På fiske i Alaska

foto: Esben Haakenstad

foto: Esben Haakenstad

ODD KJORSTAD: Mange frøningar har for stuttare eller lengre tid arbeidd langt frå heimbygda. Mest kjent er kvalfangst i sør, men denne vesle artikkelen fortel om fiske etter laks i Alaska nokre år etter krigen.  Dei fleste av oss, både jenter og gutar, har nok medfødde gen frå tida vi levde av jakt og fangst. Men ein må bli biten av basillen helst i ung alder. Vi som har vorte biten, ser helst litt annleis på naturen omkring oss. Ser vi eit dyr eller ein fugl, så ser vi automatisk på skotmoglegheit. Er vi ved ei elv, vil vi like automatisk og av erfaring døme om moglege fiskeplassar. Eg vart tidleg ivrig på jakt og fiske, da far min var dyktig jegar og fiskar. Eg hugsar at eg stunda på hausten til rypejakta byrja, men om sommaren hadde eg Laugen og fjellturar med far til elver og vatn.

 Fiske i Alaska

Tremenningen min, Erling Bakke og eg, var i USA etter krigen, og vi var kanskje litt  eventyrlystne. Eg var litt seint ute til fiskesesongen etter laks, og hadde vanskar med å få flybillett til Petersburg i Alaska. Eg kunne få båtplass, men det tok mange dagar, så eg spurde taxisjåføren om det ikkje var andre som flaug på Alaska.

Han gjorde usving i gata og stoppa ved eit lite kontor, der det berre var mørkhuda. Eg hadde for tung bagasje, men sa at bagasjen var ikkje så mye verdt. Han blunka og gjekk føre til toilettet. ”Kva om vi gir companiet 5 dollar, og skriv ”riktig vekt”? Så det ordna seg. På flyplassen stod det lange rekkjer med avdanka militærfly, utan  seter og null isolasjon. På flyplassen var det mogleg å teikne automatisk forsikring. Men det stod: ”Gjeld ikkje for  Alaska”.

Det vesle flyet vart lasta opp med ein veldig haug med bagasje og brukte kvar einaste meter av flyplassen før det kunne lette. Eg fann meg eit ullteppe og la meg bak i flyet. Etter fleire timar gjekk flyet ned på ei lita øy der vi måtte skifte fly. Men skodda la seg tjukk, og når ville ho lette så fly kunne koma vidare? Vel, det ordna seg etter ein del timar.  Som sagt, vi vart seint ute da vi kom til Pettersburg, og fiskebåtane hadde fullt mannskap,- utanom ein. Ein tyskar ved namn Barnreiter hadde brukt vinteren til å byggje på den vesle båten sin så han skulle kunne fiske med snurpnot. Vi fekk hyre og starta ut, men hadde ikkje kome svært langt før vi oppdaga at veslebåten hekk etter med kjølen i veret. Det vart heilomvending og tilbake til Petersburg. Båten med innebygd motor måtte lensast for saltvatn. Dette tok dagar. Bernreiter var tyskar som sagt og kunne brøle, og Erling og eg var nykomararar og ukyndige og tok imot. Eg vart tvinga til å vera kokk i verdas minste kjøkken – ein liten trekant under styrebrua. Når t.d egga var steikt og han ikkje kom når eg ropte, kunne egga bli brune på undersida. Han sa ingenting, men slengte dei i vasken.

 

Mye strev

Vi kom til ei bukt med innsegling, og der var mengder med laks, ”humpbacks”.  Skipparen stoppa opp og nølte. Vi låg der medan tre båtar etter tur gjekk inn og fylte opp. Da fyrst skulle vi freiste, men mesteparten av fisken var jo teken da. Han hade ikkje djupmålar, og var redd for at nota skulle hekte fast i botnen, og det var nettopp det som hende litt seinare. Vi træla i 12-13 timar for å løyse ho opp att. Det var tydelege tre ukyndige om bord, for ikkje å seia fire. Barnreiter hadde med seg sonen på sju år. Ein kveld vi hadde lagt oss, tok eg bladet frå munnen og sa at eg tok ikkje kjeft frå han meir, og rådde han til å ta seg jobb på ein båt og mannskap så han kunne lære jobben sin. Han var ikkje uenig, og sa ikkje noko meir. Vi fekk ikkje koma i land på tre veker. Han var vel redd vi skulle stikke. Men ein dag ville Erling og sonen til Bernreiter i land på ei øy. Og Erling fekk beskjed om å vera attende på eit bestemt  klokkeslett. Erling tok ikkje det så nøye, og vart vel lang i maska da båten stod fleire hundre meter innpå land. Det var 10 og 12 meter skilnad på flo og fjøre, og det hadde ikkje Erling rekna med. Vi måtte vente fleire timar på flo sjø. Så langt Barnreiter. Vi tente litt pengar au. Prisen på laks var 50 cent – kr 2.50 pr stk, så det skulle mange til før det vart pengar av det

Men på ein annan båt eg vart med seinare tok vi kr 5000,- på eitt kast, og da blir det da noko, sjølv om båten og drivstoffet og maten tek halvparten, og skipparen deler med mannskapet. Sjøen var delt opp i distrikt med tre vekers fiske. I mellomtida arbeidde vi som snikkarar på eit skulebygg i myr og skitt, og regna gjorde det som om himmelen var open mest kvar einaste dag. I Petersburg var ein sør-frøning stor mann, Ed. Loeken (Edvard Stebergsløkken). Han var rådmann i byen og styraren av banken. Petersburg med sine 1800 innbyggjarar skulle vera rikaste byen, men gata var bygd av plank og dei hadde til saman 14.5 km veg å kjøre bil på.

Eg vart der i to somrar og kom på dei beste båtar. Eit fag eg lærte til gangs: å agne flyteline etter kveite og svarttorsk. To brør frå Vestlandet opprinneleg hadde båten ”Bravo”. Dei lærte meg sakte handgrepa og farten kom etter kvart. Ved eit høve da skipparen vart sjuk, agna eg for to og klarte det. Det er så mye eg kunne fortelja frå Alaska, som ikkje var amerikansk stat den gongen. Men det må bli ein annan gong.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s