbu stillte i den forbindelse spørsmålet om dei ikkje no kan setja kista inn i kyrkja og ta høgtida der. Ordføraren svarte:

“Det høyres svært vakkert ut å ta liket in kyrkja. Men det har vore brukt berre ved større høve. Vanskelig å få innført den skikken”

Kva som var “vanskeleg” med dette gjekk ikkje ordføreren nærare inn på, men det synes som om kista ikkje vart sett inn i kyrkja før etter den andre verdskrigen.

Folketrua

Folketru eller det mange kaller overtru har variert over heile landet. Det meste av det vi finn i Fron finn vi heile dalen. Eit fenomen som hadde overtru i seg men som og fungerte som ein praktisk varslingskanal var brenninga av likhalmen. Når naboene såg røyken eller flammane frå den dødes sengehalm var det eit varsel om at nå var det slutt.  Så seint som i mellomkrigstida vart det brend likhalm på Fron.

I tidlegare tider var det og ei frykt for at den døde skulle  gå att. Med brenninga fekk ein fjerna alt av svette eller blod frå den døde. Hvis noko av dette vart at i senga ville ikkje avdøde få fred. I tillegg vart det halde nøye auge med kor røyken frå likhalmen drog. Retningen fortalde kvar neste dødsfall skulle komme.

Ein annan skikk som vart brukt i Fron i alle fall til 1800 talet var å bære kista 3 gonger rundt stugu. Det er motstridande syn på kva det skulle bety men både avskjed med heimen eller forvirre den døde slik at han ikke skulle gå at ved heimen er nemde.

Det same skal ha vore praktisert ved kyrkja der ein skulle gå 1, 2 eller 3 gonger rundt kyrkja med kista.

Eit fenomen som ein har høyrt tale om heilt fram til vår tid er “nålyset” eller “daumannsljoset” som det vert kalla på Fron. Dei fleste har beskrive fenomenet kan fortelle om eit matt blåleg skjær som viste seg i nærleiken av staden der nokon skulle døy. Både inne og ute vart ljoset observert. Det kunne være over senga til ein eldre person, ved elva der nokon seinere drukna eller i moderne tid langs vegen der nokon seinere mista livet. Spesielle lyder kunne og fungere som varsel. På Fron prata ein om eit smell som ofte kunne høyres i forkant av eit dødsfall. Denne lyden vart kalla “Daumannsskrell”.

Fleire dyr har vore tolka som varslarar før nokon skulle døy. Vart reven observert heilt inne på dørhella var det fare. Høyrde ein ei ugle nær husa var det eit dødsvarsel for huslyden og den kanskje mest kjende varianten var om hakkespetten gjekk laus på stoveveggen det var regna som eit sikkert dødstegn.

Til og med småfuglen kunne være skummel- hvis han sette seg på glaskarmen!

Korleis såg folk på døden og kva har endra seg?

Forfedrane våre hadde nok eit tosidig forhold til døden. På den eine sida var dei prega av forhold som låg gjennomsnittlig levealder og ( karar i Norge vart i snitt ca. 54 år  rundt år 1900) høg spedbarnsdødlegheit. Dette gjorde døden til ein naturleg og hyppig gjest på gardane. På den andre sida var  tankegang og ritual rundt gravferda og til tider sterkt prega av overtru og frykt for at den daude skulle gå att. Det vart ofte ei meiningslaus tolkning av alt som skjedde i og rundt heimen før, ved og etter eit dødsfall.

Dei gamle gravferdsskikkane syner oss også tett sammensveisa lokalsamfunn der evna til samarbeid og til å støtte kvarandre var velutvikla. Staten og øvrigheta var i lange perioder svært lite involvert i prosessen rundt naturlege  dødsfall. I dag er dette førehaldet snudd på hovudet. Gravferda i dag er i stor grad ei oppgave for gravferdsbyrå, helsetjenesten, serveringsstader og andre private og offentlige aktører.

Litteratur

Christiansen Reidar Th.: “Norsk Folkeminne” (Oslo norsk folkeminnelag 1925)

Engen Arnfinn og Stauri Rasmus (Red.): “Hundorp Tusenårsstaden i Oppland” (Det norske samlaget

2005)

Engen  Arnfinn: “Treskurd og treskjærarar i Gudbrandsdalen” (Thorsrud a.s. 1998)

Espedalen- Peter Megrund forteller (Eget forlag 1972)

Garmo Sokneråd: “Garmo Kyrkje og Sogn” (Garmo Sokneråd 1979)

Gjessing Thale: “Gudbrandsdalens Folkedrakter (De Sanvigske samlingers skrifter 1948)

Grieg Sigurd: “Gudbrandsdalen i mellomalderen-bind 2 (Kulturhistorisk samskipnad for Gudbrandsdalen/De Sandvigske Samlinger 1958)

Grimstad Edvard: Etter gammalt III (Norsk folkeminnelag 1953)

Hemgrenda 2008: artikkel av Magnhild Bruheim (Ringebu Historielag)

Hodne Bjarne: “Å leve med døden” (H.Aschehoug & co. 1980)

Hovdhaugen Einar: “Vårt møte med døden” (Det norske samlaget 1981)

Hovdhaugen Einar: “På kår” (Det norske samlaget 1984)

Hiorthøy  H.F.: “Beskrivelse over Gulbrandsdalens Provstie” (Ny utgave; Lokalhistorisk Forlag 1990)

Kleiven Ivar: Fronsbygdin (H. Aschehoug & Co. 1930)

Landsverk Halvor (red.): Gilde og Gjestebod (Det norske samlaget 1967)

Maihaugen 1953-56 (De Sandvigske Samlinger 1957)

Mitchell Thomas: History of the Scottish expedition to Norway, 1612 (Edinburgh 1886)

Ottesen Per: “Sødorp Kyrkje 1752-2002” (Sødorp Sokneråd)

Schøning Gerhard: “Reise giennem en deel af Norge- tredje bind (Tapir 1980)

Teigum Ivar: “Bygdebok for Vågå og Sel-band 1” (Vågå/Sel kommune 2001)

Teigum Ivar: “Bygdebok for Vågå og Sel-band 2” (Vågå/Sel kommune 2004)

Valen-Sendstad Fartein: “Gudbrandsdalen i middelalderen-garden og samfunnet” (Kulturhistorisk samskipnad for Gudbrandsdalen/De Sandvigske Samlinger 1956)

Visted Kristoffer og Stigum Hilmar: “Vår gamle bondekultur 1 (J.W. Cappelens Forlag 1951)

Øverli Ragnar: “Historia om Fron fram til 1940“(Fron Historielag 1987)

Årbok for Gudbrandsdalen 1974, 1981 (Dølaringen Boklag)

Årbok for Maihaugen 1995: “Det mjuke berget-kleberstein i Gudbrandsdalen“

– artikkel av Kåre Hosar (Maihaugen 1995)

 

 

 

Andre kjelder

 

Dagningen  5 og 6 desember 1994

Dølen 18.oktober 2007

Folketellingene for Fron 1801

Føderådskontrakt frå Øvre Slåen datert 9.mai 1919

Norddalsarkivet Vågå

Ringebu Stavkyrkje (hefte utgjeve av Stiftelsen Ringebu samlingene)

Samtale med Einar Teigen (f.1925)

Samtale med Magnhild Aarnes (f.1914)

Samtale med Olga Teigen (f.1920)

Websidene til Bredebygden historiske selskap:

Om nigard Bu av  Hans-Olav Hansen Møller

Om Stanviken av Dag Bjørnar Mork

 

 

Éin kommentar

Filed under Folketru

One response to “Efter døden en sømmelig begravelse

  1. Tilbakeping: Norway: Three dates of death | Norwegian Genealogy and then some

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s