Monthly Archives: juli 2013

Om Peer og Per

Mor Åse, Solveig og Peer på trappa på Per Gynt-garden i 1928. (Foto: Pål Kluften)

RAGNAR ØVRELID: Ibsen gav sin Peer to e-ar, fordi han etter regelen brukte ein ekstra e når vokalen var lang. Ibsens Peer er grei nok, han er diktarens eigen skapning, i mangt bygd på Goethes Faust, og på lokale tradisjonar og skrøner frå Gudbrandsdalen. Den lokale  Per er meir problematisk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Veving

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Det var ikkje berre maten dei måtte produsere sjølv før i tida. Dei måtte også lage klede for å halde varmen. Vadmålsklede (ullstoff) var særleg viktig i så måte. Veving er ein viktig teknikk i produksjon av tekstilar. Her fortel Anna Tokse (f. 1904, Nigard Skoe) og Anna Stenseng (f. 1894, Sygard Brandvol) om denne viktige verksemda.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Kvinner, Uncategorized, Verksemder

God hjelp på Facebook…

Nokon som veit noko om dette bryllupet?

Nokon som veit noko om dette bryllupet?
Bjørg Haave: Fra venstre side, bak 1.mannen, ser ei dame fram på høgre sida. Ho ligner på min bestemor Margot Haave f. Falkenhaug, g.m. Kristian Haave som jeg tror står bak ho (ei dame i mellom)
På Facebook-sida Du væt du e frå Sør-Fron når… får du hjelp:
Rigmor Kristin Nordby: Min mor, Gunvor Nordby, tror helt sikkert at dette er bryllupet til Tora født Volden og Olaf Heimlund. Hennes mor (min mormor Kari født Volden, gift Bredeveien) var Toras søster. Personen mellom henne og bruden kan også være deres søster Gudrun. Bildet er antakelig fra ca 1930 og kanskje tatt i i Heimlund.

Vi la ut dette bildet og ba om informasjon. På Facebook-sida Du væt du e frå Sør-Fron når ..  er det hjelp å få. Meir bilde 

Éin kommentar

Filed under Informasjon

Mystikk og overtru

indexI gamle dagar trudde folk meir på overnaturlege ting enn i dag. Overtrua var faktisk ein del av kvardagen for mange. Respekten og audmjukskapen for naturen var nok mykje større før i tida, og folk hadde tid til å sjå etter ting og undre seg over ymse fenomen. Kunnskapsnivået var heller ikkje slik det er i dag, og mange brukte derfor overtrua til å forklare ting. Her fortel Kristian Sylthagen og Torger T. Risdal om overtru i Skåbu i gamle dagar.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Pølsemakar, pølsemakar…..

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Før i tida produserte folk sjølv stort sett alt dei åt og drakk. I dag kjøper dei fleste alt og mange veit ikkje eingong kva dei et, og iallfall ikkje korleis maten blir laga. Her kan du høyre Anna Stenseng frå Vinstra fortelje korleis dei laga pølser i gamle dagar.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Verksemder

Vikingane kom først

Om ei veke brakar det laus med siste framsyningane av Svein Sturla Hungnes sin Peer Gynt på Gålå. Berre for å minnast korleis det tok til: Ikkje med Peer Gynt, men Ibsens ungdoms- og vikingedrama Hærmennene på Helgeland i Kåja i 1928.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur

Lydkutt om ysting

Her er Ragnhild Kjorstad og Ragnhild Bakken i full gang med ystinga.

Her er Ragnhild Kjorstad (til venstre) og Ragnhild Bakken i full gang med ystinga.

Ysting var ein sentral aktivitet både på setra og heime før i tida. I dag blir dette gjort berre for å demonstrere korleis det foregjekk. Her fortel Ragnhild Taarud (f. 1893) om denne verksemda.

Kommenter innlegget

Filed under Kvinner, Setring, Verksemder

De første frøningene

Mammutfunnene i Kvam er 30 000 år gamle. Her viser KariRøssum fram rester av en mammut i 1970. (Bilde fra "Bank i bygd og by")

Mammutfunnene i Kvam er 30 000 år gamle. Her viser Kari Røssum fram rester av en mammut i 1970. (Bilde fra «Bank i bygd og by»)

ASBJØRN RINGEN: Det har vært spekulert i om det var folk i Fron så tidlig som 30 000 år før Kristi fødsel, men det er usannsynlig, selv om dalen da var isfri. Det er funnet rester av mammut i Kvam fra den tida, og de store mammutene kunne det være meningsfylt å jakte på. Men om det var jegere her den gangen, så ble de borte igjen. For klimaet ble barskere, og is dekket igjen landet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk

Bjørnejakt før i tida

Illustrasjonsbilde

For om lag hundre år sidan gjekk folk mann av huse for å utrydde rovdyra. I dag vil ikkje styresmaktene innsjå at det er umogleg kombinere husdyrhald med den rovdyrpolitikken som blir ført. Her fortel Torger T. Risdal om bjørnejakt i gamle dagar.

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske

Raudost-Anne

Anne Hov som fann opp brunosten, (Bilde frå Bank i bygd og by)

Anne Hov som fann opp raudosten, (Bilde frå jubileumsboka Bank i bygd og by)

Slik såg ho ut, Anne Hov, som oppfann raudosten. Wikipedia: «Det er budeia Anne Hov fra Gudbrandsdalen som får æren av produktutviklingen. Oppfinnelsen med å tilsette fløte eller rømme til avkoket av myse, og dermed å ha skapt feitost, skriver seg etter sigende fra da hun var budeie på Solbråsetra i Sør-Fron kommune. Feitost ble forløperen til dagens Gudbrandsdalsost, som bidro til å forbedre økonomien i Gudbrandsdalen1880-tallet. Senere ble også geitemelk tilsatt. I 1933, da Anne Hov var 87 år, ble hun tildelt Kongens fortjenstemedalje i sølv. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner