Monthly Archives: juni 2013

10 000

Denne heimesida har nå passert ein milepæl. 10 000 treff på mindre enn tre månader. Omlag 400 av dei frå andre land. Det betyr ikkje at det har vore 10 000 personar innom, men at dei som har vore her, til saman har lese 10 000 saker og sider. Det er med andre ord vitalitet i det rotfaste. Men framleis er denne bloggen mykje kommunikasjon ein veg. Få nyttar høve til å kommentere. Kanskje ikkje så rart, for det skjer frodig og mykje på Facebook-sidene Du væt du e frå Vinstra når… og Du væt du e frå Sør-Fron når.. og Kvam Historiske Forening. Her er det lokalhistorisk faktainnsamling på spennande detaljnivå, og denne bloggen legg inn mange bilde frå desse sidene.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Kafédrift i Fron i gamle dagar

Nedregate på Vinstra  på 1930-talet.  Her var det ikkje langt mellom kaféane den gongen. Det krydde av dei rundt omkring i Fron.

Nedregate på Vinstra på 1920-talet. Her var det ikkje langt mellom kaféane i gamle dagar. Til venstre ser vi butikken til Chr. Thorsheim, deretter lageret til bakeren og det kvite huset med veranda er hos bakar Berg. Der kunne ein også kjøpe seg ein kaffikopp. Lengst bort i vegen skimtar vi huset til A.J. Berge. Der dreiv Maria Onnehaugen med kafédrift i kjellaren. Det krydde av kaféar rundt omkring i Fron. Klikk på bildet og høyr åtte frøningar fortel om kafédrift i Fron fyrst på 1900-talet.

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

13 lydkutt!

Er det nokon som kjenner at mannen på høylasset?

Vinterkøyring. Er det nokon som kjenner att mannen på høylasset? Frå bildesamlinga til Ivan Berget.

No er det lagt ut fleire lydkutt. Anna Hovden 1894-1984 frå Hundorp fortel frå gamle dagar. Torger T. Risdal frå Skåbu fortel om fyrste turen sin til Vinstra. Olaf J. Brandvol, Hans Skoe og Pål Bakken fortel om vinterkøyringa i Sødorp.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

Per Gynt-bilde

PGkuttjpg

Bjørg Haave: Er dette bildet tatt i Sødorp? Det ligna veldig på Hundorp Gard, og det hvite huset ligna på festningen som hører til garden.
Rasmus Stauri: Du har rett! Dette bildet er teke på Hundorp gard, og det kvite huset bak er “Festningen”. Pål Kluften står i midten, og til høgre står Målfrid Kvernæs, “Mossa”. Jenta til venstre kjenner eg dessverre ikkje.

Ny bildekategori her på bloggen: Per Gynt. Så langt med Pål Kluften som fotograf! Og litt til.

2 kommentarar

Filed under Informasjon

Skåbuvegen – ei utfordring til alle tider!

Høgåsen

Den dramatiske Skåbuvegen har gjennom tidene bydd på store utfordringar. I samband med kommunevalkampen i 1928 hadde Martinius Høgåsen dette hovudoppslaget i Nord-Fron-nummeret av Organ for Det norske Arbeiderpartis avdeling i Lillehammer og Gudbrandsdalen. Høgåsen jobba også som lærar i Skåbu på denne tida og kjende såleis godt til vegen. Avisoppslaget viser også kor lenge dette vegspørsmålet har drege ut i tid. Takk til Steinar Moen på Sjoa som hadde kome over denne gamle avisa! Dobbeltklikk på kopien for å forstørre teksta. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

1262!

visingetterland

Lesarar på denne bloggen 23.6.2013

Ny rekord i treff på denne heimesida i går, den lysaste dagen i året: 1262 frå 10 ulike land. Det er tre gongar meir enn tidlegare rekord. Triveleg! Særleg fordi det trefte saman med at ein redaksjon satt saman og brukte nokre timar på å legge inn og identifisere historiske bilde: Carl Henrik Grøndahl, Per Ottesen, Ole Christian Risdal og Rasmus Stauri. Har du informasjon om nokre av desse bilda, bruk kommentarfeltet under. Det er like lett som å skrive inn på Facebook…

redaksjon

Bloggredaksjonen i arbeid. Frå v: Ole Christian Risdal, Rasmus Stauri og Carl Henrik Grøndahl. Foto: Per Ottesen.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Kjenner du nokon av dei?

-

Kven er dette?

Ny katergori med mange bilde her på historiebloggen under Portrett: To og tre og familiar. Skriv gjerne i kommentarfeltet om du kjenner nokon.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Jakt, fiske og ski, aust og vest

jaktutnyttetrilleFire nye kategoriar med bilde på bloggen: Jakt og fiske og På ski. Fron vestfjell og Fron austfjell. Dei to siste med fleire underkategoriar. Og med mange bilde. Har du opplysningar om nokre av dei?

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Triveleg skoleavslutning på Fron Bygdatun

Elevar og lærarar lytta spent da Johannes Brandvol fortalde om Milsteinstugu.

Elevar og lærarar lytta spent da Johannes Brandvol fortalde om Milsteinstugu.

No nærmar det seg seg skoleslutt og det er mange måtar å avrunde året på. Onsdag tok fire lærarar ved Vinstra vidaregåande skule med seg klasse 1 MD til Fron Bygdatun (Milsteinstugu). Dei fleste av desse elevane kjem frå andre plassar i landet og er såleis ikkje lokalkjente. Dermed var det også ei fin moglegheit til å reklamere for plassen og kanskje auke interessa for lokalhistorie.  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Oppvarming til hausten!

 

e6lomoenNY FRONSBYGDIN kjem i november. 10. årgangen. Arbeidet med ny E6 blir sett i gang for alvor i juni. Det mest omfattande arbeid for å forbetre kommunikasjonen i dalen sidan jernbaneutbygginga i 1896. Her kan du prøvekjøre nye E6. I forkant har det i fleire år vore drive vitskaplege undersøkingar, leia av Ingar Gundersen frå UiO. Oppsiktsvekkjande funn er gjort! 16 millionar har desse undersøkingane i Fron kosta. I ein større og oppjustert artikkel legg han fram resultata så langt – eksklusivt for Fronsbygdin og formidla på ein slik måte at lesaren sit att med stort utbytte. Gled deg! Redaksjonen

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon