Stortings-Per

Per Mellesmo - stortingsmann 1954-77

Per Mellesmo – stortingsmann 1954-77

PER OTTESEN: «Du veit eg hadde kneskjelven, så det var lenge før eg torde gå på talarstolen», smiler Per Mellesmo på spørsmål om han hugsar første gongen han tala i Stortinget. Og «Stortings-Per», som sambygdingar omtala han medan han sat på Tinget, legg til at å gå på talarstolen i Stortinget blir ein aldri van med. ”Nei, det er ikkje slik som i eit bygdahus eller eit kommunestyre. Det er meir høgtid og alvor i Stortinget. Der må ein vege orda sine betre”.

Dette sa Per Mellesmo i eit intervju med Grete Berget i samband med 60-årsdagen sin. Men Per hadde  mange innlegg, og mykje bra vart lagt fram gjennom åra.  Stortingsmann, lokalpolitikar og gartnar hørest ut til å vera ein umogleg kombinasjon. Det ville det òg ha vore for dei fleste, men Per klarte det. Han fekk ein lang karriere som politikar på riksplan og gjorde ein god jobb både for landet, Oppland og Gudbrandsdalen.

Biografi

Per Mellesmo vart født i Vågå 15. september 1919. Foreldra hans var elektrikar Ivar Mellesmo (f. 1890) og Kari Eide (f. 1900). I 1952 gifta han seg med Gunhilda Buøen (f.1914). Dei fekk barna Kersti (f. 1953) og Torbjørn (f. 1955).  Mellesmo-familien flytta til Vinstra i 1920-åra, så Per gjekk på folkeskolen der før han reiste ut for å lære meir. Det vart  naturleg for han å etablere seg på Vinstra da han i 1948 starta eige gartneri.

Per vart tidleg interessert i jord- og hagebruk. Han var glad i naturen, og denne interessa går att i det sterke engasjementet for naturvern. Det vart naturleg for han å velja gartnaryrket. Alt som 17-åring starta han i gartnarlære hos Albert Lunds planteskole på Biri.

I perioden 1938 til 1940 gjekk han på Opplands Småbruk- og Hagebruksskole på Lena.

Han vanst å ta eksamen eit par dagar før krigen braut ut! Under krigen praktiserte han på fleire av dei største planteskolane i landet, mellom anna på Sandveds planteskole på Jæren og hos I. Olsens enke A/S planteskoleavdeling på Dilling ved Moss. Medan han var tilsett på Dilling, gjekk han også på handelsskule om kveldane og fekk ein god eksamen.

Da krigen var slutt, reiste han våren 1946 til Danmark for å lære meir. Han fekk plass på ein av dei største planteskulane. Skulen hadde eit samla dyrka areal på 1100 mål! Her var han eit par år før han reiste attende til Vinstra og starta sitt eige gartneri. Han dreiv gartneriverksemda  frå 1959 kombinert med blomsterforretning (Blomsterbua) fram til utgangen av 1986.

I desse åra var det Gunhilda som tok det meste av det daglege arbeidet, men Per var heime i alle helger og fristunder og tok eit tak attåt andre verv i lokalsamfunnet. Gunhilda og Per fortel i eit intervju i desember 1977, da Per har avslutta stortingskarrieren sin, at dei aldri hadde hatt ferie sidan dei gifta seg i 1952.

 

Politisk arbeid

Alt som 15-åring vart Per medlem i AUF, og det vart også han som leia Vinstra Arbeiderungdomslag inn i ei fredelegare etterkrigstid. Han var leiar i 1945-46, og fekk opp att eit aktivt AUF-lag med 100 medlemmer og eige arbeidaridrettslag (AIF) før han reiste til Danmark.

Da han kom attende til Vinstra, vart han fort med i politisk arbeid – denne gongen som kasserar i Gudbrandsdal Arbeiderparti (1949-52) og som formann (1953-58). Han var også formann i Gudbrandsdal distriktslag av AUF (1950-51). Frå denne perioden  minnest han med glede dei såkalla «Tram-gjengane». Dette var grupper på 10-15 ungdomar som reiste rundt i Gudbrandsdalen og hadde oppvisningar. Med flagg, faner og talekor bar dei fram den politiske bodskapen sin med sketsjar, skodespel og vers. Seinare vart denne tradisjonen avløyst av dei såkalla «Røde Buss»-turneane. Kulturinnslag og sang har alltid vore viktige for Arbeiderpartiet. I Vinstra Arbeiderlag var han formann i 1958-62 og 1973-78, og kom seinare attende i styret med forskjellige oppgåver.  Kommunepartiet kravde også sitt, og Per tok utfordringa og var formann i Nord-Fron AP 1962-65 og 1978-83. Han vart styremedlem att i 1988 og kasserar frå 1989. I den tida det var eitt  Fron Arbeiderparti (1966-77) var han formann i 1966 og i 1968-72. Han var kommunestyremedlem i 1951-63 og 1980-87. I 1951-55 var han òg medlem i formannskapet i kommunen.

Å nemne alle verv han var innom, vil krevja ei halv side, så vi får nøye oss med å fortelja at han rakk å vera medlem både i likningsutvalet, likningsnemnda og overlikningsnemnda. Han satt i skulestyret, i plan- og tiltaksnemnda, og var styreformann i Nord-Fron kommunale elektrisitetsverk. Han hadde toppverv i både Fron elektrisitetsverk, i representantskapen i Ringebu el.verk og Midt-Gudbrandsdal el.verk. Vidare var han formann i bygningsrådet, medlem av Rådet for Statens landbruksbank og medlem av forstandarskapet i Nord-Fron Sparebank og styremedlem i Opplandsbanken/DNC avd. Vinstra.

 

Stortingsrepresentanten

Som 1. vararepresentant for Oppland AP var han på Stortinget kvart år med unntak av 1962 i stuttare eller lengre periodar frå 1954 til 1964. Da Kalrasten døde i mai 1964, vart han fast representant, og likeeiens i dei neste tre periodane (1965-1977). Om vi ser bort frå to fråvær på 20 og 30 dagar, som sikkert skuldast lengre fråvær i embets medfør , m.a. til FN i New York, hadde han vararepresentant berre fem dagar.

På Stortinget var han oftast medlem av Odelstinget. Han var også i fleire periodar  medlem av valkomitéen, men var også i Lagtinget som vararepresentant for Oskar Skogly. Han var medlem av Militærkomiteen, Protokollkomiteen, Landbrukskomiteen, Kirke- og Undervisningskomiteen, Utenriks- og konstitusjonskomiteen, Kommunalkomiteen, Samferdselskomiteen, Administrasjonskomiteen, Industrikomiteen og Kommunal- og miljøvernkomiteen.

Da Per møtte på Stortinget fyrste gongen (som vara for Lars Moen i 1954), var han så langt den yngste representanten frå Oppland. Han var ungdomskandidaten til partiet og  engasjert i ungdomsproblem. Som talsmann for ungdomen argumenterte han for at alle skulle ha lik rett til utdanning «i den retning de vil og deres evner går».  Særleg peika han på mangelen på tilbod i teknisk utdanning, og meinte at det var stort behov for ein mellomteknisk skule på det indre Austland. Som eit plaster på såret, dvs. det manglande skuletilbodet i vårt distrikt, gler han seg over at staten gir kompensasjon for ekstra utgifter gjennom stipend etter prinsippet om at dei som har lengst veg til lærestaden skal ha det høgste stipendet. Han rosar også kommunar som gir støtte til ungdom som reiser ut på utdanning, og fortel (i 1957) at Nord-Fron kommune gir heile 5000 kroner årleg til slike stipend. Per ivrar elles for at det skulle bli mogleg å ta lærarutdanning i Gudbrandsdalen – gjerne lagt til landsgymnaset på Vinstra – eit skoletilbod han ikkje fekk fullrost. Han seier i eit intervju i 1957 at « vi har hatt stor nytte av landsgymnaset, i det en stadig større del av ungdommen herfra nå skaffer seg videre utdanning ved høyskolene og Universitetet».

Han såg også tidleg at ein måtte stå på for å etablere nye arbeidsplassar i distrikta for å gi ungdommen den tryggleiken og økonomiske plattforma som trogst for å halde dei her. Han ivra sterkt for å etablere eit allsidig næringsliv, og gledde seg over at nye bedrifter ville etablere seg i Gudbrandsdalen. Han var også opptatt av at landbruket måtte få rammer og vekstvilkår som gav eit utkomme ein kunne leva av. I ein samanheng seier han rett ut at det er eit sentralt ansvar å sørgje for at små bruk får lettare tilgang på tilleggsjord, seterrettar og gode fjellbeite. Han går vidare og utfordrar dei store landeigarane til å medverke til at dei mindre bruka får slik hjelp.

 

Naturvernet

I eit intervju Grete Berget gjorde med Per i samband med 60-årsdagen, fortel han om  engasjement sitt. Berget skriv i Dagningen 15/9-79:

-Har du hatt noko hjertesak dei 18 åra du sat på Stortinget?

-Det må vera naturvern. Det er i alle fall der eg har hatt dei fleste innlegga mine når eg ser bort frå pliktinnlegga. Første innlegget mitt gikk forresten på naturvern der eg peika på at dei regulerte for hardt og ga for dårlege erstatningar ved utbygginga av Vinstra-vassdraga. Og det står eg på den dag i dag. Men eg fekk ikkje gehør hos saksordføraren.- det vart ei samrøystes innstilling om reguleringa.

-Med desse innlegga om å vise måtehald ved utbygging og regulering, var du forut for di tid?

-Eg kan vel heller seie at det var Skåbuingane som var forut for si tid. Dei stod bak og bakka opp. Eg var ei røyst direkte frå folket i det høvet.

-Kva gjorde deg oppteken av naturvern for så vidt tidleg?

-Eg var gartnar av yrke og hadde med planter å gjere. For meg var naturen liv. Og sjølsagt var det Skåbuingane og deira motstand som gjorde meg merksam på desse forholda.

Men Per er noko beskjeden når han seier dette. Han gløymer i farten at han har vore sterkt engasjert i viktige saker for distrikts-Norge. Han var tidleg ute og etterlyste fleire  utdanningsmoglegheiter i innlandet, og tankane hans om eit mangfaldig næringsliv gjeld enda. Han var også opptatt av pendlarane. Han vona at utbygging av bygdesentra og aktiv bygdeutvikling kunne hjelpe dei mange pendlarane til å få seg eit arbeid på heimstaden. Han aksepterte sjølvsagt at noko pendling vart det i alle fall, og arbeidde hardt for raskare kommunikasjon gjennom betre vegar og togtilbod . Ein tittel frå Dagningen i januar 1975 er typisk for Per. Han seier her ”lokalbefolkningen (står) med lua i hånden når toget suser forbi” Og visst gjorde det det. Da Per tok til som stortingsprepresentant og fram til ut i 60-åra, stoppa ikkje nattoget på Vinstra. Skulle ein bruke dette toget, måtte ein reise til Otta med kveldstoget og vente på nattoget. Per var heime kvar helg, og fekk merke dette på kroppen. Dagtoga var stort sett ”somletog” som brukte opp til 7 timar til og frå Oslo. Vegane var dårlege. Å kjøre bil var ikkje stort betre. Per kravde at pendlarane skulle ha kompensasjon for desse forholda. I eit intervju frå november 1976 i Dagningen seier han at

Pendlerne har etter min mening krav på at samfunnet tar større hensyn til deres livssituasjon gjennom bedre bomiljø  på arbeidsplassene, bedre og rimeligere kollektivtransport og et akseptabelt skattefradrag for reiseutgifter og kostholdsfradag samt et rimelig ulempefradrag.

I same innlegget seier han seg glad for at det blir ei sterk utbygging av arbeidstilsynet  i samband med den nye arbeidsmiljølova. Han slår fast at sjølv om det i første omgang kan sjå ut som om det blir eit kostbart tilsyn, er han sikker på at det blir ei lønsam investering i form av færre miljøskadar og arbeidsuhell. Betre bumiljø kom også som ei naturleg følgje av denne lova. Tilhøva for pendlarane vart mykje betre etter kvart, sjølv om kompensasjon for utgifter og ulemper nok fortsatt er eit uløyst problem.

Per var saksordførar da Kommunal- og Miljøvernkomiteen la fram innstillinga om eit tilskot på inntil 60 millionar for åra 1973-77 til kommunale avsløpsanlegg ved Mjøsa. Han seier i eit intervju den gongen at etter dei opplysningane dei har, kan det bli aktuelt å gå inn med finansieringsløysingar for å få stoppa forureininga av Lågen og Mjøsa frå Mjøsbyane og tettstadene i Gudbrandsdalen. Dette endte opp i den såkalla ”Mjøsaksjonen” som berga både Lågen og Mjøsa som rekreasjons- og drikkevasskjelde.

Per seier likevel i eit intervju at det største og viktigaste vedtaket han har vore med på , er oljeutbygginga i Nordsjøen. Han sat i Industrikomiteen da oljeleitinga i Nordsjøen tok til for fullt, og såg klart kva dette kom til å seie for landet.

 

Turistnæring og EF/EU

Per såg tidleg kor viktig turistnæringa var og ville bli for Gudbrandsdalen. Han såg potensialet i moglegheitene for meir hyttebygging, hytteutleige og auka kapasitet på turisthotella, og brukte dette som argument for å betre veg- og togtilbodet. Han hevda òg at det var svært viktig å få ein flyplass sentralt plassert i fylket, og at ein så snart som mogleg måtte få gjort Strynefjellsvegen til heilårsveg.

I samband med turismen ivra han sterkt for at fastbuande og turistar måtte få fiske fritt i dei større vassdraga. Slik hadde det vore til alle tider, sa han, og meinte det måtte vera nok å ha  betalt fisketrygdavgift for å fiske. I mindre vassdrag og fjellvatn hadde han likevel forståing for at det måtte vera høve til å selja fiskekort, sidan grunneigarane hadde utgifter med å halde fiskebestanden og forholda i hevd.

EF-saka var like heit i 1972 som i 1994. Per var ihuga tilhengjar av EF-medlemskap, og det var lenge stor spenning om han ville miste stortingsplassen på grunn av dette. Avisene skreiv med store overskrifter i samband med nominasjonen i 1973 at partiet hadde planar om å bytte ut Per med Aslaug Vorkinnslien frå Dovre ”som etter sterke betenkeligheter” hadde hamna på Nei-sida.  Nominasjonskomiteen hadde fire stemmer på Per og fem på Aslaug, men Per vart til slutt nominert som 4. representant for Oppland AP, og vart vald inn for ein ny periode. Per seier i 60-årsintervjuet at han var overtydd om at Europa måtte arbeide saman.

I etterkant innrømmer han at utviklinga har vist at det går forholdsvis bra utanfor EF også. Kva han seinare meinte om denne saka, veit eg ikkje.

Per og Gunhilda fotografert i samband med at Per avslutta karrieren på Stortinget. Dei ser fram til ei rolegare tid. Kanskje til og med litt ferie?

Per og Gunhilda fotografert i samband med at Per avslutta karrieren på Stortinget. Dei ser fram til ei rolegare tid. Kanskje til og med litt ferie?

Per Mellesmo var ein viktig og mykje nytta støttespelar i lokalsamfunnet gjennom alle tillitsverva sine. Han var ein arbeidsmaur som aldri sa nei. Han var ryddig og til å stole på i alt han dreiv med. Derfor vart han òg djupt sakna av mange da han gjekk bort.

Kjelder:

Torbjørn Mellesmo – Dagningen – Lillehammer Tilskuer – Stortinget/biografier – eigne notat.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s