Daily Archives: 10. mai 2013

Dølen: Ei digital historievandring

Ole Christian Risdal, ansvarleg for den nye historiebloggen. Foto: Bjørn Sletten, Dølen.

«Denne sida er både tradisjonell og moderne på same tid. Eg vil kalle det ei digital historievandring gjennom fronsbygdene», seier Ole Christian Risdal til Dølen om den nye bloggen til Fron historielag. Tanken er å få til ein konstruktiv dialog om lokalhistorie, der det blir deling av kunnskap og diskusjon, i staden for at ein sit på kvar si tuve.

Den gamle sida vår var nokså amatørmessig, men vi i laget har ikkje hatt den nødvendige digitale kompetansen til å få gjort noko med det. Heldigvis kom vi i kontakt med Carl Henrik Grøndahl, som forbarma seg over oss og laga ei heilt ny nettside, ein historisk blogg,

seier Ole Christian Risdal, som lovar å vera på hugget og tilby nye gamle nyheiter heile tida. «Ei side som ikkje er oppdatert, blir fort utdatert. Det skal ikkje vi bli.»

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Stortings-Per

Per Mellesmo - stortingsmann 1954-77

Per Mellesmo – stortingsmann 1954-77

PER OTTESEN: «Du veit eg hadde kneskjelven, så det var lenge før eg torde gå på talarstolen», smiler Per Mellesmo på spørsmål om han hugsar første gongen han tala i Stortinget. Og «Stortings-Per», som sambygdingar omtala han medan han sat på Tinget, legg til at å gå på talarstolen i Stortinget blir ein aldri van med. ”Nei, det er ikkje slik som i eit bygdahus eller eit kommunestyre. Det er meir høgtid og alvor i Stortinget. Der må ein vege orda sine betre”. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn