Stadnamn frå Skoe i Sødorp

Untitled-1Ny artikkel for dei språkinteresserte: Ei særoppgåve i norsk, skriven av ein tredjeklassing ved Vinstra vidaregåande skule for nokre år sidan.

JØRN SKOE: Med denne oppgåva har eg som mål å samle flest mogleg stadnamn innanfor garden vår. Dette vil eg gjera ved å forhøyre meg med folk som har greie på namna og tydingane, og ved å slå opp i skriftlege kjelder. Det er òg viktig å få med kvar dei ligg i bygda, og gjerne historier og segner rundt stadene. Eg vil også ta med andre stadnamn frå Sødorp som ikkje har så mykje å gjera med garden vår, men som er viktige av ulike årsaker. Men mest vil eg fokusere på namna rundt garden vår. Eg vonar desse namna til ein viss grad skal fortelja noko om tradisjonar og kultur før i tida.

Gardsnamnet Skoe

Sødorp er ei grend i Nord-Fron i Gudbrandsdalen. Namnet skal i fylgje Rygh : Norske Gårdnavne tyda Sørgarden. Det må vera namn på ein gard som ved deling eller på annan måte har fått eit anna eller endra namn. Grenda ligg på solsida av Laugen. Her er det hus og gardar frå dalbotnen og oppover i den heller bratte lia. Høgt og fritt, der sola skin heile året, ligg Skoegardane, nigard og uppigard. Frå gamalt av var det nok berre ein gard, Skodvin eller Skodin.

I Stadnamntydingar av Eivind Vågslid finn ein dette om Skodvin :

Gardsnamnet Skodvin er kjent på 31 eller 32 stader i Sør-Noreg og nokre stader i Sverige. Dei norske gardane Skodvin ligg midt i bygda, og dei har tydeleg jamnt over vore store gardar. Det syner seg at Skodvingardane har legi attmed, eller på anna vis vore knytta til ein stad der dei har dyrka ein guddom. Fyrste lekk i namnet heng saman med ordet skada eller ein skade, og det kan såleis setjast saman med gudenamnet Skade. Skade tyder ordrett han som valdar skade eller daude, og Skade har truleg vore gud for åndene til dei avlidne, eller ein gud som har vore dyrka til vern mot skade eller daude. Og i siste høve kan henda særleg til vern mot skade på grøda. Vin skal tyde graslende som det gjekk an å vinna, opne glenner og sletter i skogen med godt beite for krøttera, og der det let seg gjera å «vinne» vinterfor til dei.

Oftast finst vin som sisteledd i samansette namn. Desse namna er av dei eldste samansette namna vi har. Rygh meiner også at det alt før vikingtida var slutt på å laga namn med vin, og nokre trur at dei eldste vin-gardane kan gå attende til tida kring Kristi fødsel. Utmerkingsledd i samansette vin-namn er aldri eit personnamn, men ofte eit ledd som seier noko om lende og utsjånad. Garden Skoe i Sødorp må ha vore delt alt i mellomalderen, og i 1604 er det to fullgardar Skoe. Namnet er fyrste gongen belagt skriftleg i 1322, i Skodini ( det kan vera Skåden i Øyer) , og i 1515, Skodin.

Arkeologiske funn

Arkeologiske funn som er gjorde på garden er gamle. Like sør for garden her er det fleire svaberg, og eit av desse har vore kalla Grytberget. Fyrst på 1970-talet kom løysinga på dette namnet kanskje fram, da det vart funne fleire skålgroper der. Skålgroper er visst den form for helleristingar folk veit minst om. Det er små groper ( gryter ), ein 4-5 cm i diameter, i fjellet. Her brende dei offer til gudane, og det ligg nær å tru at dei nettopp her ofra til grødegudinna Skade. Truleg laga dei ei ny grop for kvar ofring. Her på garden seier vi «bortpå Svaom» om denne plassen, men i boka Stadnamn frå Sødorp av Brit Mikkelsen står det Svaet. Ho skriv vidare at sva er eit vanleg nemne brukt om glatte, nakne berg som helst er flate. Og dette stemmer nok bra når vi ser korleis terrenget er der.

Her finst òg nokre få strekteikningar, sirklar og fotavtrykk. Men ymse trakk og køyring gjennom årtider gjer det vanskeleg å få auge på dei, og mykje kan vera borte for alltid på grunn av vegarbeid. Helleristingar finn ein mest på stader der det er god og drivande jord, der det var lett å få opp åker med enkel reiskap. Av 114 gravfunn i Gudbrandsdalen frå vikingtida er 9 funn eller 8% frå vingardar.

I ein haug på jordet her, Rundhaugen, skulle dei i førre hundreåret laga ei potetbu til lagring av poteter. Dei fann da ei stor mannsgrav, og blant fleire andre ting låg ei ringspenne av  bronse. Denne vart seinare send til Universitetets Oldsaksamling. Dette er det einaste funnet i Gudbrandsdalen  som sikkert er frå eldre jarnalder, 400 f. Kristus til Kristi fødsel. Namnet Rundhaugen kjem truleg av at forma på haugen er rund. Det var vanleg den gongen å forme ei mannsgrav rund, eller som ein haug.

Seternamn

Øvre Skode, som garden har heitt sidan 1981, har seter på Nysetra. Her er fleire gardsnummer som syner at garden er samansett frå fleire eigedomar. Gardsnummeret på garden her var 82, men etter samanslåinga med Sør-Fron kommune, kom vi over til Sør-Gudbrandsdal sorenskrivari og fekk nummer 281. «Nyseteren» hadde nr. 79, og var komen frå Hage. Dette er eit stykke nørdst på kvea der det har vore tuft etter eit hus, Hågåliu. Det kom fram fleire små hustufter der, og det er mest truleg at det har vore ei heil seter. Kanskje seterhusa frå gamalt stod her, og at dei seinare vart flytte lenger opp? – Namnet Nysetra tyder nett på at det før har vore ei eldre seter som har vorte flytt til ein ny stad.

Gardsnummer 73, «Holmengrå», er frå Solbrå. Det vert sagt at Kleggåsen, setra til Solbrå, høyrde til Skoe, og at det seinare vart bytt slik at Solbrå fekk Kleggåsen og Skoe fekk jordstykket «Holmengrå». Kleggåsen er eit passande namn på denne åsen nett på grunn av at det er mykje av insektet klegg der. Holmengrå er eit forholdsvis nytt namn som vart sett på ein del av ei kve ved lokal kartlegging oppå setra vår.

Den eldste vegen gjennom Gudbrandsdalen, Tjodvegen,  gjekk over Loppet. Det er ein naturleg stig i bergveggen mellom Sør-Fron og Sødorp. Her er breitt nok til gangveg for folk og fe, og med varsemd er han òg køyrbar med ein liten traktor. Loppet eller Lopet tyder «Rende, Løb-Far». Ordet er brukt som namn på smale og breie berghyller tvers over den bratte Kleivdalen som i gamle dagar vart brukt som hovudveg gjennom dalen. Han gjekk vidare forbi garden her.

Kvart jordstykke hadde sitt namn

På jordet her, der vegen venteleg gjekk forbi, er det eit stykke som heiter Korsane den dag i dag. Dette Korsnamnet kan vitne om folk som for forbi her når dei skulle over fjellet til Nidaros. Andre namn på jordstykke er Gutåkeren. Dette namnet er kanskje ikkje eldre enn frå 1850-åra, da brørne Ola og Pål brukte denne åkeren til føderådsbruk. Dette namnet finst på to gardar, og desse åkrane var som før sagt føderåd for ugifte brør på gardane. Så har vi Sørjordet, Sørjordsroa, Pinlykkja, Postlykkja, Skåbu, Ekra, Trolldalen og Reina. Midt i Reina er mura eit staurhus av gråstein. Her var hesjeveden (rånd og kreka) lagra om vinteren. Reina kan kome av uttrykket Åkerreine, som var ei stripe av jorda langsmed åkeren, og brei nok til å snu hestane på når dei pløgde.

Ekra eller ekre brukast i dag som vanleg teignamn. Det opphavelege tydingsinnhaldet, attlagd åker, vert ikkje lenger forbunde med ordet.

Skåbu har eige gardsnummer på skjøta til garden, og er kjøpt frå Sygard Brandvold. Dette jordet er oppkalla etter fjellbygda Skåbu. Jordet ligg høgt oppe, og det er bratt akkurat som fjellbygda. Terrenget og plassen det ligg på, gjer at jordet fekk nett dette namnet.

Postlykkja er kjøpt frå Nordgard Brandvold. Dette var «postgard». Omkring år 1700 vart det kjøreveg gjennom Gudbrandsdalen, og det vart teke ut «postgardar» som låg om lag to mil frå kvarandre. Frå desse skulle posten køyrast til neste skift. Den gongen vart Postlykkja brukt til hamning for post-hestane.

Brunnhaugkjelda er i Postlykkja, og frå her kjem vatnet til Hagegardane.(Dette namnet minner oss litt om Brunn-Tore. For at dei skulle passe seg for brunn og ope vatn, vart barna skremde med ho Brunn-Tore).

Pinlykkja ligg ovanfor husa på garden. Dette namnet har ei nedsetjande tyding. Her var det, og er, låk og skrinn jord.

Trolldalen minner om trolldom og overtru. Det er ei segn om denne dalen: Her finst mest ikkje steinrøyser. Ein brukar frå her som rudde jord, løyste ut han Gammel-Erik, så han skulle plukka og bera vekk steinen. Da han kom til jordet på Tokse, sprakk børa  og steinen rann ut. Såleis er heile ekra der full av steinbankar!

Heilt fram til 1944 var det teigbyte på Skoegardane. Her fanst ikkje gjerde, og gardane hadde kvart sitt stykke på ymse stader rundt på jordet. No vart det makeskifte og delingsgjerde mellom eigedomane.

Bumark er eigne merke som dei fleste gardane har frå langt attende i tida. Det var eit eigedomsmerke til eigaren, og saman med korsteiknet eit verje, ei makt mot trolldom og vondskap. Omkring år 1000 hadde nok kvar einaste medelstor gard eit fast bumark som ingen annan i nærleiken hadde rett til å bruke. Men da kristendomen kom, er det sagt at fleire bumark vart endra. Mange av dei minna for mykje om heidenskapen.

Husmannsbruka

Husmannstida høyrer historia til, og garden Skoe har også hatt husmannsplassar under seg.Da Tosten Dalseg, som dreiv garden på slutten av 1800-talet døydde i 1904, vart heile garden avertert til sals som på ein auksjon. Da vart ymse småbruk som høyrde garden til selde. Sitat frå avisutklipp:

Hesteløkken samt den til plassen hørende Sæterløkke med Hus på Fiskedalen for den melom os omforenede Kjøbesum kr.2050,00

Hesteløkken, eller Øykjelykkja, vart brukt som hamnehage for hestar. Her bur besteforeldra mine, og dei driv framleis med seterdrift innpå Fiskedalen (1999).

Sæterløkke på Kulltjernhaugen med paastaaende Huse og Gjærder for kr.700,00

Denne plassen høyrde til under garden Tjyruvadet eit stykke ovanfor oss, og var husmannsplass under Skoe til 1904. Det har vore drive med kyr der fram til 1968, men no er berre hustuftene att. Namnet Tjære, eller på gamalnorsk tjara, kan ha samanheng med at det har vore utvunne tjære der ein gong, men tradisjonane her i bygda er ikkje så sterke når det gjeld akkurat dette, så ein kan dra det i tvil.Eit anna namn på denne plassen er Eliheimen. Ei kvinne ved namn Eli var den siste som budde på plassen da resten av familien reiste til Amerika i slutten av førre hundreåret. Men her tok garden seg att rett:»Skaadens Eier forbeholdes Ret til for Fremtiden at bo på Sæteren med Heste og Kjørere under Vinterkjøringen, om så ønskes».

Klodstuen med Engelandet Hagen kr. 3400,00

Klostugu er eit lite bruk like ovanfor garden her, og forklaringane på kvifor det fekk akkurat dette namnet er mange. I Fronsbygdin av Ivar Kleiven heiter det at det var ei stugu der det vart halde «klohus», ein stad med spel, drikk og slåsting. Andre meiner det kjem av verbet kloast, i tydinga å «hogge kvarandre med klørne». Ivar Aasen nemner i Norsk Ordbog at hokjønnsordet klo kan tyde ein krok eller spiss som liknar ei klo. Kanskje er ordet nytta i overført tyding om eitkvart i terrenget ved eller på lokaliteten, som vi ikkje kan finne ut av i dag. Det kan òg vera ordet ein klot, med tydinga klump, da med bortfall av t etter uttala i dag.

Skaadenkampen kr. 200,00

Her var også eit lite husmannsbruk som fall bort frå garden i 1904. Men det som gjer dette bruket annleis enn dei andre, er at det ikkje låg i grenda, men på baksida i Kvam.

Fiskehusa ved Vinstervatna blir att. Det er halvdelen i ei fiskebu ved øvre Hersjøen , og eit naust ved Øyvassosen. Naustet vart neddemt ved reguleringa, men det er utteke rett til å byggje nytt.Så langt har ikkje det skjedd. Elles har garden ei fiskebu ved Afstjørna og skogteigar ymse stader oppover i bygda og innover Sødorp-fjellet. For å nemne nokre stader: Frylia, innpå Fryvollane, Koltjørnlia, mellom Fiskedalen og Fryvollane (Skoe hadde òg seter her) og Heimteigen som strekkjer seg frå garden og opp til Nysetra.

Namnet Afstjørna er vanskeleg å tyde. Ordet ave som står nemnt i Stadnamn frå Sødorp med tydinga vasspytt, høyrest ikkje sannsynleg ut, da dette vatnet er ganske stort til fjellvatn å vera. Men faktum er at ingen har klart å tyde namnet , eller for å seia det på ein annan måte, ingen har kome med ei logisk forklaring på kvifor vatnet fekk akkurat dette namnet.

Elva Frya har vore namngjevar til Frylia, og elva Fisken til Fiskedalen. Namnet Koltjørnlia fortel om kolbrenning.

Sjølve garden blir ikkje seld, for dei ugifte søskena Ane og Anton styrer inntil vidare, og snart kjem ein ny slektning frå Dalseg. Det er Marit, eldste systerdottera deira, som no får skjøte på Skoe.

Stadnamna som eg no har funne, har i stor grad fått namna sine etter korleis terrenget rundt dei ser ut, og kva dei forskjellige husa, lykkjene og bustadene vart brukte til. Dei fleste namna har ei naturleg forklaring, men det finst òg namn som folk stussar over. Afstjørna er eit eksempelpå dette. Elles har vel stadnamna her i grenda overlevd i stor grad i forhold til andre bygder, der kanskje industri har teke over og gamle gardar og kulturminne har vorte borte gjennom åra.

Liste over stadnamn skrivi på skriftmål.  I tillegg skrivemåte på dialekt med preposisjonar framfor

                  Skriftspråk                                      Preposisjonar + dialekt

                  Sødorp                                                    uppi Sødorp

                  Grytberget                                               bortpå Grytbergje

                  Svaet                                                       bortpå  Svaom

                  Rundhaugen                                            nepå Ronnhauga

                  Nysetra                                                    oppå Nysetern

                  Kleggåsen                                                oppå Klæieåsa

                  Holmengrå                                               oppå Ho mengrå

                  Loppet                                                      bortpå Loppe

                  Ilstaddalen                                                burti Illstada a

                  Tokse                                                        nepå Tåkse

                  Kleivdalen                                                burti Klæven

                  Korsane                                                    bortpå Kårsom

                  Gutåkeren                                                nedpå Gutåkra

                  Sørjordet                                                  oppå Sørjo e

                  Postlykkja                                                ni Postlykkjun

                  Skåbu                                                       ni Skåbu

                  Ekra                                                         nepå Ekrun

                  Trolldalen                                                ni Trøllda a

                  Reina                                                       ni Ræn

                  Brunnhaugkjelda                                     ni Brunnhaugkjældun

                  Øykjelykkja                                             burti Øykjelykkjun

                 Tjyruvadet                                                 uppi Kjyruvae

                 Klostugu                                                    uppi K ostugun

                 Vinstervatna                                               burti Vi stervatnom

                 Gjøltstigen                                                 uppi Gjøltstiga

                 Sygard Brandvold                                      nepå Syga  Brannvo

                 Hersjøen                                                     burti Hersjøom

                 Øyvassoset                                                 burti  Øyvassosa

                 Hage                                                           nepå Hågå

                 Afstjørna                                                    oppå Afstjønn

                 Frylia                                                          ni Frylin

                 Koltjørnlia                                                  ni Kå tjønnlin

                 Fiskedalen                                                  innpå Fissda a

                 Frya                                                            ni Fryun

                 Fisken                                                         ni Fiska

                 Ilstad                                                        nepå Illsta

Kjelder

Brit Mikkelsen : Stadnamn frå Sødorp

Eivind Vågslid : Stadnamntydingar

Rygh                : Norske Gårdnavne

I. Aasen           : Norsk Ordbog

I.Kleiven         : Fronsbygdin

 

Munnleg hjelp av : Bestemor, Ragnhild Kjorstad, f. 1925  Far, Ola Skoe, f. 1950  I tillegg skriftlege notat frå garden 

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s