Daily Archives: 26. april 2013

Klart for høg fart?

Jernbane_bygging_Nord-FronDet skulle dei ha visst, desse karane i arbeidslaget til Hans H. Kirketeigen i Kvam  i juni 1896: – I fleire tiår i andre halvdel av 1900-talet sto utviklinga av jernbanen nesten stille. Bygging av nye banar stoppa opp, og jernbanenettet blei stemoderleg behandla av alle stortingspartia. Framkome- og klimautfordringane er grunnen til at regjeringa no sørgjer for at jernbanen får ein renessanse, seier samferdselsminister Marit Arnstad.  Godt å vite. Dei spadde ikkje fånyttes, trass i alt. Bildet er tatt ved Vik, og Per Ottesen trur at det vesle huset i bakgrunnen står der enda.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon