Monthly Archives: juni 2013

Jakt, fiske og ski, aust og vest

jaktutnyttetrilleFire nye kategoriar med bilde på bloggen: Jakt og fiske og På ski. Fron vestfjell og Fron austfjell. Dei to siste med fleire underkategoriar. Og med mange bilde. Har du opplysningar om nokre av dei?

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Triveleg skoleavslutning på Fron Bygdatun

Elevar og lærarar lytta spent da Johannes Brandvol fortalde om Milsteinstugu.

Elevar og lærarar lytta spent da Johannes Brandvol fortalde om Milsteinstugu.

No nærmar det seg seg skoleslutt og det er mange måtar å avrunde året på. Onsdag tok fire lærarar ved Vinstra vidaregåande skule med seg klasse 1 MD til Fron Bygdatun (Milsteinstugu). Dei fleste av desse elevane kjem frå andre plassar i landet og er såleis ikkje lokalkjente. Dermed var det også ei fin moglegheit til å reklamere for plassen og kanskje auke interessa for lokalhistorie.  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Oppvarming til hausten!

 

e6lomoenNY FRONSBYGDIN kjem i november. 10. årgangen. Arbeidet med ny E6 blir sett i gang for alvor i juni. Det mest omfattande arbeid for å forbetre kommunikasjonen i dalen sidan jernbaneutbygginga i 1896. Her kan du prøvekjøre nye E6. I forkant har det i fleire år vore drive vitskaplege undersøkingar, leia av Ingar Gundersen frå UiO. Oppsiktsvekkjande funn er gjort! 16 millionar har desse undersøkingane i Fron kosta. I ein større og oppjustert artikkel legg han fram resultata så langt – eksklusivt for Fronsbygdin og formidla på ein slik måte at lesaren sit att med stort utbytte. Gled deg! Redaksjonen

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Interessant historiekveld i Skåbu

Teamet ved Olstappen: Frå venstre Trond Vihovde (Kulturhistorisk Museum), Birgitte Bjørkli (KHM), Ellen Friis (Oppland Fylkeskommune), Torill Nygaard (OFK), Hildegunn Maria Haanes Ruset (KHM), Kristina Steen (Norsk Maritimt Museum) og Kjersti Tidemansen (OFK).

Teamet ved Olstappen: Frå venstre Trond Vihovde (Kulturhistorisk Museum, KHM), Birgitte Bjørkli (KHM), Ellen Friis (Oppland Fylkeskommune, OFK), Torill Nygaard (OFK), Hildegunn Maria Haanes Ruset (KHM), Kristina Steen (Norsk Maritimt Museum) og Kjersti Tidemansen (OFK).

Konsesjonane for Vinstravassdraget skal fornyast. Dei var gitt fyrst på 1900-talet. Den gongen tenkte ein ikkje så mykje på vern av kulturminne. I samband med fornyinga bestemte Riksantikvaren at det skulle vere ei konsesjonsavgift, som bl.a. skulle gå til vern av kulturminne som blir påverka av vassdragsreguleringar. Det fortel feltassistent frå Kulturhistorisk  museum, Hildegunn Maria Haanes Ruset. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Stadnamn frå Skoe i Sødorp

Untitled-1Ny artikkel for dei språkinteresserte: Ei særoppgåve i norsk, skriven av ein tredjeklassing ved Vinstra vidaregåande skule for nokre år sidan.

JØRN SKOE: Med denne oppgåva har eg som mål å samle flest mogleg stadnamn innanfor garden vår. Dette vil eg gjera ved å forhøyre meg med folk som har greie på namna og tydingane, og ved å slå opp i skriftlege kjelder. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Språk

Spennande utgravingar i Skåbu

Arkeolog Trond Vihovde i aksjon ved Olstappen.

Samsgarden ved Olstappen i Skåbu er eit godt eksempel på at jakt og fiske har vore livsgrunnlaget i bygda. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jakt og fiske