Monthly Archives: mai 2013

Kva for språk vil du ha?

Heimesida på russisk

Heimesida på russisk

Google kan  omsetje denne historiebloggen til alle språk du kan tenkje deg. Blir mykje rart – Google er ikkje heilt stø i nynorsk – men forståeleg. Klikk på orda opp til høgre: Translate this page,  så får du heile bloggen på interessant engelsk. Fransk. Svensk. Kinesisk. Spansk. Russisk. Latin. Arabisk.

2 kommentarar

Filed under Informasjon

Del historia

Er det artiklar du likar her på historiebloggen? Legg gjerne ei lenkje inn på facebook-sida di. I denne stua er det plass til mange lesarar.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Frøningar i 20 land i tre verdsdelar

frøningari20land

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Listad-historia opp i dagen

485457_10151646476019059_1662665217_n

Dei vart ein gong gravlagde ved Listad-kyrkja. (Foto: Tore Tagestad / Dølen)

Ein flom tar ikkje omsyn til at noko er freda. Ein gammal gravplass etter Listad-kyrkja i bruk fram til 1792 vart vaska ut. Hodeskallar og beinrestar låg nedover på jordet og langs vegen ned mot E6. NRK har saka: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Historisk Peer

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur, Musikk

Tid for bilde!

Garnrating i Vendalen

Garnrasting i Vendalen

Denne bloggen er eit framifrå og lett tilgjengeleg arkiv for historiske bilde. Lett å leggje inn og lett å sjå og hente ut. Blogg-redaksjonen driv på med å få avtalar med dei som har gode, digitale bildearkiv frå Fron. Det kjem mange bilde etterkvart, men mange av kategoriane under er framleis tomme.

Portrett  Frå Baukhol  Frå Espedalen  Frå Fefor  Frå Frya  Frå Gålå  Frå Harpefoss  Frå Hundorp  Frå Kvam  Frå Kvikne  Frå Nerbygda  Frå Nørdre Lia  Frå Ruste  Frå Ryssland  Frå Skurdal  Frå Skåbu  Frå Sorperoa  Frå Sødorp  Frå Søre Lia  Frå Tverrbygda  Frå Vinstra  Frå Øverbygda. Dette er dei førebels kategoriane med bilde som du finn under BILDE i menyen over. Har du bilde som bør ha plass her? Eller videoar du har lagt ut på på youtube? Ta kontakt med olerisdal at hotmail.com eller carl.grondahl at gmail.com. Ver med på å gjere historiebloggen til ei skattkiste!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Skodalsåa kulturstig: Ei elvehistorisk vandring

Arve Skurdal (1927) er ein sentral person i dette arbeidet.  Han er kjentmann og lokalhistorikar og kan fortelje mykje om verksemda ved Skodalsåa.

Arve Skurdal (f 1927) er sentral i arbeidet med kulturstigen. Han er kjentmann og lokalhistorikar og kan fortelje mykje om verksemda ved Skodalsåa.

Harpefoss Turgruppe skal rydde og merke delar av gamle råk, som delvis går langsetter elva Skodalsåa våren 2013. Får vi til ein kulturstig langs delar av denne ruta, kan dette bli ein stad for vandring og oppdaging av levande historie i eit kulturlandskap med vakker natur. Sjå  kart over kulturstigen under «Les meir».  Skodalsåas Venner med tilknyting til Fron historielag og Harpefoss turgruppe er i gang med eit kjempeprosjekt! Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Verksemder

Ragnvald Frøysadal

Bilde

Kva for ein kar var han som teikna logoen til historielaget du kan sjå oppe til venstre? Bygdekunstnaren Ragnvald Frøysadal. Han påverka mellom anna mange norsk-amerikanske rosemålarar:

I have studied with many Rosemaling teachers and have been influenced by all in some way. I have studied many styles, and paint and teach several of these. It is difficult to name who was most influential for me. Ragnvald Frøysadal taught me most of what I know about design and its similarity to nature. (Eldrid Skjold Arntzen, 2008)

Det kjem ein godt illustrert artikkel om han i Fronsbygdin 2013. Gled deg! Redaksjonen

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Dølen: Ei digital historievandring

Ole Christian Risdal, ansvarleg for den nye historiebloggen. Foto: Bjørn Sletten, Dølen.

«Denne sida er både tradisjonell og moderne på same tid. Eg vil kalle det ei digital historievandring gjennom fronsbygdene», seier Ole Christian Risdal til Dølen om den nye bloggen til Fron historielag. Tanken er å få til ein konstruktiv dialog om lokalhistorie, der det blir deling av kunnskap og diskusjon, i staden for at ein sit på kvar si tuve.

Den gamle sida vår var nokså amatørmessig, men vi i laget har ikkje hatt den nødvendige digitale kompetansen til å få gjort noko med det. Heldigvis kom vi i kontakt med Carl Henrik Grøndahl, som forbarma seg over oss og laga ei heilt ny nettside, ein historisk blogg,

seier Ole Christian Risdal, som lovar å vera på hugget og tilby nye gamle nyheiter heile tida. «Ei side som ikkje er oppdatert, blir fort utdatert. Det skal ikkje vi bli.»

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Stortings-Per

Per Mellesmo - stortingsmann 1954-77

Per Mellesmo – stortingsmann 1954-77

PER OTTESEN: «Du veit eg hadde kneskjelven, så det var lenge før eg torde gå på talarstolen», smiler Per Mellesmo på spørsmål om han hugsar første gongen han tala i Stortinget. Og «Stortings-Per», som sambygdingar omtala han medan han sat på Tinget, legg til at å gå på talarstolen i Stortinget blir ein aldri van med. ”Nei, det er ikkje slik som i eit bygdahus eller eit kommunestyre. Det er meir høgtid og alvor i Stortinget. Der må ein vege orda sine betre”. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn