Ord og uttrykk frå Fronsbygdin (1930)

Professor Andreas Bjørkum

Dette innlegget er for dei som verkeleg har sans for språk og fronsmålet spesielt. Det er ein artikkel på høgt fagleg nivå av professor Andreas Bjørkum med ei ordliste over det språket Ivar Kleiven nytta i lokalhistorieboka Fronsbygdin i 1930. Ivar Kleiven (1854-1934) var lokalhistorikar og folkeminnesamlar, fødd i Vågå.  Han var ein fin stilist og har gitt Gudbrandsdalsmålet litterær hevd.

ANDREAS BJØRKUM:

Ordliste til Fronsbygdin (1930) av  Ivar Kleiven

Innleiing

I Fyryor’  (s. 1-2) set  Kleiven opp nokre reglar for fronsmålet han nyttar i boka, og me legg serleg merke til r med apostrof, r’, som merkjer ut tjukk l i ord med –rd (gamalnorsk –rð ).  Denne utmerkinga er i grunnen heller misvisande då l-innslaget ikkje kjem fram i det heile; eit unnatak her er verd’n (s. 82, dativ eintal av ver’, hokj., men ver’n, s. 397).  Berre to gonger har eg funne l for rd: i ette skulfolke, inkjekj. dativ eintal (s. 426, skurdfolket; i dativ ventar me å finne –folkje med –kje), og gjæl, hokj. (sjå nedanfor her).  Kleiven brukar støtt apostrof ved bortfallen bokstav, t.d. tå go’o (godo), kri’a (krigen). Stundom set han ^ (møne) over ein vokal, t.d. drôm, hankj., kôp, hankj., lêt, hankj. og lêt, v. i fortid, for trong vokal.  Diftongeringa av a, e og o (òg ø) føre –ll og –nn (òg av –rn), og sameleis føre –dd og –gg, er ikkje avmerkt hjå Kleiven (s. 1; sjå om Diftongar i Jenshus s. 30-31). Merkeleg er det at Kleiven skriv med, preposisjon og hud, hokj. med –d mot uttalen i målføret (s. 2); med er eineform, og forma hu’ er reint sjeldsynt: el’shu (elgshud, s. 227).  Det finst mest ikkje fotnotar med ordopplysningar eller uttaleopplysningar i boka, berre ”ligjer” er nemnd med (tjuk l = gjæl), s. 233, og grålegg og grim = rein og skarrupe s. 319. Dativbruken er heilt vanleg i namnord, både i eintal og i flt. Andre utgåva av boka kom i 1979, og ho er eit fotografisk opptrykk av den fyrste, så alle sidetala er like i båe utgåvone. Avstyttingar som er brukte her er adj. = adjektiv, flt. = fleirtal, Gbd. = Gudbrandsdalen, hankj. = hankjønn, hokj. = hokjønn, inkjekj. = inkjekjønn, s. = side, eller sida, v. = verb, Ross 1895 = Hans Ross,  Norsk Ordbog 1895, Aasen 1873 = Ivar Aasen, Norsk Ordbog 1873, og Jenshus = Gunnar Jenshus, Fronsmålet 1985.

Ivar Kleiven (1854-1934)

Ivar Kleiven (1854-1934)

Ordliste

a’bragsle, adj.  (ei a’bragsle eige kongen rådde over, s. 96; avbragsleg; uvanleg stor, svært stor; òg abragdsleg, s. 316, i tydinga ulagleg, vrang; Jenshus s. 100 har tydinga uhorveleg).

aksion, hankj. (ve aksion i 1723, s. 59; òg s. 157, ette ein aksion, s. 272, i aksiona, dativ, s. 316; auksjon; Jenshus s. 101).

alat, adj ((da) va ho stødt alat med di, s. 340; viljug, opplagd, huga; Jenshus s. 101).

aldra, hankj. dativ eintal (For aldra skuld skull’ ein nok tru, s. 246; tid som noko(n) har vore til eller levt; del av levetida).

aldraug, adj. (ein så aldraug mann, s. 17, den aldrauge og  tongføre fosterfar hass, s. 23; aldrug; som er noko uti åra, som er til års (komen)).

almuga, hankj. dativ eintal  (avtale med almuga, s. 64, åt almuga, s. 107; både for prest og almugje, s. 175, almugjin søkte da om å få byggje ny kjørkje, s. 50; almugjen og almugjin, s. 33; mengd av folk som er samla; folket i det heile).

andor-skji, hokj. (døm – – brukte andor- og løyparskji, s. 358; stutt høgreski kledd med  skinn; Jenshus s. 102).

andyrkje, inkjekj. (bumark som vart houggje på timmer og andyrkje, s. 243; andyrke; emne (av tre);  emningstre).

annor, pronomen hokj. (den saka – – tok au ei annor vending, s. 71, både ei ti’ og annor i åre, s. 378; annan).

arristert, v. i perfektum partisipp (’n Per Sålbrå va arristert, s. 307; arrestert; sett fast).

avrå’e, adj. (Ei avrå’e skriu – – sopte med se husa på sætern, s. 349; avroden; uhorveleg, svær).

avstubba, v. i perfektum partisipp (kanskje dæ i ti’n ha vorte avstubba tå ”lendmannsmann”, s. 287; som det er teke, hogge, skore bitar av; avstytt).

bagenett, hankj. (’n Imert fekk att ny bagenett, og både gjevære og bagenetten va like raue tå rust, båe s. 341, med bajonett, lo’ty, bandtlær og sabel, s. 177; bajonett).

bakyvje, hokj. ((da) kom heile kjørkjestelle i bakyvje, s. 195, Men dæ gjekk meir og meir i bakyvju for ’om, s. 70, bakøvju, s. 383; bakevje; straum som ved naturleg hinder skjer ut frå hovudstraumen og bøyer seg attende; ide).

balle, hankj. flt. (med dølom, som ’n ofte ba åt se på balle, s. 377; ball; (finare) danselag).

bar’e, inkjekj. bunden form (dæ va lite ’n rokk opp over bar’e på preikstola, s. 78; bard; kant, bredd).

be’a, v.  (Døm vilde få ’n te aa be’a den almektauge gu’ frå preikstola om syndan å sende regn, s. 81; vende seg til (nokon) med bøn om (noko)).

beinke, hokj. (om itte han kunn’ vera ’om te  beinke, og litor beinke, s. 20; beine, hjelp, teneste).

bergja, v. i perfektum partisipp (Dæ vart utbore og bergja itte så lite innbu, og presten bergja fela si, båe s. 79, døm laut bergje live med, s. 177; berge; føre til ein trygg stad utanfor fare; taka vare på).

bjerk, adj. (bjerk lêt, og med di bjerke letom, båe s. 227; bjart, ljos, frisk, om let).

bjo, v.(bra med gull døm skull’ bjo stormennom, s. 21, å bjo alle sta’n s. 241; bjode; by; koma med tilbod om).

bjoar, hankj. (ein bjoar som va my’ brukt i heile bygden, og Bjoarn fekk oftast någå rettlei’ing fyryåt, i flt. Bjoaran, alle s. 241; person som bed til bryllaups etter gravferd).

bjoarmønstern, hokj. dativ eintal (uttafor di faste bjoarmønstern, s.  241; mønster, oppskrift for bjoding).

bjoar-oppskrifta, hokj. bunden form (bjoar-oppskrifta er nok au rett oppsett, s. 241; oppskrift for  bjoding).

bjønnsterk, adj. (ein bjønnsterk kar, s. 82; bjørnsterk; sterk som ein bjørn).

blåbær, inkjekj. (Men da kom dæ ei stor blåbær og la bjønn på jemt med elgsbranda, s. 311; etter ”Norsk Ordbok” band 1 1966 tyding 3, i skjemtande bruk, børsekule).

bo’, hokj. (da – – senda Leth iveig ei bo’ sørover. Da bo’a råkå ’n Ola, gjor’ ’n se sur,  s. 363; bod; melding; person som ber fram ei melding).

bo, substantiv i vendinga ha bo (med di lande itte den ti’a ha bo ottast fiend austa’frå, s. 248; trenge, ha bruk for).

bon, inkjekj. flt. (tu bon, s. 26, 7 bon, s. 73,  4 bon, s. 351; born; sjå òg bån).

bor’n, hokj. dativ eintal (og presten skulde nok itte vera den som gjekk med minste bor’n, s. 82; truleg prentefeil for bør’n; bør, noko ein ber).

bortfulle, adj. (men namne Rost, Rosta, er nå bortfulle, s. 14; bortfallen; som har falle bort).

bostkastom, inkjekj. dativ flt. (tå di staselege – – bostkastom, s. 259; handkledeskåp; etter Jenshus s. 107 hylle med rom for boste (kost)).

brokvørkje, inkjekj. (semska elgshude og reinshude va brukt te brokvørkje, s. 116; -vyrke; emne, råstoff til ei brok).

bygda, genitiv flt. i vendinga te-bygda (såner som di gongan ’n laut te-bygda og matrå’, s. 318; til bygda, ned att i, heim i bygda).

bån, inkjekj. (Va dottera, ho dronning Ingebjørg, einsleg attlivande bån, s. 27; barn; avkom etter menneske i fyrste leddet; sjå òg om bon, flt.).

Daffin, mannsnamn (den eine heitte Daffin (Dagfin), s. 403; Dagfinn).

dansarhaugen, hankj. bunden form (da læte heldt ve, drog dansarhaugen på meir og meir, s. 387; hug, lyst til å danse).

dansar-ringa, hankj. dativ eintal (kår gong ’n i dansar-ringa fór forbi ho Ragnil, s. 339; ring som dansar, driv med dans).

derest, eigedomspronomen attåt gardsnamn (i bu’n derest Tåkåsta på Innbutanga, s. 318; deira; dei som er på, høyrer til på garden; åt folka på Tåkåsta).

di, pronomen i dativ, av den (i di siste bolka tå di ti’n, s. 11, i di hauga, s. 17; den).

di, pronomen flt. (ette som di målkunnauge tyde dæ, s. 11; dei).

drôm, hankj. (’n ha havt ein så vond drôm, s. 22, i flt. drome: da døm  båe tu ha drømt drome som gjor’ døm tviråauge, s. 18; draum; sansebilete i medvitet når ein søv).

drugt, adj. inkjekj. (eit drugt folketal, s. 155, eit ha’leg drugt riffelmål, s. 327, drjug; no dryg, her stor, svær).

drykka, hankj. dativ eintal (Og med drykka følgje så my’ anna vondt, og Verst tå allt va drykken, båe s. 221; òg i forma drøkk: (han) øy’la se med drøkk, s. 72; drykk; drikking, turing).

døm, pronomen attåt gardsnamn (Kår vår når døm Liltjem fløtte te-sætra, s. 333; dei; dei som er på garden, på Liltjem; døm Kaulum, s. 409).

Dålå-Gullbran, sernamn (s. 15, 17, Frå ’om Dålå-Gullbran på Hundorp er nok hovdingmakta  – – fløtt åt Steig, s. 26; òg s. 97; Dale-Gudbrand).

dån, inkjekj. (Frå di gamlasta (prentefeil for –aste) ti’om attende har dæ stått någå dån tå ”slag” og mannspille ve Vinstervatna, s. 296; dun, røn, drøn).

eigje, adj. (forma eigje er nytta i alle kjønn, og ho er ikkje bøygd; døme med hankj. er (han) kom dæ sålest te å stå ein någå eigje ågå tå, s. 80, å tru berre på – – eigje haug, s. 194, Eigje skule laut verke au ha, s. 376; døme med hokj. er dæ ha eigje kjørkje, s. 10, på eigje hånd (s. 47), å tru berre på – – si eigje makt, s. 194, og i inkjekj. (døm) sette opp for sitt eigje bruk, s. 54, i deres eigje bilæte, s. 132, eit eigje slag, s. 261; eigen; som (berre) høyrer til, vedkjem eller skriv seg frå ein sjølv, (som ein har) for seg sjølv).

eka, v. i fortid (Men ei og annor omskjifting kom dæ ette hånd som ti’in eka se fram, s. 221; aka, flytte, skuve (varsamt) fram).

elgshude, hokj. flt. (semska elgshude, s. 116, reinsskinn hell el’shu’, s. 227; hud av elg, elgsskinn).

engjiln, hankj. bunden form (den eine engjiln oppover kordørn, og Den andre engjiln er skåre tå ’om Ola Røssøm; òg i dativ: ’n slo eine foten tå engjila sine, og i flt. på kår si’e åt engjilom, alle døma s. 262; engel; himmelsk vesen som tener Gud).

Essvoll, stadnamn (levert ve lensa i Essvoll, s. 161, frakte den kongelege anpart-tidenda – – åt Essvoll, s. 304, i Essvoll, s. 330; Eidsvoll).

farsi’a, hokj.  bunden form (bestefarn på farsi’a vart fyrst oppkalla, s. 223; her utan dativ; farsside; sida åt faren).

faut, hankj. (sålengje ’n va faut, frå 1603 te 1613, s. 28, (han) tok te å fyrybu ei dugeleg klage på båe fautan, s. 67, tå fautom, s. 174; fut; skatteoppkrevjar i eit landdistrikt).

feigne, adj. flt. (så bli døm så feigne og ein er kvitt døm ei ri, s. 237; fegen; glad, velnøgd).

fela, hokj. bunden form (og der dreiv ’n ti’a med å lesa og låte på fela, s. 189, dei gardistan som lêt på fela, s. 235, utan dativ, men òg lêt på fele, s. 235; fiolin).

fêlingo, hokj. flt. (dæ va – – vâd, myre, fêlingo og olende, s. 136; filing; nedfelte stokkar til farved over ei bru, frå Lom, etter ”Norsk Ordbok” band II 1978).

fer’aug, adj. (Ved fløtjinga som vart heilt fer’aug 1910, s. 41; ferdig; avslutta, fullførd).

fiskje, inkjekj. bunden form (både fiskje og jagta har vore nytta med både haug og dug, s. 104; det å fange fisk, fangst etter fisk).

fiskjevatn, inkjekj. (ei mengde fjellvatn som er go’e fiskjevatn, s. 146, ve desse fiskjevatnom, s. 378; vatn til å fiske i, vatn der det er fisk).

fjellslakkje, hankj. ((døm) gjor’ se beinveig ette ein fjellslakkje for å nå snarere fram, s. 141; søkk eller lægd i fjellet).

fjølin, hokj. flt. bunden form i vendinga leggje på flate fjølin (I Kvam va dæ naugre, som itte va go’e å skreka hell leggje på flate fjølin, s. 329; leggje over ende, leggje i golvet, vinne over, i slagsmål).

flomen, hankj. bunden form (s. 348; Kom flomen i våronnti’n, s. 427; òg i samansetjinga or’flômen, s. 215; flaum; stor vassføring).

flyssa,  hokj. bunden form (ho – – tok te å drå flyssa høgre og høgre, s. 368; skjørt, dòs, simpel stakk).

fløma, hankj. dativ eintal (enda ho i fløma står onde vatn, s. 28; i flaumen; me skulle ha venta flom, sjå flomen).

fløtja, v. (Bygda søkte i 1908 om å få fløtja kjørkja, s. 41; eldre nynorsk flytja, no fløtte).

fløtjinga, hokj. bunden form (denne fløtjinga ha gått for se omkring 1616, s. 30; eldre nynorsk flytjing, no fløtting).

-flåtå, hankj. (førr kongen med skjepsflåtå kom stemnan’ på døm, s. 25; flòte; enkel farkost; samling av farty).

folkestromen, hankj. bunden form (kår denna folkestromen kom frå, s. 13; straum av folk, mengd med folk).

folkje, inkjekj. dativ eintal (han – – va væl omtykt tå folkje, s. 80; inkjekj.ord som endar på –g og –k får i dativ eintal mjuk (palatal) uttale med –gj- og –kj- føre endinga –e).

fordågå, v. i perfektum partisipp (men storparten er nok fordågå tå døm, s. 167; øydelagd, bortkomen).

forlyu, hokj. (Dæ vart nå bygt ei hell tu forlyu på sæterkveen, s. 126; løe til å ha fôr i).

framkjømden, hokj. dativ eintal ((da) va dæ sagte mange vanskan med framkjømden åt Oslo, s. 137; høve til å koma fram; veg).

framkjømt, adj. inkjekj. (at dæ i så ti’leg ti’ va framkjømt med kløv, s. 137; framkomeleg, farande).

framon, adj. (misstak – – som te slutt har omskapt bumarka og gjett døm ein framon  dåm, s. 244; ukjend, uvan; ikkje heimleg).

framveksing, hankj. (’N Steigar-Tore va berre framveksing ennå, 15 år gåmål, s. 20; framvekstring, framstyving).

-fullmekt, hankj. (’N Kristen va nå fautfullmekt hos ’om Jens Madsson, s. 70; fullmektig).

fullnas, hankj. genitiv eintal i te fullnas (jor’veigan ga døm levebrø’e te fullnas, s. 401; fullt, heilt (ut), fullstendig).

furo, hokj. bunden form av furu (men spratt uppi furo att, s. 311; bundi form på –o etter midlandsmålet; sjå om stugo nedanfor).

fyrybu, v. ((han) tok te å fyrybu ei dugeleg klage på båe fautan, s. 67; gjera førearbeid til).

fyrymon, hankj. (denne fyrymon har Fron sikkert havt frå langt attende i ti’om, s. 9; forsprang; fordel, nytte, vinning).

følgde, v. i fortid med dativ (med di følgde ho (tidenda) årveiga, s. 57, di som følgde ’om, s. 74, at oppgåvun stødt følgjer åre og årveigja, s. 106, te å finne att og følgje di gamle ættom, s. 167; fara saman med; vera eller hange saman med; høyre til).

fåste ve, v. (Den blinde er nå lite likare å fåste ve, han, hell den dumme s. 237; Aasen 1873 fåst med, frå Gbd. òg, men Ross 1895 har fåst ve frå Gbd. (Fron), òg ”vefaastan(d)” frå Gbd.; tydinga er røre ved, innlata seg med, ha med å gjera, etter Aasen).

gammeltiver’n, hokj. dativ eintal (Imse drag tå live i gammelti’ver’n, overskrift s. 167; i gamletida, i gamle dagar).

gauve, hankj. (som den gruskaste gauve, s. 363; vørd mann; kakse, storkar).

gjeneral, hankj. (gjeneral Kjelhaug hell ”gjeneraln på Frosta”, s. 363, defor gjekk ’n beinast åt gjenerala sjøl, s. 364; Jau, dæ reinslåre vilde gjeneraln gjenne hå, s. 365; general; offiser av høgaste grad).

gjeneraladjutant, hankj. (s. 363; adjuntant hos generalen).

gjeneralmajor, hankj. (ette Brok ha vorte gjeneralmajor, s. 337; offisersgrad mellom generalløytnant og oberst).

gjer’, hokj. (på rimeleg gjer’, s. 29, på såmå gjer’a, s. 32; gjerning; måte, vis).

gjevorningen, hankj. bunden form (ein og an’n gjevorningen (”gevorben”, leigd sylater), s. 199; leigesoldat).

gjevorningsslask, hankj. (’n såg nå ut som ein gjevorningsslask, au, s. 83; som ein slask av ein leigesoldat).

Gjylløva, sernamn, òg i dativ hokj. (s. 181; Essdalsverke – – har truleg hørt Gjylløvun te, s. 376; U. F. Gyldenløve).

Gjylløve-kria, hankj. dativ eintal (likeeins i Gjylløve-kria, s. 250; krigen med namn etter U. F. Gyldenløve).

Gjynt, etternamn (Per Gjynt, og ’n Per Gjynt har vorte landskjent, ja utom landsgrensun, testmeir, båe s. 320; òg s. 321-327).

Gjynt-namne (s. 320; namnet Gjynt på Per Gynt).

glema, v. i fortid (når gulle glema for augom, s. 20;  glime; skine, blenkje; glitre).

glugg, inkjekj. (eit glugg på kår tå di tri hine veggjom, s. 248; opning i dør, vegg eller tak; i nynorsk hankj.)

glømt, v. i perfektum partisipp (at ’n ennå itte ha glømt venskapa bort, s. 22; lata gå or minnet, ikkje hugse).

go-for-se, adj. (Slekta va – – godt go-for-se, s. 209, svært mange va folk med go’e evne og my’  go-for-se, s. 278; god for seg; flink dugande).

golva, v. i fortid (ho golva ’n som ho skull’ ti’i ’n gutongje, s. 339; leggje, kaste i golvet, i slagsmål).

go’o, dativ ubunde flt. i tå go’o (eit gaul, som itte lyddest å vera tå go’o, s. 314;  på ein god måte, med det gode).

gote, v. i perfektum partisipp (Førr er gote om at, s. 30; av gjeta; gisse, tippe; her nemne, seia).

go-te-se, adj.  ((han) va – – ein hekkla og godt go-te-se kar, s. 315; god til seg; flink, dugande).

grasfro, inkjekj. (I 1875 sådde Fronsbygdin te-samen 229 kg. grasfro, s. 154; grasfrø).

grisi, adj. (millom folkje her, som budde så spreidt og grisi ve dal og ve fjor’, s. 168; utett, uheil; tunn(sett)).

grón, inkjekj. (sålest fell dæ 124 kilogram grón på kår, s. 112; grjon; matvaror av mjøl eller korn).

gronn, hokj. (Dæ er både gronn og furu, s. 147, 80900 gronn og furuplanto, s. 166; gròn; gran, nåletre i furefamilien).

grøyve, hankj. (Da – – kom dæ ’n grøyve som heite  Baudison, og ’n Knut ga se i tenest hos grøyva, båe s. 369; greive, greve; (person med) høgare adelstittel).

gu’, hankj. (å be’a den almektauge gu’ frå preikstola, s. 81; gud; her om Gud, skapar og styrar av alle ting).

Gullbran, mannsnamn (s. 17, 26, i samansetjing òg s. 15, 26, 97, òg Frå ’om Dålå-Gullbran på Hondorp, s. 26; Gudbrand).

Gyllaug, kvinnenamn (vevna’n henna Gyllaug Hågå, den ti’a ho Gyllaug livde, og kvinnfolknamne Gyllaug er eit ekte Skåbunamn, alle tre døma s. 284; me skulle ha venta Gj-).

Gyll-Løva, sernamn (og Gyll-Løva kom attista’n, s. 72, òg s. 97; U. F. Gyldenløve; sjå òg Gjylløva).

Gynte, slektsnamn (på Hågå budde dæ ei adelsslekt som kalla se Gynte, s. 320).

Gyrvil, kvinnenamn (ho Gyrvil Fadersdotter Sparre, s. 97, på Fron ha ho Gyrvil ått 10 gar’e, s. 98; me skulle ha venta Gj-).

ha’leg, adj. (ein ha’leg drug pong med pening, s. 22, Di skjikkan – – va vist någå ha’leg gamle, s. 242; hardleg; svært, sers).

halta, hokj. bunden form (berre halta så stor, s. 398; halvta; helvta).

har’leg, adj. (så ho (tidende) kunn’ vera har’leg ojemn, s. 58; hardleg; svært, sers).

hass, pronomen i genitiv (vanleg, t.d. s. 18, 24, 71, 303; hans).

hatug, adj. ((han) va hatug mot fauta, s. 293; hatig; hatefull).

haug, hankj. (son’n – – ha gjenne ingen haug te di, hell, s. 26, (da) el di opp ein mørk og beisk haug, s. 104, i bunden form: Men den orolege haugen hass va itte dovna åv, s. 24; hug; sinn, tankar; lyst, trå).

hause, hankj. (’N Steigar-Tore va ein oroleg  hause, s. 20; rik og mektig mann, kakse).

hausta, genitiv flt. etter te (Kvennknarrn kunn’ leta kvennvatn att te hausta, au, s. 427; til hausten, når det lid mot eller blir haust).

havt, v. i perfektum partisipp (vanleg, t.d. og (har) for denne tenesta havt landskjylda tå gara Grov, s. 55; av ha(va)).

hegsetåklæ, inkjekj. (for tu mannsaldre sea fanst dæ att 3 hegsetåklæ i Skåbu og 1 i Ruste, ho spårå 1 ku med eitt hegsetåklæ, og dette hegsetåklæ’e, alle tre døma s. 284, hegsetåklæa, s. 283; høgsetåklede; åklæde til å ha i høgsetet).

hei’in, adj. (defor påsto’ døm ha hevda se retten åt like frå hei’in haug attigjenom, s. 295, i bunden form, om dæ sjølsagt i lange ti’e gjekk att my’ frå di hei’ne ti’n, s. 167; heiden; ukristna, her frå (eld)gamal tid, sers lenge sidan).

heir, hankj. (Med desse gåvom følgde dæ med lovna om både stor ære, hei’r og makt, s. 20; heider; ære, vørdnad, ros).

heirs-dag, hankj. (på deres heirs- og gle’esdag, som au er deres brylloupsdag, s. 237; heidersdag; dag som blir feira til ære for ein, her bryllaupsdag).

hell, konjunksjon (i sambandet håkje/kåkje-hell; eigenleg heller; s. 22, 35; eller; sjå håkje og kåkje).

henda, v. i fortid  ((da) henda dæ imillom døm prøvde setja opp uggan, s. 301; hende er a-verb slik som i Vågå; gå føre seg, bera til).

hine, pronomen flt. (på kår tå di tri hine veggjom, s. 248; dei andre).

-hjålp, hokj. ((døm) ha ytt my’ arbeidshjålp i gar’sdriften, og den arbeidshjålpa døm trengde åre rondt, båe s. 103).

hjålpeprest, hankj. (kanskje berre hjålpeprest, s. 62; hjelpeprest).

hogillt, adj. inkjekj. (’n (slåtten) er någå hogillt i fyrste vêkom, s. 361; uroleg i hugen, sutefull; sturen; rørande).

holo, hokj. (dæ va oppkasta ei holo i jor’bakka, s. 133; hole, søkk i lende).

hos, preposisjon (sers vanleg, t.d. s. 63, 73; med dativstyring).

Houga, etternamn ((ei altertavle) skore tå ’om Per Houga på Vågå, s. 56, òg i samansetjingane Maihouga, dativ, s. 254, på Galgehouga, s. 353, hougen, s. 133, med diftongen ou som Kleiven brukar i ”I gamle Daagaa” (1908)).

hovalla, hankj. dativ eintal (Veigjin skull’ fåråst over – -ette plogånna, i hovalla og om hausten, s. 143; håballen; tid mellom våronn og slåttonn).

hugubøle, inkjekj. (onde stadaugt tesyn som ein dreiv eit hugubøle, s. 98; hovudbøle; hovudgard).

huku, hokj. (’n Amund hougde hånda i huku på Gausdøla, s. 331, så at dråpån hekk

 ihop onde hukun, s. 392; hoke; hake, framståande del av andletet nedanfor munnen).

hulle, v. ((da) fekk E høre fa’n sat og hulle utve’ Vinsteråa, s. 404; truleg misprent for hulla; tralle, sulle, nynne).

husan, genitiv flt. bunden form i tehusan (’n – – kom te-husan att, s. 324; til husa att, inn åt husa).

huskaplan, hankj. ((han) va i mange år huskaplan på imse stelle, s. 79; huskapellan).

husvero, hokj. flt. (for deroppå va dæ au bygt husvero åt døm, s. 60; husvære, husrom).

hågrisk, adj. (ho Marte Bø va så hågrisk og gjerig, s. 354; som er svært grisk og grev til seg).

hågriska, hokj. bunden form (at ver’a og hågriska føl’de ’ne te hena siste stond, s. 354; det å vera hågrisk, svært grisk).

håkje, konjunksjon (i sambandet håkje-hell: håkje gamle tenesto hell skjyldskap vilde bli enst på, s. 22, håkje med vørkje hell mannskap s. 35; korkje; meir vanleg kåkje, sjå den forma).

håmann, hankj. (fauten og håmann hass, s. 303; hovmann; skrivar hjå futen; stormann).

håska, v. i fortid ((han) håska og knota så dæ va vondt å høre på, s. 317; hoske; knote, tala unaturleg, tilgjort).

håtå, v. i perfektum partisipp ((døm) vart- – håta tå sylaterom og folkje i lande, s. 190; hata; bera hat til, leggje for hat).

imots, adverb (’N reiste imots med ’om Haral, s. 22; i møte med, til møte med).

imse, adj. (i imse  bygdlag s. 18; òg døme s. 29, 54, 183, 265; ymis).

ingor, pronomen hokj. (ingor bygd, s. 9; òg s. 157, 299; ingen).

inkun, pronomen hankj. (på inkun gar’n, s. 14; einkvan).

jamnfare, adj. inkjekj. (almugjin lærde meir jamnfare å lesa, s. 201; jamfare; jamt over, på jamnan).

javer’e, inkjekj. (dæ fekk ’n javer’e på med eingong, s. 265; samtykke, ja-ord, lovnad).

jemnt, adj. inkjekj. (s. 103, 318; Dæ vart jemnt ogrei’e med forpaktingsavgjiftom, s. 235; jamt, jamt over; (heller) ofte).

jestrikt,  inkjekj. (hå så vide jestrikt onde se, s. 287, i samansetjingane inna’for bataljonsjestrikte, s. 421, i lendermannsjestrikta, s. 287; eigenleg av gestrikt, samanblanda med distrikt, område, strok).

jor’eple, inkjekj. (Jor’eple, s. 115, Dæ va i desse ti’om at jor’eple vart kjendte her i lande, s. 214; jordeple; potet).

jute, hankj. (’n – – va ein jute hell fynbuar, s.209; person frå Jylland, jyde).

kaftin, hankj. (s. 82, i kompenia onde kaftin Kjelhaug på Frosta, s. 341, Kaftin Leth, s. 362, i samansetjinga tu bondekaftine, s. 179; kaptein).

kapaln, hankj. bunden form (håndkvenna (som eingong løyste åv gnekarstein og kapaln), s. 428; Ross 1895 kapall, rund stein= koppul, frå Nord-Gbd. kapäill; hos Jenshus s. 135 kapæill, med jamvekt).

kaplan, hankj. (s. 64; kaplan på Vågå, s. 437; kapellan).

karsi’a, hokj. bunden form (på karsi’a, s. 232, 252, 427, alle utan dativ; på mannssida).

kjanglast, v. (enda dølin alder har vore utgjor’e te å kjanglast, s. 295; trettast, krangle; Ross 1895 kjanglast).

kjyllte, v. i fortid (dæ kjyllte åt mange slag folk, s. 360; Ross 1895 kylla frå Gbd., kylla seg, strøyme saman, stimle saman, med kyllast òg, frå Fron).

kjørv, inkjekj. (me’a ’n skull’ binde eit kjørv, s. 315; kjerv, lauvkjerv).

kleis, adj. (attåt va ’n både kleis og leisp, s. 313; som talar ugreitt, ureint, om person).

klåvug, adj.  (”Er du vorte klåvug, nå, Lonkje-Kristen?”, s. 339; jamfør Aasen 1873 klådug, i tydinga som har kløe, og Ross 1895 klåutt, frå Hallingdal og Østfold; i Vågå er klåog velkjent, seier Ivar Myrstad, i tydinga som vil klå, klø på, er innpåsliten; truleg ligg forma klåog nærast til her).

knåpin, hankj. bunden form (”fanten og knåpin”, i ein song; ”knåpan” missbrukte magta si i bygden, båe s. 413 og s. 414, Aasen 1873 knape, mektig mann, Ross 1895 knåpe frå Gbd.

-kommesær, hankj. (i samansetjinga forlikskommesær, s. 438, 439; – kommisær).

kompeni, inkjekj. (inna’for kår sitt kompeni, s. 361, (da) kompenie låg i Oslo, s. 335, i kompenia onde kaftin Kjelhaug, s. 341;  i normert form: Di 8 kompania, s. 360; kompani; hæravdeling).

konformasjon, hankj. (s. 202; ette Hersleb ha fått konformasjon innført, s. 203, konformasjon’n, s. 202; ho ha – – skrivi se inn te konformasjon, s. 392; konfirmasjon).

konformert, adj. (i 1732 vart den fyrste ungdomen konformert i Akershus bispedøme, s. 202, ette ho va konformert, s. 396; konfirmert).

konformasjonsåra, inkjekj. flt. bunden form (frå konformasjonsåra hena, s. 396; me skulle ha venta dativ på –om; konfirmasjonsår; år då ein blir konfirmert).

konga, hankj. dativ eintal (kapelle på Steig va bygt tå konga, s. 55; av kongen; mannleg monark).

konsenerte, adj. flt. (døm – – åpå ette stila åt di konsenerte, s. 213; dei kondisjonerte; som er av embetsstand).

kôp, hankj. (da møtte dæ opp reint svart med kôp, og te å gjera kôpa eit lite strøk, båe s. 255, kôpen dro’ se him-att, s. 256, da tok dæ te å samle se så my’ kop, s. 366; glanar, glankar, person som koper).

kope, v. (sjå vaksne kare stå kope sålest, s. 368; glane,  sjå på med stor nyfikne).

kri’a, hokj. bunden form (te kri’a va slutt, s. 178, i samansetjing: Hannibalskri’a, s. 181, Sjuårskri’a, s. 176, i dativ: i desse kri’n, s. 176, I Hannibalskri’n, s. 304; hokj. hos Jenshus òg, s. 140; hankj.  i samansetjingar: -kri’n, s. 304, dativ hankj.: i kri’a, s. 179;  åt Hannibalskri’a, s. 178,  i Hannibalskria og Krabbekria – -, likeeins i Gjyldløva-kria, s. 250; krig; våpenkamp mellom statar).

kriste, adj. (ein lang bålk framigjenom kriste ti’, s. 243; kristen; som gjeld kristendomen og dei kristne).

krytjyralnan, hankj. bunden form  (s. 111; Krytjyralnan er høgt oppdrivi, s. 148; det å ala opp krøter, krøter-al).

krytjyrhalde, inkjekj. bunden form (Folketale va ennå lite i samhøve med krytjyrhalde, s. 114; det å halde krøter, husdyrhald).

krytjyrstell, inkjekj. (Krytjyrstell, overskrift, s. 104; det å stelle krøter, husdyrstell).

krytjyrtal, inkjekj. (og avling og krytjyrtal minka svært, s. 89; te oppgåvo på avling hell krytjyrtal, s. 114; tal på krøter, husdyrtal).

kverva, v. i fortid (både utskrivi og kverva, s. 92, i perfektum partisipp: (har) sålest vore utskrivi 34 og kverva 13, s. 179, dæ danske mannskape va berre kverva rask, s. 180; òg s. 183, 184; Mange onge dølagute – – let se kverve åt livgarden i Kjøpenhamn, s. 228; verve, bli yrkessoldat).

kvinnfolksi’a, hokj. bunden form (på karsi’a hell kvinnfolksi’a, s. 232, utan dativ; på kvinnesida).

kvitrivilgronn, hokj. (dæ laut vera antel utvald feittenar hell kvitrivilgronn, s. 359; gròn, gran med kvit rivil; jamfør Ross 1895 rivil i tydinga tunt og turt lite tre, frå Vestfold Hedmark og Østerdalen.  ”Granrivil”; i ”Norsk Ordbok” band 4 2002 granripel, tunt grantre med seig, hard ved).

kvitt, adj. med dativ (for di døm vart kvitt svenskom, s. 66, For å bli kvitt kopa (prikken over a-en er prentefeil) utur hendom ba’n døm å gå, s. 366; fri for, skild frå; Jenshus s. 88).

kåkje, konjunksjon (sers vanleg i sambandet kåkje –hell, t.d. s. 134, 163, 176, 232, 380; kåkje i 1808 hell i 1814, s. 192, (det var ikkje) någor greie å få kåkje på slekta hass, hell kå ti ’n levde, s. 321; korkje; sjå òg håkje).

kåså, v. i fortid ((da sette ’n i gang ope  oppreist mot ’om Magnus, og kåså ut eit nytt kongsemne, s. 24; kosa; velja, peike ut, nemne ut).

lands, genitiv inkjekj. i vendinga te-lands (her te-lands, s. 112, 139, kristendomen kom hit te-lands med maktbo’, s. 168; til lands; i land, på land).

lausna, v. i fortid (om dæ lausna ei stygg oværskule deruppå, s. 139; losne, bli laus, koma på glid).

leigesylatere, hankj. flt. (von Weide kverva 13 leigesylatere, s. 178; leigesoldatar).

leisp, adj. (attåt va ’n både kleis og leisp, s. 313; lesp, som lespar).

lesarbona, inkjekj. flt. bunden form ((han) va – – klein te å lære op lesarbona, s. 82; lesarborna; born som les for presten).

”ligjer”, hokj. (morosamkåmo som kallast ”ligjer” (tjuk l = gjæl), og desse ligjer’in,  båe s. 233; eit slag samskotslag).

litor, adj. hokj. (Denne gamle kjørkja va – – berre litor, s. 38, Søre Fron – – er sålest ei hellan litor bygd, s. 150; lita).

ljå, hankj. flt. (dæ va fleire der som smidde rigti fellne og lettbeitte ljå, s. 279; ljår; slåttereiskap, til å slå gras eller korn med).

ló’a, hokj. bunden form (han va dæ som lå’a ló’a, s. 426; skoren og utreskt grøde, serleg av korn; kornavling).

longe, adverb (Nå er nok alle merkje og minne longe sea sletta ut, s. 251, ’n va longe fare, s. 307; òg longje: longje ette at, s. 104; for lang tid sidan).

lot, hankj. (men di som følgde ’om let ’n få lot med se, s. 74; lut; del, part (av noko), her av rein).

lugum, adj. (ei staut og lugum kjørkje, s. 52, sume tå di hine bygdom – – ha dæ vistså lugumt med di, s. 104; høveleg, tenleg).

lu’leikom, hankj. dativ flt. (for å korte på ti’a med di gamle lu’leikom, s. 123; lurleik; leik, slått til å spela, blåse på lur).

lyftan, inkjekj. (kjørkjebyggjinga vart eit så tongt lyftan for Fron, at, s. 33; lyftande; lyft, det å lyfte, bør; krafttak).

Lyster, stadnamn (åt Skjolden i Lyster, s. 136, Forton i Lyster, s. 137, 139; Luster i Sogn).

Lysterfjorn, stadnamn (s. 136, åt Skjolden ve Lysterfjorn, s. 139; Lustrefjorden).

løtnan(t), hankj. (Lund  – – tok løtnan med eine hånd’n og sløngde ’n over bålken ut i lo-golve, og løtnant Mandal, båe s. 82, Ein løtnant von Weide, s. 178; løytnant; offiser med grad mellom fenrik og kaptein).

lørjing, hokj. ((er) stødt visen ette slike kulo, at dæ bli med någå lørjing og skryt, s. 300; Ross 1895 lyrgja i tydinga fortelja upålitelege sogor, skrønor).

løyparskji, hokj. (Skåbyggjingan – – brukte andor- og løyparskji, og å gjera ei go løyparskji skull’ vera ei stor konst, båe s. 358; ski til å løype, renne på).

lå’a, v. i fortid (han va dæ som lå’a ló’a, s. 426; leggje opp loa, i låvebrotet, låveromet).

malna’a, hankj. dativ eintal (og da vart dæ reint nø’ med malna’a i bygden, s. 428; malnaden; maling, det å mala (korn); Ross 1895 malnad frå Nord-Gbd. (Vågå)).

marsen, hankj. bunden form (denne marsen er ennå te, s. 361; marsj, musikkstykke til å marsjere etter).

me’alskonne, inkjekj. dativ eintal (brøkonne og kanskje lite tå me’alskonne, s. 362; korn av medels kvalitet; Ross 1895 medalskorn frå Nord-Gbd. (Vågå)).

medhjålpar’n, hankj. bunden form (medhjålpar’n åt presta, s. 81; medhjelparen; medarbeidar).

megtauge, adj. flt. (tu rike og mektauge lendermenn, s. 24; mektug; megtig, som har stor makt).

melle, v. (Någå meir er itte å melle om denne mann’n, s. 64; støtt skrive med –ll-; melde; seia frå om, opplyse).

melling, hokj. (12 som dæ finst sikker melling om, s. 30, i den mellinga, s. 126, i dativ i di såmå mellingen, s. 111; støtt skrive med –ll-; melding, det å melde; kunngjering).

menneskje, hokj., stundom inkjekj. (ei menneskje, s. 348, tu menneskjo som råkast, s. 90, banna som eit rasandest menneskje, s. 315, eit – – menneskje, s. 75; menneske; den høgast utvikla arta av pattedyr; person).

mjoge, adj. bunden form (At dæ attåt va tenkt på innkoma for di mjoge statskassun, s. 157; mjå; Aasen 1873 har mjog frå Gbd. på mjå; tunn, smal, slank, her slunken, mager).

môna, v. i fortid (ettehand som dyrkinga tå jor’n – – môna se frå mannsalder te mannsalder, s. 14, krytjyralnan ha mona se fram, s. 111; mona; duge, her vekse, auke).

mor’aran, hankj. flt. bunden form ((han) såg kårlest di tu mor’aran bar se åt, s. 352; mordarane; person som har gjort mord).

mor’e, inkjekj. bunden form ((han) sto’ te kårlest mor’e gjekk for se, s. 354, dette fæle mor’e, s. 355; mord; det å myrde, overlagt drap).

morsi’a, hokj. bunden form (på morsi’a, s. 97, utan dativ; på sida åt mora).

motvilja, hankj. dativ eintal (skulestelle – – kom te å bera merkje tå motvilja hos bøndom, s. 75; motvilje; uvilje, motviljug kjensle).

-mugje, hankj. (i samansetjinga kjørkjemugje, s. 29; sjå almuga).

målarpensela, hankj. dativ eintal (’n ha itte den evna med målarpensela, s. 275; pensel til å måle med).

nattura, hankj. dativ eintal (Fron ha nå gjenom alle ti’e vore serleg væl budd tå nattura, s. 104; natur; medfødd eigenskap; her heile den materielle verda).

naugre, pronomen flt. (naugre år, s. 27; òg s. 142, 383; nokre).

naustra, inkjekj. flt. bunden form (Da vart – – naustra (fulle) med høy og øykje, s. 383; til nauster, inkjekj., naust; lite hus til båt(ar)).

nautgar’, hankj. (Den gamle gjer’a med – – tomgar’ og nautgar’, s. 256; plass eller garde attåt fehusa).

negla, v. i perfektum aprtisipp (alle laut sitja stille og støe som negla på sæte sine, s. 215; negle, feste med naglar).

nekke, v. (dæ står itte te å nekke for, at, s. 51, dølan nekka å vera med, s. 176, sume nekka s. 203, (da) nekka Frøningan å gjera friskjyss, s. 307; nekte; Aasen 1873 har nekka frå Valdres på neitta).

nogor, pronomen hokj. (t.d. s. 11, 136, någor, s. 36; nokor).

Nori, landsnamn (sers ofte, t.d. i Nori, s. 16, 67, 75, 87, 100,101, 169, òg Nori’, s. 132, Nori, s. 217; Norig, no Noreg).

nuvot(e), adj. (å sjå nuvote ut, s. 36, kjørkja – – ser nuvot ut, s. 51; avstumpa, tverr, nuv; Ross 1895 nuvutt frå Gbd. òg).

nyrøjing, hokj. (dæ jemnt over kom meire liv i nyrøjing og oppdyrking, s. 103; nyrydjing; nydyrking).

nøgjare, adj. komparativ, andre samanlikningsgraden (å sjå någå nøgjare, s. 107; nøygjare, s. 19; meir nøyen, meir nøyaktig).

nørdre, adj. komparativ, andre samanlikningsgraden, (på nørdre vegga er eit Kristus-bilæte, s. 52, Nørdre Fon, overskrift s. 85, I nørdre dala, s. 99; som ligg lenger nord, lenger mot nord).

någor, pronomen hokj. sjå nogor.

någun, pronomen hankj. (någun gong, s. 25, så vart nå itte Oslo någun handelsby fyry 1650, s. 131; nokon).

någå, pronomen inkjekj. (t.d. s. 107: Dette er någå som kjem fram tå tiendlistom; noko).

odyrsleg, adj. (va dæ eit odyrsleg øykjebeist som dæ va omoleg å sko, s. 279, odyrslege heste fekk ’n stelle med, s. 422; udyrsleg; som er som eit udyr, ber seg åt som eit udyr; rå, vill).

offesjere, hankj. flt. (s. 101, 102, 180, 182, 361, sørgje for skjuss åt offesjere, s. 289, i dativ flt.: naugre te tå di høgste offesjerom, s. 190, tå offesjerom, s. 335, tå offeserom, s. 361; offiser; befalingsmann i forsvaret).

Offin, mannsnamn (den andre Offin (Audfin), s. 403; Audfinn).

ofrydskje, inkjekj. (så va ’n Iva eit ofrydskje, ei stor ovør’e, s. 336; ufryske; ubeist, udyr, umenneske).

ohaugna, hankj. (slik ogreie dro’ berre ohaugna ette se, s. 296; uhugnad; utrivnad, uhyggje).

ojemne, adj. flt. (avlingun – – er svært ojemne, s. 107, dæ fall ojemnt, s. 267; ujamn; som ikkje er jamn, ulik, ikkje vanleg).

o-lêta, adj. (o-lêta vønmål, s. 229; uleta; som ikkje er leta eller farga).

osamna, hankj. (osamna og ostyr, s. 233, kunn’ bli ein slutt på desse gamle osamna som alder ga fre’, s. 302, (da) vart dæ osamna med di tu grannom om eigun, s. 347; usamnad; usemje, strid; Aasen 1873 usamnad frå Gbd.)

ottekanta, adj. (di ottekanta kjørkjun, s. 35; åttekanta; som har åtte kantar).

ottekantot, adj. (ei kjørkje som er ottekantot, s. 35; åttekantut; som har åtte kantar).

otålaug, adj. (desse meinhøva ihoplagde gjor’ åkerjor’a otålaug og værvand, s. 108; utolug; som toler lite, utoleleg).

ou, diftong (stundom skriven ou som i vågåmålet i ”I gamle Daagaa” (1908), t.d. Per Houga og i samansetjingar med – houga, sjå Houga, og i brylloupsdag, hankj., s. 237; elles vanleg au i ”Fronsbygdin”).

ovenne, hankj. flt. (te ovenne for heile live, s. 213; uven; person som ein har eit dårleg eller hatsk tilhøve til).

ovini, hankj. flt. (karan’ va ovini, s. 86; uven; sjå ovenne).

onda, preposisjon, adverb ((da) fekk ein tå Valdersom houggje eine hælstege onda skrå’n sine, s. 302; undan; på undersida).

onde, preposisjon (vanleg form, t.d. onde Sellsverkje, s. 376; under; på undersida; her underlagd, som ligg under).

ovilja, hankj. (møtt med ovilja, s. 303; uvilje).

prestørkje, inkjekj. (ellest va’n itte lagd for prestørkje, s. 86, (døm) tok ve truskjifte for å få hå prestørkje, s. 193; presteyrke; yrke som prest, arbeid som prest).

primi, hankj. ((døm) delte ut primi for nydyrking, s. 113; premie; utmerking, pris).

prukkerater, hankj. (Ein prukkerater Harder Holst, s. 293, i flt. –prukkeratere i samansetjinga bygdaprukkeratere, s. 209; prokurator; sakførar (noko nedsetjande)).

pukje, hankj. (du rikje pukje!, i eit vers, s. 412; rik storkar, riking; Aasen 1873 puke frå Gbd. òg).

pålag, adverb (den gamle Listakjørkja va bygt pålag på såmå gjer’a, s. 32, ho – – er sagte bygt så pålag 1570, s. 40; på lag; om lag,  (så) omtrent).

raudde, v. i fortid (for sume skot blødde rupa så dæ raudde lang veig, s. 319; raude; gjera raud, bli raud; raudne).

reddågå, hankj. (ho slapp med reddågå, s. 83, Dæ vart stor ondring og reddågå, s. 395, i bunden form reddågån, s. 79; redd-age; redsle, otte).

reina, hankj. dativ eintal (stålbågån (va) – – nok obrukeleg og åt reina dugde ’n nok hellanitte, s. 116; åt reinen, på reinen; reinsdyr).

reinferleg, adj. ((sætersmøre) va støtt så reinferleg handsåmå, s. 130; reinsleg, reint og fint).

reinshude, hokj. flt. (semska elgshude og reinshude va brukt te brokvørkje, s. 116; hud, skinn av rein).

reinsvone, hokj. flt. og reinsvonom, dativ flt. (ner grensa skar innpå go’e reinsvone, s. 295, tess nerar kom ein reinsvonom, s. 124; nerar styrer dativ; von om å finne rein, stad der reinen held til, i høgfjellet).

reluisjonsgodse, inkjekj. bunden form (auksjon over reluisjonsgodse i 1752, s. 102; gods kjøpt ved reluisjon; til reluition, innløysing, innfriing av eit pant, godtgjersle, etter Mauritz Chr. Hansen, ”Fremmed-Ordbog” 1851).

reluisjonsretten, hankj. bunden form (Alle eigaran kjøpte att reluisjonsretten s. 102; rett til reluisjon, sjå ordet føre her).

”reluisjonsskjøte”, hokj. (s. 102; skøyte mot reluisjon; sjå reluisjonsgodse).

repp, hankj. og –reppe, flt. (Mest ingen repp slapp ska’eslaus, s. 348; sameigo som hørde te mindre gar’reppe, s. 164; bygdelag, lita grend).

riffelmål, inkjekj. (dæ er eit ha’leg drugt riffelmål, s. 327; riflemål; så langt ein kan skjote med rifle; her stor fråstand).

rupa, hokj. bunden form (for sume skot blødde rupa så dæ raudde lang veig, s. 319, Oppå Dovrfjelle flaug dæ opp ei rupe frama’for hesten, s. 23; rjupe; no rype).

røja, v. (han la se har’t ette å røja ut dæ som va att tå rasjonalisme,  s. 84; rydja ut; reinske, fjerne).

Røyros, bynamn (konn – – som døm avhenda på Røyros, s. 103, Attpå kunn’ kanskje mann’n etle se åt Folldala hell Røyros med ein 8-10 tynno mjøl, s. 427; Røros).

”rå’auge”, adj. flt. (førr i ti’om (fanst det) ”rå’auge” folk, kare og kvinnfolk, som skjøna se på lækjekonst, s. 420; rådug; som veit eller kan gjeva råd).

samna’a, hankj. dativ eintal ((da) vart dæ itte skryte tå samna’a millom far og son, s. 356; samnad; samhald, semje; Aasen 1873 frå Gbd.).

sea, v. (døm – – skull’ kåmå attende åt ’om Haral og sea ’om utfalle, s. 21, Ein lyt sea at, s. 164; òg seast: Eit arbei’ som ette di ti’n lyt seast å vera vælgjort, s. 95; seia; bera fram i ord, uttala).

segne, inkjekj. bunden form (Heilt otruandes er kanskje itte dette segne, s. 56; stutt forteljing som gjev seg ut for å vera sann).

Sellsverkje, inkjekj. dativ eintal ((han) dreiv dæ som kåpårverk onde Sellsverkje, s. 376; under Selsverket; me skulle ha venta Sels- med ein l).

”selsgar’n” hankj. bunden form (rume millom sel og bu – – fekk namne ”skuten” sume sta’n og sume sta’n ”selsgar’n”, s. 126; rom på ei sæter).

senda, v. i fortid (han senda enda med døm meire pening, s. 21, ’n senda son’n sin imot ’om Olav Haralsson, s. 28,  (da) senda ’n støtt bo’ ette ’om Jakop, s. 186; sende er a-verb slik som i Vågå).

setan’, v. i notids partisipp (men at døm er større setan’ er mindre truleg, s. 172, òg setandes oppgåvo, s. 89, ei setandest utgrei’ing, s. 231, ei setandest meining, s. 269; sætande; påliteleg, som er til å  lite på, ordhalden).

setjareple, inkjekj. (s. 115, frårekna setjareple, s. 114; setjepotet).

-si’a, hokj. bunden form (på –si’a, utan dativ, t.d. i far-, kar-, kvinnfolk-, morsi’a, sjå desse samansetjingane).

sins-, pronomen genitiv i sins-imillom (Da sa folke sins-imillom at, s. 344; seg imellom).

sjako, hokj. (ei kule kom gjenom glase og tok sjako tå hugua hass Per, s. 335; etter ”Norsk riksmålsordbok” (1937-1957) og større leksikon frå ungarsk czako, med trykket på

-ko, i tydinga høg, nærast sylinderforma militærhuve, av filt eller lêr; innførd i norsk infanteri i 1810, og nytta i Sverige frå 1814-1845, etter ”Norsk Allkunnebok” 1948-1964).

sjersanta, hankj. dativ eintal (han sto jemsi’s med sjersanta ’om Knut Haugje frå Sel,

s. 190; sersjant; underoffiser av lågaste grad).

sjo, v. (Blæsterjønne va – – lett å sjo (sveise); òg sjo’ing, hokj., båe s. 133; dæ va å sjo’ ihop blæsterjønnklompe te dæ vart stort-nok emne, s. 277).

skans,  hankj. (døm – – bygde ein skans i 14 dågå, s. 178; skanse; festningsverk).

skjei, inkjekj. (ein evnerik kar – – som ha gått eit skjei hos soknepresta, s. 206; ’n – – greip tak i elgen og dro ’n langt inn på land i eitt skjei, s. 311, i eit renn; te di fyrste skjei’e som gjekk ut frå Asker, s. 439; òg s. 443; -skjei’a, flt. bunden form, s. 445; ein gong skrive

-skjeid, s. 152; kurs, stutt samanhangande opplæring).

skjepa, v. (te å skjepa eit godt skulestell i bygden, s. 87, (da) vart dæ skjepa eit seminar på Blågård ve Kjøpenhamn, s. 218; skipa; få i stand, stelle til).

skjote, v. (folkemengdin på Fron tok te å skjote på denne ti’a, s. 93; fyre av skot; her skjote fart, auke, vekse).

skjuthesten, hankj. bunden form (ho bau tenestkara – – skjuthesten på Bø, s. 351; merr; på Fron merrføl, hoppeføl; gamal øyk, etter ordbøkene).

skjølja, v. (’n – – ha nok i tankom å skjølja se med desse medkonga, s. 23; for å skjølja dæ frå di fyrste, s. 159; skilja; føre frå kvarandre).

skjølna’sdrammen, hankj. ((da) brufolka skull’ drikke skjølna’sdrammen, s. 330; skilnadsdram, dram til skilnad, avskil).

skrio, hokj. bunden form av skriu (I skriusomåra 1789 gjekk dæ ei skriu på kjørkja, s. 46, den eine fæle skrio ette den andre, s. 347; bunden form på –o er etter midlandsmålet, sjå òg furo og stugo; skrede; skred, masse av jord, stein og snø som rasar nedover eller utover).

skryft, hokj. (om døm laut stå skryft i kjyrkjun, s. 200; stå til skrifting, gjera offentleg orsaking, beda om tilgjeving, Aasen 1873 tyding 4 på skrift. Ross 1895 har skryft frå Gbd. òg på skrift, i tyding 6 irettesetjing, skrape).

skrytarskrøne, hokj. (Dette er ei skrytarskrøne døm ha sett i hop, s. 300; skrøne til å skryte av, kyte, skreppe av).

skrå’n, hokj. dativ eintal (best dæ va, fekk ein tå Valdersom houggje eine hælstege onda skrå’n sine, s. 302; skrå; sko).

skvålå, v. i fortid ((da) sat ’n og pikka med ein stein og skvålå forma tå di nye klukkun, s. 367; skvala; skylja, vaske skòla).

sme’s hankj., genitiv, sjå tres.

smio, hokj. bunden form av smiu (smio vart forkald, s. 279; hus, rom til å smi i).

soga, hokj. bunden form (denne soga trøngde vidt omkring, s. 17, Mange tå bragdom hass er sikkert dikta inn i soga hass, og heile soga, båe s. 327; merkeleg er forma soga’n, bunden form: ein gullbransdøl i Nidaros som har fortalt ’om soga’n slik, s. 17; forma ser ut som hankj.; kanskje misprent; soge; forteljing; historie).

somfårå, v. (ve å somfårå skur’n tett innve vise nok mesterhånda, s. 46; saumfara; granske nøye; fara etter i saumane).

somårtinge eller –tingje, inkjekj. dativ eintal (på somårtinge i 1814, og (da) tenkte fauten se te på somårtingje å mekle imillom partom, båe s. 373; sumarting, ting som vart halde om sumaren).

sonda, v. i perfektum partisipp (Sonde, kjem tå sond, sondstad da dæ ha vore sonda over Laugen førr Sondbrua vart bygt, s. 45; føre over sundet, ferjestaden i elva).

sote, v. i perfektum partisipp (sers vanleg, t.d. s. 308, 351, hugu hass Erik sit der dæ ha sote førr, s. 369; sete, seti).

sporde, v. i fortid, av spørja (Presten – – sporde kårlest dæ va, og Presten sporde om ho såg han, båe s. 393, sporte òg, s. 403; òg spordest, i fortid, s. 394, da detta spordest i bygden, s. 403; spurde; dette vart spurt, kjent).

spordågå, hankj., same forma i flt. òg (Massing’n tøygde tålmo’e og ga ein spordågå te, te å ”setja” folk fast med spordågå utur bibela, te å ”setja” skomakern rigtig staurfast med djupe spordågå og myrke talo, alle døma s. 316; spørsmål (etter noko), Aasen 1873 spurdag; Ross 1895 spurdage frå Gbd. i tydinga gåte, nyss, tidend).

sporsmål, inkjekj. (dæ va sporsmål om å slå fast grenselino, s. 162; i alle di arbei’arsporsmålom, s. 374.  Aasen 1873 spursmål; no spørsmål).

spånå-løn, hokj. (ho senda sko’n sine attende åt Bø te spånå-løn, s. 354; spuneløn; løn for spinning, spinneløn).

storkje, adj. (da, så skull’ døm få kjenne smaken tå storkje bly, s. 301; storken; som er storkna, hard og (til)stivna, her om blod).

strenda, v. i fortid (Han – – strenda omkring med børsun i Lo-moa, s. 83, i forma strenna s. 170: når døm strenna ette ”tjodveiga”; strende; fara, farte; flakke).

-stromen, hankj. bunden form (kår denna folkestromen kom frå, s. 13; straum; mengd, folkemengd).

studenter, hankj. (’n va ein studenter som ha kome te å tri’i tå veiga, s. 202, ein og an’n dansk studentern, s. 207; student; person som har teke eksamen artium eller studerer ved universitet eller høgskule).

stugo, hokj. bunden form av ei stugu (fleire døme med forma stugo, s. 254, -stugo, s. 257; Stugo er mi, s. 316; sjøl gjekk ’n ette inn i stugo, s. 332, òg s. 339, 347, 399, 395, 400; dette skiftet mellom endingane –u og –o er velkjent i midlandsmålet (i Hemsedal, Numedal, Telemark), og Kleiven  har mange døme frå Vågå i ”I gamle Daagaa” (1908), serleg på stugo; sjå òg furo, skrio og smio her; stove, bustadhus).

stybba, v. i perfektum partisipp (den ne’ervde konsthaugen vart stybba ne’, s. 252; hogge ned åt stubben, skjera hardt nedåt, om tre; her nytta overført).

stykkjy, inkjekj. (eit serskilt stykkjy for båe bygdom, s. 147, I di stykkjy som kjem her nest ette, s. 184, Slik gjekk ho eit langt stykkjy fyry døm på stiga, s. 388; stykke; del, bete; her òg artikkel, forteljing).

ståkå, hankj. flt. (I skrifthuse er 4 store, gamle ståkå, s. 45; stake; ljosestake).

suglvare, hokj. (by’n trongde meir og meir tå suglvare, s. 140; suvlvare; feit, saftig, velsmakande mat).

svartfleskun, hokj. dativ eintal (Itte så fåe tå slekten ha haug åt svartfleskun, s. 209; svarteflaska; hug på brennevin og drykk; mest truleg må brennevinsflaska ha vore svart).

svartklevan, hankj. bunden form (saka mot ’om Per Sålbrå sette for alle ti’e den nye fauten i svartklevan, s. 309; svartkleven; kammers, kove til svarte, skitne ting; her nytta nedsetjande).

Svassøm, stadnamn (Ein gong ho Anne va borti Svassøm hos skjyldfolkje sine, s. 391; Svatsum).

svindrast, v. i fortid (folketale svindrast bort, s. 89, di gamle erveminne svindrast burt, s. 167, Di meste tå minn’om – – har di siste tu mannsaldran svindrast burt, s. 284; bli borte, tærasat opp; Ross 1895 frå Nord-Gbd. (Lesja, Vågå)).

svårå, v. i fortid (ei kjørkje som svårå te bygden, s. 33; svara; her høve, vera i samhøve med).

Sygnefjelle, stadnamn (med følgje over Sygnefjelle, s. 73; òg s. 137, dæ vart gjort ogjer’ninge på Sygnefjelle, s. 139; eineform i Gbd. før, men no oftast Sognefjellet).

sylatere, hankj. flt. (s. 92, vanlege sylatere, s. 183, sylateran, bunden form s. 180, sylateran dø som flugu, s. 181, da – – vart sylateran ofte straffa på ei stygg gjer’, s. 182; òg i dativ flt. –om, s. 187, -sylaterom, s. 189; tå sylaterom, 190, millom syllaterom, s. 280, med di syllaterom, s. 317; soldat; militærperson).

sylaterlegde, hokj. (ein norsk hêr med sylaterlegde på gar’om, s. 177, sylaterlegda, s. 361; krins av gardar som var saman om å stille ein soldat til hæren).

sylaterårom, inkjekj. dativ flt. (i sylaterårom sine vart’n onderoffesjer, s. 437; soldatår; år då ein er soldat).

syndan, hankj. bunden form (s. 81, i flt. syndågå: han møtte sume syndågå på kjørkjebakka og las opp utur bla’e, s. 374; sundag; sjuande dagen i veka).

sætra, genitiv flt. av sæter, hokj., i te-sætra (Kår vår når døm Liltjem fløtte te-sætra, s. 333; opp på setra, til sæters).

såmå, pronomen, adj. (bestefar hass, som ha såmå namne, s. 41; same; som er lik noko som er nemnt før).

såmy’, adverb (folke der dreiv såmy’ med å blåse jønn, s. 132; så mykje; i høg grad, ofte).

tenjande, v. i notids partisipp (med di rei’ ’n sin veig i tenjande renn, s. 22; i tanande renn; til tenja, v., skunde seg, springe i eit renn).

teor’s, inkjekj. genitiv eintal (I Kvikne tok ’n sålest teor’s i brurtalun, s. 80; til ords;

tok ordet, byrja å tala (på den måten)).

timbringen, hokj. dativ eintal (”Døkk ska vel tå te att med timbringen nå”, s. 391; sjeldan med –mb-; tømringa; det å tømre, byggje av tømmer).

timmermennom, hankj. dativ flt. (’n – – sto’ langt over timmermennom i bygden, s. 254; tømmermann; tømrar).

timra, v. i fortid (om ’n Verner timra andre hus hell kjørkjo, s. 254, og timbra kjørkjo,

same s., sjeldan med –mb-; tømre; byggje hus av tømmer).

timrarhandverke eller –håndverke, inkjekj. bunden form (timrarhandverke eller

–håndverke på Fron, s. 254; tømrar-; handverk som tømrar).

timrarkonsta, hokj. bunden form (timrarkonsta har helde se godt, s. 254; kunsta å tømre, vera tømrar).

tingje, inkjekj. dativ eintal (nemnda – – rømde frå tingje, og at’n – – itte skulde kåmå frå tingje, båe s. 69, på tingje om hausten, s. 105; ting; offentleg møte av domstol til rettsavgjerder).

tokkje, hankj. (Tidsbålken – – gje tokkje tå, s. 211, bøndan laut få den tokkjin, s. 69; òg tåkkjin, s. 160: Han – – gje den tåkkjin, at; tokke; kjensle, inntrykk, tanke, det ein tykkjer).

tolla, v. i fortid (ho tolla har’t tå folkje, s. 172, han (ulven) skull’ nok tolle har’t tå driften, s. 409; tolle; eigenleg leggje toll på; her taka ein stor del, sin del av folket, av drifta, i avgift eller ytingar).

tome, adj. i dativ eintal (dæ va kar som itte kom att med tome meisa, s. 312; med tome

meisen; som er utan innhald, lens).

treka, v. (både folketal og næringsliv heldt på å treka se te att, s. 177; koma seg til att; auke, vekse; jamfør Aasen 1873 trekast, bli tjukkare).

tres, inkjekj. genitiv eintal i te-tres (antel dæ va te-tres hell te -sme’s, s. 252; til trearbeid, snikring eller til smed- og smiearbeid).

Trondøm, bynamn (svenskan tok Trøndøm og Trondøms len, s. 66, fyrst i Trondøm og sea i Oslo, s. 267, Aure kall i Trondøms stift, s. 76, Trondøms lên, s. 179; Trondheim).

trongrømme, inkjekj. (døm slapp å gjera trongrømme for einan’n, s. 12; skort på plass; trengsle, klemme).

truskar, hankj. (minders dæ va ein truskar te øyk, s. 136; eigenleg person som treskjer (korn), men her stor, sterk øyk).

trævatale, inkjekj. bunden form (å hå opsyn med trævatale på gar’om i ei vid bygd, s. 105; talet på trevar, kornband; ein treve er 24 band etter Aasen 1873).

tu, talord (mest eineform, t.d. s. 21, 25, 30, 37, 351, reint sjeldan tvo, s. 308; to).

tu’ltri, talord (kua – – livde tu’ltri år bakette, s. 423; to eller tri, som er samandregne).

tykjy, v. i notid (E’ tykjy rett dæ er dæ såmå, s. 314, òg tykkja, s. 95, tykkjy, s. 219: at prost Nissen itte tykkjy dæ er viare bruk for høgre almuskule, s. 219; òg i passiv: ’n tykjyst at ti’a går be’re åv se for ’om, s. 237; tykkje, tykkjast; ha som kjensle eller meining, synast; meine, tru).

tyle, adj. (så va dæ nok ingen tyle gjest, s. 65; tydleg; venleg, blid; koseleg, triveleg).

tåpå, v. i fortid (Svenskan tåpå på sume kante, s. 179; lide tap, nederlag; bli slegen).

utu eller utur, preposisjon (staute og sterke folk som viste se utu, s. 183, ve å somfårå skur’n – – vise nok mesterhånda hass Jakop se utur, s. 47, skilde seg ut, utor; så døm slapp velskapte utur dala att, s. 69; utor; ut av, ut frå).

uviljan, hankj. bunden form (Denne uviljan tenkte magistern ’n skulde nytte se tå, s. 67; uvilje; me skulle ha venta o- i nektinga; slik som i ovilja, s. 303; mothug, ulyst, misliking).

ve, preposisjon (vanleg med akkusativ, men me finn òg eit par døme med dativ:  ve di fyrste og di andre utfløtingen, s. 125, ve desse fiskjevatnom, s. 378; ved).

veggjerånn, hokj. (men ’n Ola fekk i tynnevis med skjire veggjerånn, s. 362; veggerond; tyngste og beste kornet som fell ned mot veggen i ei rand når ein kastar kornet ved reinsing).

veilo, hokj. flt. (dæ kann nok likevæl vera rum for mange veilo i oppgåvom, s. 105, enda ho (skulelova) med våre dågås synsmåte ha mange veilo, s. 217; veilor; lyte, feil, misgrep).

venda, v. i fortid (på vegga som venda mot sør, s. 127, dæ va itte någun leik å venda i pening hell vare den budråtten, s. 131, dømet ser ut som infinitiv her, men det er vel fortid; vende er a-verb i målføret; snu, leggje ei anna side fram eller opp; i det andre dømet byte bort, selja).

venskapa, inkjekj. fl. bunden form (at ’n ennå itte ha glømt venskapa bort, s. 22; tilhøve mellom vener, kjensle av godhug for ein annan).

venta, v. i perfektum partisipp (som kunn’ vore å venta ette  opprøre hass, s. 27; halde seg i ro, bie; rekne med (som sannsynleg)).

verdågå, hankj. (å setja pening hell an’n verdågå ’ti, s. 97, (da) vil bondelive misse ein verdågå som dæ vanskeleg kann få att like for, s. 132; verddage; Aasen 1873 verddage(?), ”Forekommer i Gbr. (Lom) i Formen ”Værdaagaa” pl., som synes at være Verddagar”; verdi, verdsetjing; Ross 1895 har ordet frå Lom og Vågå, ”D’æ stoor Vældaagaa

’ti di”; tyding 2 er verdfull ting, klenodium, og tyding 3 er eigedom, gods).

vergje, hokj.  (Han tek i sitt og Guds vald og vergje ’n Bjørn Øysteinsson, s. 171; verje; formyndar; vernar).

vilja, hankj. dativ eintal (’n – – skaut ihel se med vilja, s. 192, med vilja, s. 292; vilje; evne til medviten gjerning eller åtferd; påbod, hug, lyst).

vintras, hankj. genitiv eintal i te-vintras (så langt dæ vart stødt og godt føre te-vintras, s. 427; til vinteren, når det blir vinter).

vokstom, adj. (ingor bygd ha så my’ go’ og vokstom jor’, s. 9; voksterrik, grøderik; Jenshus s. 188).

vonnmålsvev, hankj. (Ein øyværing som ha misst ein stor vonnmålsvev, s. 80; vadmålsvev; vev av vadmål; sjå vønnmål og vømmåls-).

vonoms, adverb (nytta attåt komparativ, den andre samanlikningsgraden: Fron kom se vonoms snarere s. 345; Aasen 1873 vonom von, hokj. med ”Vonoms meir” frå Gbd. òg; von om, tru på, det at noko er rimeleg).

vønnmål, inkjekj. (15 alne vønnmål, og landskjylda – – va sett i vønnmål, båe s. 100; vadmål; grovt, tjukt ullty).

vønnmålsskjyld, hokj. (3 tå Listagar’om ha heilt vønnmålsskjyld, s. 100; skyld rekna i vadmål).

vønnmålsstakke, hankj. flt. (I kva’ndagslag va my’ brukt gråe vønnmålsstakke, s. 226; stakk av vadmål, tjukt, grovt ullty).

vør’e, v. i fortid konjunktiv (Å tvi vør’e deg, Per Gjynt!, s. 322; forma er laga med omlyd av vore; brukt om tenkte tilfelle eller ynske, ville ha vore).

vørk, adj. (derimot va ’n meire vørk for framgang og forbe’ring ta gar’sstell, s. 88; vyrk; som syner omhug, omsut (for noko(n)); omsorgsfull).

vørkje, inkjekj. (men dæ finst itte vørkje te å rekkje dæ lenger, s. 27, tå dessa vørkje va dæ nøgda her i lande, s. 132; vyrke; emne, råstoff til å laga noko av; sjå òg brokvørkje).

ørk, hokj. (både i ørk og helg, s. 61; yrk; yrke, arbeid; vyrke).

ågå, hankj. (ein hovding med ein vørna og ågå, s. 25, dæ sto slik ågå tå di høglærde magistera, s. 65, Fronspresten kom dæ sålest te å stå ein någå eigje ågå tå, s. 80; age; vørdnad, respekt; Jenshus s. 192).

ågålause, adj. bunden form (med desse ågålause ri’ingen, s. 23, tå desse ovørne, ågålause herkje, s. 170; agelaus; som vantar age, styrlaus; Jenshus s. 192).

åpå, v. (når døm – – støtt laut briske se og åpå ette stila åt di konsenerte, s. 213; apa; herme (etter), etterlikne).

åtkjennaug, adj. (bjønn va så åtkjennaug der te kår somår, s. 327; grisk, grådig, om seg, etter ”Heidalsmålet” av Sigrid Heringstad, Matias Fjerdingren, Olav Nesse 1979, s. 103, åtkjeinnog, og innsendt frå Vågå til ”Norsk Ordbok” av Øystein Brattland åtkjennog i tydinga ”vera om seg” (frekk); ikkje i ordbøkene).

Takk til Tea og Ivar Myrstad for god hjelp med sume fronsord, og med korrekturlesing.

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s