Triveleg skoleavslutning på Fron Bygdatun

Elevar og lærarar lytta spent da Johannes Brandvol fortalde om Milsteinstugu.

Elevar og lærarar lytta spent da Johannes Brandvol fortalde om Milsteinstugu.

No nærmar det seg seg skoleslutt og det er mange måtar å avrunde året på. Onsdag tok fire lærarar ved Vinstra vidaregåande skule med seg klasse 1 MD til Fron Bygdatun (Milsteinstugu). Dei fleste av desse elevane kjem frå andre plassar i landet og er såleis ikkje lokalkjente. Dermed var det også ei fin moglegheit til å reklamere for plassen og kanskje auke interessa for lokalhistorie.  Dit kom også kjentmann og lokalhistorikar Johannes Brandvol og fortalde om plassen. Han sit inne med mykje kunnskap og skreiv også ein artikkel om Milsteinstugu i Fronsbygdin 2003. Etterpå vart det kos med grilling, salat, kaker og kaffi. Alle storkosa seg i det flotte vêret og dei fine omgivnadane. Vi er heldige som har ein slik plass! Det er berre så synd at den ikkje meir brukt. Fron Historielag, som også eig plassen, har planar om å få til meir aktivitet i framtida. Viss det er nokon som har gode idéar, tek vi imot dei med takk!

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s