Skodalsåa kulturstig: Ei elvehistorisk vandring

Arve Skurdal (1927) er ein sentral person i dette arbeidet.  Han er kjentmann og lokalhistorikar og kan fortelje mykje om verksemda ved Skodalsåa.

Arve Skurdal (f 1927) er sentral i arbeidet med kulturstigen. Han er kjentmann og lokalhistorikar og kan fortelje mykje om verksemda ved Skodalsåa.

Harpefoss Turgruppe skal rydde og merke delar av gamle råk, som delvis går langsetter elva Skodalsåa våren 2013. Får vi til ein kulturstig langs delar av denne ruta, kan dette bli ein stad for vandring og oppdaging av levande historie i eit kulturlandskap med vakker natur. Sjå  kart over kulturstigen under «Les meir».  Skodalsåas Venner med tilknyting til Fron historielag og Harpefoss turgruppe er i gang med eit kjempeprosjekt! Skodalsåa kulturstig blir ein del av stignettet til Harpefoss turgruppe. Gjennom FYSAK-tiltak i Sør-Fron kommune blir det nå merka gamle råk og stigar for at folk kan jogge, sykle eller vandre på tvers av dalen frå fjell til fjell. Harpefoss Turgruppe skal rydde og merke delar av gamle råk som delvis går langsetter elva Skodalsåa våren 2013. Ved å registrere, rydde, restaurere og tilby informasjon, vil vi blåse liv i viktige kulturminne. Vi vil vise elvehistoria på solide skilt og legge til rette for å oppdage og lære undervegs. Vi vil og gjera ein redningsaksjon på to av husa.

Primus motorar for arbeidet er Guri Skurdal Tofte, Kristen Brendhaugen og Øystein Losnegard. Tanken deira er å presentere denne elva som kuturberar ved å få fram i lyset både kulturminne, naturkunnskap og friluftsliv. I Fronsbygdin 2004 skreiv Guri Skurdal Tofte ein artikkel om Skodalsåa.

Får vi til ein kulturstig langs delar av denne ruta, kan dette bli ein stad for vandring og oppdaging av levande historie i eit kulturlandskap med vakker natur. Ved å registrere, rydde, restaurere og tilby informasjon, vil vi blåse liv i viktige kulturminne. Vi vil vise elvehistoria på solide skilt og legge til rette for å oppdage og lære undervegs. Vi vil og gjera ein redningsaksjon på to av husa.

Her skal kulturstigen gå.

Her skal Skordalsåa kulturstig gå

Her skal kulturstigen gå.

Kulturstigen:  Innhald og bruk.

Vi ser for oss kulturstigen langsetter Skodalsåa med eit tjuetals informasjonstavler med tekst og bilete,  gode skilt langsetter merka turstig. Nokre hus, murverk og kvernhustufter vil vera tilgjengelege undervegs og spanande å oppdage. Slik skal det bli ei vandring for å lære lokalhistoria  både for bygdefolk og turistar. Barn og unge, lag og foreiningar er aktive brukarar av turstigen gjennom heile året. Skulane kan bruke elva og kulturstigen som læringsarena i naturfag, norsk og gym og lage prosjektoppgåver gjennom digitale verktøy og programmet Digitaltfortalt.


Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s