
Teamet ved Olstappen: Frå venstre Trond Vihovde (Kulturhistorisk Museum, KHM), Birgitte Bjørkli (KHM), Ellen Friis (Oppland Fylkeskommune, OFK), Torill Nygaard (OFK), Hildegunn Maria Haanes Ruset (KHM), Kristina Steen (Norsk Maritimt Museum) og Kjersti Tidemansen (OFK).
Konsesjonane for Vinstravassdraget skal fornyast. Dei var gitt fyrst på 1900-talet. Den gongen tenkte ein ikkje så mykje på vern av kulturminne. I samband med fornyinga bestemte Riksantikvaren at det skulle vere ei konsesjonsavgift, som bl.a. skulle gå til vern av kulturminne som blir påverka av vassdragsreguleringar. Det fortel feltassistent frå Kulturhistorisk museum, Hildegunn Maria Haanes Ruset. Ho er forresten oppvaksen på Vinstra. Slike utgravingar er ikkje daglegdags kost for arkeologar. – Vanlegvis har vi mykje mindre område å boltre oss i, men her har vi moglegheiten til å få eit heilskapleg inntrykk av det som har skjedd rundt Vinstravassdraget. Vi kan følgje folk som har budd her på ein naturleg og dynamisk måte, seier ho.
Men heilt problemfritt har det ikkje vore. Flaumen i pinsa gjorde at vannstanden auka fort og dei fekk derfor ikkje gjort alt dei hadde planlagt. Det var meininga å vise fram ein del av det vi har funne, bl.a. fangstgroper, men dette vart umogleg no, seier Ruset. Ho skrytte også av lokalbefolkninga som i generasjonar har avdekt og dokumentert kulturminner. Da ho gjekk på barneskulen hadde dei ein såkalla ekskursjon til Skåbu og fekk omvising rundt omkring i kulturstigane i dette området. Dette var med på å auke interessa mi for historie og arkeologi. Teamet er svært interessert i å få vite meir om funn som er gjort i desse traktene. Ho fortalde også at dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Maritimt Museum, Oppland Fylkeskommune og Kulturhistorisk Museum, og dei skal halde på til 2016.
13. juni 2013 var det informasjonsmøte om dei arkeologiske undersøkingane ved Olstappen i Skåbu. Det var arkeologane sjølve som hadde invitert alle interesserte til Skåbu Hyttegrend. Der møtte det opp både innfødde og langvegsfarande. Det er iallfall langt nok når ein lyt køyre den dramatiske Skåbuvegen i desse dagar! Men eg trur ikkje det var nokon som angra på at dei hadde tatt turen. For det var mykje spennande både å sjå og høyre! Etter orienteringa fekk folk gå rundt og sjå på funna som var gjort og prate med arkeologane. Vertsskapet på Skåbu Hyttegrend sytte for både kaffi og noko å bite i, slik at det vart noko for alle sansar denne kvelden.

Dei fleste funna som er gjort til no blir datert til yngre steinalder. Pilspiss av skifer frå denne epoken. Funne ved Vinsteren.

Arkeolog Ellen Friis med dottera Christine (4). Dei er i slekt med språkforskaren og folkeminnegranskaren Jens Andreas Friis 1821-96. Han sette også spor etter seg i Gudbrandsdalen. Han ferierte mykje på Ringebufjellet og det var han som bygde steinbua (Friisbua) like ved Friisvegen. Både bua og vegen fekk naturleg nok namna sine etter han. Eplet fell ikkje langt frå stamma er det noko som heiter!
Akkurat no held teamet på borti Vinstervatna. Du kan lese meir om prosjekta deira her. Dei har også ei facebookside. Der går du inn på museumsportalen. Vi vil også følgje spent med! Gå også inn på lyd og bilde og høyr om tidlegare fornfunn i Skåbu.