Spennande utgravingar i Skåbu

Arkeolog Trond Vihovde i aksjon ved Olstappen.

Samsgarden ved Olstappen i Skåbu er eit godt eksempel på at jakt og fiske har vore livsgrunnlaget i bygda. Her har det vore verdfulle dyregraver som er nemnt i fleire diplom («Sandsgarden») frå sist på 1400-talet. Den gongen var det store tvistar om eigedomsretten til dette området. Gardar som Alme på Sør-Fron, Melby og Harildstad i Kvikne og Bø i Ruste var sterkt innblanda i desse stridane. For ein del år sidan vart det laga ein kulturstig der alle som vil kan sjå spor etter aktiviteten her, og lese historikken på fine informasjonstavler. No gjer arkeologane interessante oppdagingar i området. Dei har m.a. funne ein spydspiss frå perioden 400-1750 f. Kr. Les meir om prosjektet i Dølen og på NORARK

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jakt og fiske

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s